Nyheter

GODE LÆRLINGAR: Ein ung lærling i flymekanikk på Bardufoss flystasjon.

Nesten halvparten fekk toppkarakter

I fjor vart det avlagt rekordmange fagprøver i Forsvaret. Nesten halvparten av lærlingar fekk den beste karakteren ein kan oppnå. 

Publisert Sist oppdatert

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistene.

I 2023 vart det gjennomført totalt 318 fagprøver i Forsvaret. Talet er det høgste nokosinne og heile 48 prosent av prøvene vart bestått til karakteren særs godt, den høgste karakteren ein kan få på fagprøva. 

Det skriv Forsvaret i en pressemelding

Jørgen Ellingsen ved Opplæringskontoret for Forsvaret forklarar dei gode tala med høg kvalitet i opplæringa og tett oppfølging frå instruktørar og leiarar. 

– Frå den nasjonale lærlingundersøkinga har vi over tid òg sett at Forsvarets lærlingar skårar betre enn gjennomsnittet på dei fleste område, og spesielt godt på trygt arbeidsmiljø, HMS og god fagopplæring, seier Ellingsen.

Han trur at vilkåra for lærlingar i Forsvaret, som blant anna inneber gratis kost og losji, er ein del av årsaka.

– Samstundes har vi kanskje eit litt yngre og meir dynamisk arbeidsmiljø enn i andre verksemder.

I 2022 fekk Forsvaret pris for beste statlege lærlingbedrift.

Ifølgje pressemeldinga har talet på søkjarar til matrosfaget auka med elleve prosent i 2024. Også fag som  kokk, flymekanikar, dataelektronikar og service- og administrasjonsfag også har betre søkartal i år enn i fjor. 

Rettelse: I den opprinnelige artikkelen stod det at det var avlagt 2918 fagprøver i Forsvaret i 2023. Dette var en uheldig skrivefeil, og er ikke riktig. Riktig antall er 318. 

Powered by Labrador CMS