Nyheter:

Kvinner i Forsvaret tema for statsministeren på kvinnedagen

Statsminister Erna Solberg (H) vil bruke kvinnedagen til å diskutere kvinners situasjon i Forsvaret.

Saman med forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H) og arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H) har statsministeren invitert til møte om kvinner, rekruttering og arbeidsmiljø i Forsvaret.

– Regjeringa ønsker å få innspel til det kontinuerlege arbeidet som går føre seg med rekruttering, karrieremoglegheiter, kultur og arbeidsmiljø, opplyser Statsministerens kontor.

Møtet skjer fire veker etter at ei undersøking blant over 8.000 tilsette i Forsvaret viste at det framleis er problem med mobbing, trakassering og integrering av kvinner. To av fem kvinner seier dei har fått støytande eller upassande kommentarar om at dei ikkje passar til å utføre visse typar arbeidsoppgåver.

I kjølvatnet av rapporten vart det presentert fleire nye tiltak mot mobbing og seksuell trakassering.

På møtet fredag 8. mars deltek representantar frå Forsvarsdepartementet og ulike nivå i Forsvaret og tillitsmannsapparatet. Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen vil delta saman med sjefen for Luftforsvaret og sjefen for Sjøforsvaret.