Meninger

UNGE VENSTRE: Jens Håkon Birkeland er landsstyremedlem i Unge Venstre.

Ukraina-krigen har vist oss for alvor kva for ein enorm tryggleikspolitisk risiko det utgjer å gjera seg avhengig av eit diktatur

Det trengs særskilde tiltak for å verna om vår økonomiske, so vel som vår tryggleikspolitiske tryggleik. Normaliseringavtalen – frihandelsavtalen med Kina, må skrotast.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

For litt over hundre år sidan samla 13 personar seg i Shanghai for å skipa eit nytt parti. Ein av desse var Mao Zedong. Dette var starten for Kina sitt kommunistiske parti – eit parti som i dag har 90 millionar medlemer. Eit parti som gjennom den sokalla «einingsfronten» operera, infiltrerer og driv med målmedviten innverknadsarbeid i heile verda med eit mål om å kunna oppfylla det kinesiske regimet sine stormaktsdraumar.

1. juli feira det Kinesiske kommunistpartiet sin hundreårsdag under parola «følg partiet for alltid» med påkosta kampanjer og for å væra på den sikre sida, oppmodingar anngjeveri blant anna gjennom ein tipstelefon. Det trengs – det er næmleg ikkje alle som er heilt nøgde med undertrykkingsdiktaturet i Kina. Men der redsel rår er det tungt for kritiske røyster å gjera seg høyrde.

«Tryggleikslov»

Under kommunistpartiet si hundreårige historie har befolkninga i Kina levd gjennom perioder av isolasjon, fattigdom og svolt, men ogso gjennom tider med økonomisk vekst og ein auka velstand hjå middelklassen.

Under diktatoren Xi Jinping har undertrykkinga auka, og fridomen ytterlegare innskrenka for endå fleire. Dessutan har Kina si makthevding svulma opp til å strekka seg langt ut over Kina sine grenser.

I 2013 vart Belt and Road Initiative – eller «Silkevegsinitiativet» lansert. Initiativet går ut på å etablering og bygging av både fysisk og digital infrastruktur over nesten heile verda. Ved å føra ein særs aggressiv økonomisk ekspansiv politikk har det kinesiske regimet systematisk avansert sin posisjon omkring i verda.

Blant anna gjennom bistand, gitt i form av lån har landet satt store delar av Afrika i avhengigheitsposisjon som er nærmast umogleg å koma seg ut av. Men dei massive strategiske investeringane handlar ikkje berre om handel og økonomisk vekst.

Xi Jinping har gitt uttrykk for storstilte visjonar for Kina og deira sentrale posisjon for menneskeheita. Stormaktsambisjonane gjelder på alle områder; økonomisk, militært og kulturelt.

UNDERTRYKKING: Under diktatoren Xi Jinping har undertrykkinga auka, og fridomen ytterlegare innskrenka for endå fleire, skriver innlegsforfatteren.

For to års tid sidan frårøva Kina Hongkong-borgarane den fridomen dei har kunna nyta takka væra «eit land to system»-avtalen som oppstod under overleveringa av den dåverande britiske kolonien til Kina.

Dette skjedde gjennom ein ny nasjonal «tryggleikslov» som utgjer et åtak på heile den frie verda. Den som vågar å kritisera lova, eller ytrar seg om eit sjølvstendig Hongkong, kvar som helst i verda, kan bli arrestert og dømmast til opptil livstid i fengsel dersom ein besøker det kinesiske fastlandet – sjølv om ein ikkje gjer anna enn å berre byta fly der.

Hundrevis av Hongkong-borgarar har blitt arrestert og fengsla som ein konsekvens av den nye lova. Bankkontoane til både kritikarar og deira pårørande har blitt sperra, og for nokre månadar sidan stengte kommunistpartiet ned Apple Daily,

Hongkong største og mest fritalande avis. Stenginga skjedde i prinsippet over natta og er ikkje berre eit dødsstøyt for ytrings- og pressefridomen, men det viser oss ogso at økonomisk pålitelegheit ikkje kan eksistera utan demokratisk og moralsk stabilitet.

«Fatale konsekvensar»

Sidan Kina - grunna sitt store folketal har utgjort ein tilvekstmotor i den globale økonomien, er det ikkje overraskande at snart alle selskapa i verda har oppretta forbindelsar til eit land der ein femtedel av menneska bur.

Ein ekstremt stor del av både råvareindustrien og produksjonen av dei produkta som me forbrukar er i Kina, og store delar av verda er blitt avhengige av kinesiske investeringar, teknologi og infrastruktur.

Dette har ført til ein situasjon der den økonomsike interessa har kunna overskygga den moralske plikta til å protestera mot det kinesiske regimet sine systematiske overgrep.

Det å gjera seg avhengig av eit brutalt kommunistdiktatur som Kina, utgjer ein enorm tryggleikspolitisk risiko, og kan avgrensa Noreg sitt nasjonale handlingsrom.

Jens Håkon Birkeland

Er det ein ting me må ha lært av Russland sin invasjon av Ukraina so er det kva fatale konsekvensar det kan ha å gjera seg avhengig av eit illiberalt diktatur med stormaktsambisjonar.

For ikkje berre har Europa si avhengigheit av russisk gass medført ei seinare mobilisering av militær bistand i forkant av invasjonen enn det som var ynskjeleg. Men gjennom denne avhengigheita har ogso fleire land frårøva seg sjølv høve til å nytta ein av dei mest effektive økonomiske sanksjonane mot Russland; sanksjonar mot olje og gass.

Me må ta lærdom av konsekvensane av Russland sin invasjon av Ukraina. Det å gjera seg avhengig av eit brutalt kommunistdiktatur som Kina, utgjer ein enorm tryggleikspolitisk risiko, og kan avgrensa Noreg sitt nasjonale handlingsrom.

Det å tru at det er mogleg å gjera trygge investeringar i eit land som kviler på undertrykking og som blir totalitære makter er naivt – dette har dei seinare tida hendingar nok ein gong understreka. Den demokratiske verda må gå saman og reisa seg mot det kinesiske kommunistdiktaturet si undertrykking, forfølging og pågåande folkemord.

Fyrst og fremst fordi dette er vår moralske plikt. Men ogso fordi det utgjer ein enorm økonomisk –og tryggleikspolitisk risiko å gjera seg avhengig av eit regime som på særs vagt grunnlag, over natta kan stenga og konfiskera eit selskap og eigendelane deira.

Tydlegare standpunkt

Den negative utviklinga i blant anna Hongkong har skjedd i ei slik rasande fart at det ser ut som om omverda ikkje har klart å henga med. Denne tryggleikslova har ikkje berre ført til slutten for politisk fridom i området. Den utgjer ogso ein alvorleg trussel mot økonomiske interesser.

Dersom dei moralske argumenta er nok for at verdas regjeringar, investorar, bankar og fondforvaltarar skal bli meir merksame, so burde i det minste dei kraftig aukande realitetane om økonomiske interesser gjera det.

PROTESTER: Bildet viser en reporter som ble peppersprayet under en protest i Hong Kong i 2020.

No trengs det eit initiativ for å utgreie dei langsiktige økonomiske risikoane ved at ein til dømes lar våre pensjonspengar ligga på plassar der dei med diffuse henvisningar til den so kalla tryggleikslova kan forsvinna utan forvarsel.

Risikoen for at Hongkong-baserte bankar på politisk grunnlag plutselig sperrar kontoen – ikkje berre for personar i Hongkong men og for andre rundt om i verda må vurderast.

Ikkje noko land kan åleine føra kampen mot diktaturets forfølging, menneskerettsbrot og deira aggressive ekspansjonistiske politikk, men saman er me sterke. Det er på bakgrunn av dette at det globale nettverket IPAC – Inter-Parliamentary Alliance on China vart lansert.

IPAC er samansett av politikarar frå forskjellige politiske leirar i forskjellige delar av verda, med det mål å mobilisera for ein fri, open og regelbasert internasjonal orden. Det trengs eit koordinert arbeid for å redusera landa sine tekniske og økonomiske avhengigheiter av det kinesiske regimet, og eit initiativ for verdas demokratiske statar til å ta eit tydlegare standpunkt for demokrati, for det kinesiske folket, og for fridom og menneskerettar.

Må greie ut langsiktige risikoer

Den seinare tids utvikling syner at det krevst ekstraordinere tiltak for å beskytta vår økonomiske tryggleik. Det trengs ei utgreiing for dei langsiktige finaniselle risikoane ved å oppretthalda økonomiske forbindelsar, plasseringar og investeringar på plassar der kommunistpartiet, eller andre autoritære aktørar kan sperra tilgangen vår og konfiskera midlane våre.

Ei av avtalane våre med Kina – Normaliseringsavtalen – utgjer nettopp ei slik tryggleikspolitisk risiko. For kvar handelstransaksjon me gjennomfører med Kina, bidreg me til å finansiera ein stat med eit mål om å undergrava den liberale verdsordenen som me er fullstendig avhengig av. Det er derfor på tide å kvitta seg med avtalen.

Økonomiske interesser står ikkje lenger i vegen for moralske og tryggleikspolitiske interesser når det gjelder den demokratiske verda sine relasjonar til Kina.

No er til og med økonomiske interesser trua, og det finnest ikkje lenger noko som helst slags grunn til å vera vag når det kjem til krav om grunnleggjande demokratiske prinsipp for aktørar som er underlagt hundreårsjubilanten som har fått hausta tallause mengder ofre so altfor lenge.

Les mer: Riksadvokaten beordrer tiltale mot vaktsjefen på Helge Ingstad

Powered by Labrador CMS