Debatt:

Det største problemet med regjeringas langtidsplan er at dagens trusselbilete ikkje blir møtt med tiltak som svarar på dei trugsmåla som regjeringa sjølv beskriv, skriv Liv Signe Navarsete.

Langtidsplanen: – Eit luftslott frå regjeringa

Senterpartiet har i alle våre alternative budsjett vore villige til å løyve meir midlar til Forsvaret, skriv Liv Signe Navarsete.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Janne Haaland Matlary skriv i Forsvarets forum 22. juni at opposisjonen driv lettvint politisk spel ved å sende Langtidsplanen for Forsvaret (LTP) attende til regjeringa. Det er feil. Senterpartiet ser med uro på den særs negative tryggleiksutviklinga som regjeringa skildrar i planen. Difor er me opptatt av at det må skje ei reell styrking av det norske Forsvaret dei komande fire åra. Difor sende me LTP attende til regjeringa. I og med at planen mangla både kostnadstal og tidfesting var det ikkje mogleg å få ei forsikring om at Forsvaret ville få reell auka kampkraft i komande fireårsperiode. Det var tomme løfte og luftslott frå regjeringa.

Har du lyst til å delta i debatten? Send oss en epost på debatt@fofo.no

Det største problemet med regjeringas langtidsplan er at dagens trusselbilete ikkje blir møtt med tiltak som svarar på dei trugsmåla som regjeringa sjølv beskriv. Styrkinga av Forsvaret som regjeringa visar til består i hovudsak av allereie vedtatt politikk. Ein kan ikkje la vere å ta avgjerder i komande fireårsperiode og forsvare det med at tidligare vedtak vil gi auka kampkraft i same periode. Sjølvsagt vil store vedtekne investeringar gi auka kampkraft.

Dårleg utgangspunkt

I førre langtidsplan, som vart lagt fram i 2016, låg det elleve romartalsvedtak for Stortinget å ta stilling til. I denne låg det to. Det skildrar godt ambisjonsnivået til regjeringa for komande fireårsperiode og utgangspunktet for forhandlingane. Ein må kunne forvente at ein langtidsplan i det minste skal ha nokre få faglege tilrådingar for Stortinget å ta stilling til.

Det er feil at Senterpartiet alt frå planen vart lagt fram hadde bestemt seg for å sende den i retur.

Styrkinga av Forsvaret som regjeringa visar til består i hovudsak av allereie vedtatt politikk.

I første spørsmålsrunde til Forsvarsdepartementet sende Senterpartiet over femti spørsmål for å prøve å få svar på kostnadar og tidsaspekt på det som vart skildra som «styrking av», «oppbygging av», «vidare utvikling» og «auka bemanning» i planen. Det fekk me ikkje og regjeringa ville ikkje ein gong talfeste storleiken på forsvarsbudsjettet for 2024. Då har ein ikkje mykje å ta utgangspunkt i for forhandlingar.

Stemmer ikkje

Matlary skriv at det er ingen vilje hos opposisjonen for å styrke forsvarsbudsjettet. Det stemmer heller ikkje. Senterpartiet har i alle våre alternative budsjett vore villige til å løyve meir midlar til Forsvaret. Senterpartiet foreslo mellom anna å styrkje forsvarsbudsjettet med 555 mill. kr meir ut over regjeringa sitt framlegg under handsaminga av førre statsbudsjett (2019-2020). Me veit at forsvar og beredskap krev meir enn tomme lovnadar. Senterpartiet har vist over lang tid at me er villige til å prioritere midlar. Den viljen har ikkje blitt mindre i partiet, sett i lys av koronakrisa.

Det største problemet med regjeringas langtidsplan er at dagens trusselbilete ikkje blir møtt med tiltak som svarar på dei trugsmåla som regjeringa sjølv beskriv.

Senterpartiet er opptatt av å styrkje beredskapen i Noreg generelt og av å styrkje Forsvaret spesielt. Nettopp difor sender me planen i retur. Det må vere klårt for oss som sit på Stortinget kva me vedtek for komande fireårsperiode. Det er denne fireårsperioden ei ny regjering vil ha ansvar for å gjennomføre etter valet neste år. Det var ikkje særleg klårt kva som låg i dette planframlegget, og det var uråd å få svar på om me i det heile tatt ville vedtatt ei styrking av det norske Forsvaret den komande fireårsperioden.

Visste du at Forsvarets forum sender ut nyhetsbrev med de viktigste forsvarsnyhetene hver morgen? Du kan melde deg på her.

Powered by Labrador CMS