Portrett:

Meistring i motbakke

Da ho mista mor si, tok Amanda Bergh (28) over ansvaret for å samle familien. Ho vonar mora veit at alt ho lærte henne om å meistre livet, var rett

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Eg har vore veldig tett på.

Amanda Bergh (28) sit i sofaen på kontoret sitt på Huseby leir i Oslo. Ho snakkar om den massive opprullinga av mangelfull handsaming av varslingssaker i Forsvaret det siste året.

– Eg skulle ønskje at organisasjonen eg er glad i slapp å gå gjennom ein offentleg skittentøyvask, og eg synest det er synd at det er det som må til, seier ho.

Amanda Bergh Schjelderup

Frå: Lommedalen

Alder: 28

Aktuell: Leiar av Militært kvinneleg nettverk, og ble 1. januar tilsett som S1 Seksjonssjef HR i Hans Majestet Kongens Garde

Det er berre nokre få veker sidan Bergh gjekk inn i stillinga som seksjonssjef HR i Hans Majestet Kongens Garde, men ho har sidan i fjor sommar vore leiar i Militært kvinneleg nettverk, og vore tett på fleire av sakene.

– Noko av det eg synest har vore mest utriveleg, er at vi har sett at konsekvensane som har blitt utmålt, har vore ulike ut frå kva for personellkategori du er i. Ein ung sersjant vil møte større konsekvensar enn ein oberstløytnant som gjer det same.

– Ville du ha vore skeptisk til å sende den 19 år gamle dottera di til Forsvaret?

– Slett ikkje. Eg ville ha motivert dottera mi til å gjere teneste i Forsvaret.

– Ville aldri ha vore dei erfaringane forutan

Det var på ingen måte gitt at ho sjølv skulle hamne her. Da Bergh blei kalla inn på sesjon som 18-åring, var det inga verneplikt for kvinner i Forsvaret. Ingen i omgangskrinsen hennar hadde tatt førstegongstenesta, og ho hadde sjølv heller ingen planar om det. Så blei ho kalla inn på sesjon.

– Eg skjønte eigentleg ikkje kvifor eg blei kalla inn. Så blei eg sitjande på venterommet saman med ei som ville gå befalsskolen, men som ikkje kom inn fordi ho hadde sjømat-allergi. Ho var heilt knust, fortel Bergh.

«Dersom det tyder så mykje for nokon, er dette kanskje noko eg burde freiste?» tenkte ho. Og sånn vart det. Etter førstegongstenesta forlét ho Forsvaret og byrja å studere økonomi ved OsloMet. Framleis såg ho ikkje for seg nokon karriere i Forsvaret.

Men så møtte ho Petter.

Dei møttest på Tinder i januar 2017. Petter Lillehagen (32) var kadett på Krigsskolen og skulle ta plikttenesta si på Skjold i Indre Troms kommande haust. Ho skulle bu dei neste åra i Oslo, og det låg ikkje til rette for noko meir enn ein flørt mellom de to.

– Vi skulle eigentleg berre ha det gøy og henge litt, men så gjekk det veldig snøgt. Eg flytta inn hos han i mai det same året, ler ho.

– Det var vanskeleg å bu så langt unna kvarandre da vi var nyforelska og berre ville vere saman heile tida.

Bergh flytta derfor studia sine til Tromsø
for å kunne pendle mellom Tromsø og
Skjold.

– Det er ekte kjærleik, smiler ho.

Medan ho fullførte økonomistudia, kjente Bergh at ho sakna samhaldet som ho opplevde under førstegongstenesta. Og sånn blei det til at ho etter enda sivil utdanning drog til Skjold for å byrje å jobbe i ingeniørbataljonen der. Starten på ein karriere i Forsvaret var i gang.

Ho skildrar tilværet på Skjold som å vere i ei boble.

– Stammespråket, kulturen, alle moglegheitene og opplevingane du får. Eg kan ikkje sjå for meg at du får det nokon annan plass, seier ho.

Ho trekker fram det å møte og bli kjent med folk frå heile landet. Dersom bilen hennar ryk på Sunndalsøra, da veit ho at ho kjenner nokon der.

– Og eg kjenner nokon i Finnmark, eg kjenner nokon Trondheim. Eg kjenner nokon i heile landet. Sosialiseringa er heilt unik, og så har du ein natur som du ikkje får oppleve nokon annan plass. Ja, det er tøffe tak når det er 28 minus og du skal til SIBO-landsbyen med fjerde linje og det er mørkt og ...ja. Men samtidig så får ikkje venninnene mine oppleve noko av det same. Du byggjer ein røynslebank som er heilt unik.

Bergh trur at dersom du ikkje har tenestegjort i nord, da har du gått glipp av noko.

Milepæler

10 år:

Som tiåring gjekk jeg på alpint og handball i Lommedalen, fullstendig skjerma frå livetssut. Eg veksla mellom å ville bli handballproff, alpinstjerne og vêrdame (haha). Eg har vore skikkeleg pappajente i heile oppveksten, og pappa har alltid støtta meg og gitt meg trua på at eg kan få til kva eg vil. Eit utprega konkurranseinstinkt har han også trigga hos meg, og mistore utfordring i denne livsfasen var (er) å takle tap på handballbanen og i konkurransar elles. Ein skikkeleg dårleg tapar!

20 år:

Det året eg fylte 20 var eg i førstegongstenesta som medic på Setermoen leir. Det var eit helt uforgløymeleg år som gav meg venner for livet, meistring og danning. Dette året er eg veldig takknemleg for, og menneska eg møtte her bidrog til å utvikle den eg er i dag. Eg hadde opplevd lite motstand i livet som 20-åring, og hadde nok ei meir naiv tilnærming til livet. Samtidig var eg veldig opptatt av kva andre tenkte om meg, eit press mange unge følerpå, vil eg tru.

– Eg ville aldri ha vore dei erfaringane forutan, seier ho.

Sjølv har ho aldri under tida si i Forsvaret hatt opplevingar med å bli diskriminert eller trakassert.

– Eg har sett, høyrt om og kjenner folk som har trakassert eller har blitt trakasserte. Eg meiner det er ein ukultur, seier ho.

I fjor skreiv ho fleire tilrådingar til forsvarssjefen om kva ho meinte var riktige grep å ta for å få bukt med ukulturen. Blant anna rådde ho til at det beinveges blei sett inn tiltak for å implementere varslingshandsaming i undervisninga ved alle skolane underlagdet Forsvarets høgskole.

– Alle punkta eg tilrådde blir sette i verk, og eg synest også at forsvarsleiinga møter desse utfordringane med respekt, seier ho.

– Det kjem til å skje store systemendringar som vil gjere dette annleis for dei som varslar.

Trening i kvardagskabalen

I jobben sin nå er Bergh den nærmaste rådgjevaren til gardesjefen innanfor alt av HR-spørsmål. Ho har også forvaltningsansvar for åtte hundre vernepliktige og 140 tilsette.

– Det er eit stort ansvar. Men så er eg også kledd i uniform, og det krev at eg held ved like militære ferdigheiter. Eg er veldig opptatt av å halde meg i god form. Dersom du spør meg om å vere med å springe eit maraton i morgon, skal eg kunne seie ja til det. Det er mitt kontinuerlige treningsmål alltid å kunne seie ja. Sjølv om du jobbar i bataljon-stab, må du kunne ta på deg sekken og traske og stille opp dersom det er behov for det.

På jobben legg dei opp til at alle tilsette skal få ein halv time til å trene kvar einaste arbeidsdag. Hadde det ikkje vore for det, trur ho det kunne blitt krevjande å få plass til å trene. I fjor blei Bergh mamma for første gong, og kvardagskabalen blei med eitt sjåande annleis ut.

– Du set ikkje pris på all den tida du har før du får barn, ler ho.

Trening i arbeidstida meiner ho også er ein måte å ta vare på de den psykiske helse til dei tilsette på.

– Og du blir meir produktiv etter lunsj dersom du har ei økt i beina. Og så er det ein fin måte å drive litt teambuilding på, seier ho, og legg raskt til:

– Eg har ikkje noko tvingande forhold til trening, slett ikkje. Ein halv time held, helst kvar dag.

Ho hadde akkurat byrja å jobbe i garden som HR-befal da tretti gardistar vedgjekk å ha bruktnarkotika under førstegongstenesta. Bergh var ein av dei som var ansvarleg for å handsamesaka som enda med at dei 30 blei dimitterte.

– Det var krevjande. I handsaminga av ei sånn sak er du redd for å gjere feil. Konsekvensane har stor påverknad på avdelinga, men også for de tretti det gjaldt.

TRENAR: Bergh prøver å få inn ei god treningsøkt så ofte ho kan. Ho vil vera i såpass god form at ho kan takke ja til ein maraton viss ho blir spurd.
PÅ TUR: Hunden Ibsen kjøpte Amanda og ektemannen i løpet av det første året dei var saman.

Ho var opptatt av at gardistane skulle bli rettferdig handsama i prosessen.

– Eg stod veldig trygt i dei avgjerdene som blei tatt og veit at vi gjorde det som var riktig, seier ho.

Meistre livet

Bergh har vakse opp i Lommedalen i Bærum kommune. Ho fortel om ein veldig bra oppvekst, som involverte masse friluftsliv, med eit nært forhold til mormor som budde rett i nærleiken.

– Eg har prøvd dei aller fleste idrettar og spela handball til eg var 20. Eg har hatt foreldre som har stilt opp på alt. Dei har vore handballdommarar utan eigentleg å ha nokon føresetnad for det, og dei har køyrt oss overalt. Eg føler verkeleg at eg har hatt foreldre som har stilt opp.

Lillebroren hennar er elleve år yngre og skal snart inn på sesjon.

– Og etter sterk anbefaling skal han vonleg til Hæren og Indre Troms, smiler ho.

Ho trur at dagens generasjon ungdom har godt av å gjere teneste i Forsvaret.

– Eg trur at det ligg ein verdi i å bidra til noko som er større enn din eigen sfære. Forsvaret er ikkje eit alternativ til folkehøgskole. Å tenestegjere har ein operativ effekt, og du som vernepliktig soldat har ei tyding for Noregs operative evne.

For to år sidan mista ho mor si til kreft. Ho hadde vore sjuk lenge da det brått eskalerte. Bergh var lagførar under eit beretløp i Skjold, da ho fekk beskjed frå øvingsleiinga om at ho måtte heim.

– Det gjekk ei veke, og så døydde ho. Det var eg ubudd på sjølv om eg sjølvsagt hadde tenkt dei verste tankane.

To veker etter jordfestinga måtte ho ta opptaksprøven på befalsskolen, som ho trong dersom ho skulle kunne søke på jobbane ho ville ha. Det var krevjande.

– Det følte eg var... Mamma hadde ein sånn «Pippi-mentalitet». «Det har eg aldri gjort før, så det klarar eg heilt sikkert», og det tok eg med meg i opptaket og tida etterpå.

Etter at mora døydde, har Bergh tatt på seg oppgåva med å vere den som organiserer i familien.

– Julaftan har vore heime hos oss sidan. Det er ikkje så mange 26-åringar som arrangerer julaftan, seier ho.

– Eg har definitivt følt på eit stort ansvar og ei stor meistring, for ein sånn type motgang er ein del av det å meistre livet. Eg opplever at måten eg har handsama det på i ettertid har vore å vise mamma at alt ho har lært meg om å meistre livet, har vore riktig.

Ho blir blank i auga.

– Nå blir eg veldig rørt...

– Du saknar henne?

– Mhm...

– Eg trur at ho skjerma meg og broren min veldig mykje. Eg trur ikkje at ho ville at vi skulle vite kor dårleg ho var. Hun var 51 år, veldig ung.

Mamma og meg på hennar siste 17.mai-feiring
Etter FOS (Forsvarets opptak- og seleksjon) til befalsskolen i 2020
20.08.2022 gifta eg meg med Petter i Holmenkollen kapell. Ein drøymedag!
Petter og eg på LTK (snøscooter) på Mauken, Indre Troms
Pappajente og pappa framføre pelle politibil i pappas heimby Bodø
Min mamma Line og meg som nyfødd
Bakebefal

I byrjinga da det skjedde viktige ting, kunne Bergh ta seg i å tenkje: «Nå må eg ringe mamma». Det skjer ikkje så ofte lenger.

– Men når det skjer store ting, når det har skjedd eit eller anna eg er stolt av, da er det ei eg manglar å ringe til.

Etter at moren døydde, har ho både landa jobbar ho ville ha, fått barn og gifta seg. Da har det vore ekstra tydeleg at mamma har mangla.

– Det er ingen som kan ta den plassen, seier ho.

Framleis har Bergh eit nært forhold til mormora si.

– Ho er på mange måtar et forbilde for alt ho har fått til. Mormor var annonsesjef i Aftenposten som sin siste faste jobb og tok sluttpakke for å drive sin eigen strikkebusiness. Det er ikkje nødvendigvis noko du blir rik av, men det var noko ho hadde lyst til, smiler Bergh.

Ho fortel om ei kvinne som blei forlaten av mannen sin da barna var små, og som har klart seg sjølv gjennom ei tid da det ikkje var normen for ei kvinne.

– Ho har mange livserfaringar som ikkje eg har. Ho er ei kul dame, seier Bergh.

– Kva har eg å tape

Å samle familien rundt eit måltid, det liker ho godt. Da ho budde på Skjold, bestemte ho seg for å bli skikkeleg god til å lage mat. I mangel på anna å finne på blei det til at paret inviterte til mange middagar. Nå har matinteressen resultert i Instagram-kontoen bakebefal. Ho ler litt når ho fortel om det.

Bergh hadde to kollegaer i garden som starta liknande kontoar, men med fokus på høvesvis interiør og strikk. Da bestemte ho seg for å starte ein matkonto.

– Eg synest det er skikkeleg gøy dersom nokon seier at de på julaftan laga raudkålen min, smiler ho.

– Da var det verdt å bruke ti minutt på å leggje ut den reelen. Men, den ekte helten er ryddeoffiseren. Mannen min ryd jo opp etter maten.

– Dere er einige om den ordninga?

– Om han er einig i det, det veit eg ikkje. Men han gjer det i alle fall, ler ho.

Det var humoren som gjorde at ho og ektemannen fala for kvarandre.

– Vi har det veldig gøy saman. Å vere flue på veggen i vårt forhold, det trur eg hadde vore veldig underhaldande. Han jobbar ikkje lenger i Forsvaret, men har framleis med seg erfaringane frå åra han var der. Det meiner Bergh er ein stor fordel.

– Han har gjort alle tinga eg gjer, berre føre meg. Han har tatt både Befalsskolen og Krigsskolen og er ein god sparringspartnar for meg. Eg synest det har ein stor verdi at eg kan komme heim, snakke stammespråk og så forstår han kva for frustrasjon eg har eller kva for råd eg treng.

Dei gifta seg i august i fjor, og bur nå på Fornebu saman med sonen sin.

– Vi trefte kvarandre på humor og har det veldig morosamt saman. Vi har dei same interessene, liker å halde oss i form, og han et maten eg lagar, ler ho.

– Men det er det at vi ler så mykje saman som gjer at vi passar så bra i lag.

Da mora blei sjuk og døydde, fortel Bergh at ho fekk eit anna forhold til livet. Hun følte seg ikkje lenger like udødeleg som ho gjorde da ho var 18.

– Eg føler at eg har fått ei «kva har eg å tape»-innstilling. Eg går inn i situasjonar med haldninga at det går bra, det løyser seg, det fiksar vi. Eg seier ja til alt, for eg veit aldri om eg får sjansen igjen, seier Amanda Bergh.

– Og så kjenner eg på verdien av å leve meir i augneblinken.

Powered by Labrador CMS