Libanesisk vitjing til veterankonferansen

Ein libanesar som voks opp mellom norske soldatar i Libanon, kjem til årets veterankonferanse.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I år vert Veterankonferansen arrangert 19. og 20. september av Cyberforsvaret på Lillehammer. Forsvarsminister Frank Bakke Jensen opnar konferansen.

Funne forma si. Eit innlegg som syner breidda i programmet, er av Louis Assi, som voks opp i Libanon blant dei norske soldatane.

Eg trur det blir svært interessant å høyre korleis han opplevde det at norske soldatar kom til landsbyen hans i Libanon og blei der i 20 år

– Han kallar seg sjølv for norsk-libanesar. Eg trur det blir svært interessant å høyre korleis han opplevde det at norske soldatar kom til landsbyen hans i Libanon og blei der i 20 år, seier stabssjef i Forsvarets veteranteneste, Ola Bøe-Hansen.

Han tykkjer Veterankonferansen byrjar å setje seg etter snart seks år.

– Han er ein viktig arena for nettverksbygging mellom departement, etatar, organisasjonar og andre aktørar på veteranområdet. Med dei justeringane vi har gjort, har konferansen funne si form som ei årleg samling for dei som jobbar med anerkjenning og ivaretaking av veteranar og veteranfamiliar.

Hansen legg til at ein har gått frå å ha eitt spesifikt tema for konferansen til å ha fleire fagområde som gir eit breiare utbytte for deltakarane.

Føredragshaldarar. Under dei to dagane på Lillehammer er fleire kjende føredragshaldarar venta.

Vi har fått til eit godt og innhaldsrikt program til årets konferanse

– Vi har fått til eit godt og innhaldsrikt program til årets konferanse. Spesielt av året er det at USAs ambassadør til Noreg, Kenneth J. Braithwaite, kjem for å gi oss innblikk i amerikanske perspektiv på ivaretaking av veteranar. I same sesjon kjem general Sverre Diesen, som da han var forsvarssjef vedtok å etablere ei eiga veteranavdeling i Forsvaret, for å gi oss eit innlegg om utgangspunktet for veteransatsinga.

Som vanleg kjem fleire veteraner til å stå på scenen og dele sine veteranhistorier.

– Dette unike innblikket i kva veteranane faktisk har vore med på ute, veit vi at er spesielt interessant for dei sivile aktørane i salen, seier Bøe-Hansen.

Powered by Labrador CMS