Meninger

FRYKT: Korleis trenar soldatane på si største frykt? Då tenkjer eg ikkje på vatn, høgder eller å gå mange mil. Eg tenkjer på redselen for å ikkje vera god nok.

Om ikkje soldaten respekterer seg sjølv, korleis skal Forsvaret klare å trene opp evna til å respektere andre?

Om det var ein einaste ting eg skulle ynskje det var meir fokus på, var det at individet fekk endå meir systematisk trening i å verkeleg forstå seg sjølv, åleine og saman med andre.

Publisert

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Eg fekk invitasjon frå sjef for Sanitetsbataljonen oberstløytnant Ronny Skeie til soldataksjonen 5. mai i år. I rolla mi som leiarutviklar var ein slik dag i seg sjølv veldig interessant. I tillegg avtjener sonen min verneplikta si der. Eg takka ja og reiste til Setermoen.

Dagen hadde fokus på respekt. Korleis gi respekt. Korleis få respekt. Det første eg observerte var respekt for meg som besøkjande. Frå eg kom til eg reiste, var minste detalj planlagt: Kven som skulle hente meg, kva som skulle skje og korleis timeplanen for dagen var. Tusen takk.

Mamma tek avmelding

Då klokka var 07.10 stod vi utanfor kaserna til sonen min. No var eg i rolla som mor. Eg skulle få vera med på rominspeksjon, noko som var heilt nytt for meg. Eg har sett på Kompani Lauritzen, men utover det var eg spent på det som skulle skje. Kaserna hadde fått beskjed at det var sjefen med sine leiarar som skulle gjere inspeksjonen.

Rett før vi gjekk inn (eg var forresten kledd opp som oversersjant, noko sonen min ikkje visste om. Han ana heller ikkje at eg var på Setermoen) fekk eg beskjeden: «Du tar avmelding på rommet til sønnen din». Klokka var 07.15 då døra til kaserna gjekk opp og der stod soldatane på rekkje og rad for å melde rommane sine klare til inspeksjon.

Det var veldig tydeleg då vi gjekk inn på kaserna, at respekt for tid, oppdrag og overordna var i takt. Eg stilte meg opp rett foran sonen min og sa «avmelding». Eg stod og såg rett på han. Han såg forbi meg, avmelde rommet og opna døra til meg. Eg gjekk inn og det var ikkje før vi var inne på rommet at min eigen son oppdaga at det var mamma som var der. Så eg kunne krysse av for at han hadde godt fokus og respekt for oppdraget. Flott.

Kva er vi eigentleg redde for?

Det å få verdiar integrert er nykelen til suksess. Det handler om å forstå korleis det kjennest når du vert respektert. Det handler om å kjenne den kjensla når du opplever å bli respektert. Det handler om å vite korleis det føles når du ikkje respekterer andre si tid eller meiningar. Du skal føle verdien respekt. Slik at du kan navigere og justere eige språk og eiga framferd.

Jon Hammersmark heldt eit veldig godt foredrag og gjorde det kjend for oss at vi alle har ulike redsler. Han spurde om nokon var redde for edderkoppar og det var nokre mannlege soldatar som våga å rekkje opp handa. Det var modig. Og det vart klappa av det. Respekt.

Kva er det vi eigentleg er redde for?

Nokre er redd for høgder. Andre vatn. Nokre er redde for å gå lenge med sekk på ryggen medan nokre igjen er redde for mørkeret. Eg tippar at i rekruttperioden vert rekruttane utsette for det eine og det andre som dytter borti redslane til soldatane. Det er kanskje meininga – og få dei til å teste og bli kjend med grensene sine. Bli betre kjend med seg sjølv.

Til sjuande og sist er vi aller mest redde for å ikkje bli inkluderte, bli anerkjend og å ikkje bli sett. Vi ynskjer alle å vera ein del av flokken. Så kanskje den største redselen vi har er å ikkje bli akseptert for den vi er? Og kven er det vi treng å akseptere aller mest?

Hammersmark sette redsel på agendaen og det likte eg. For korleis trener soldatane på den største frykta si? Då tenkjer eg ikkje på vatn, høgder eller å gå mange mil. Eg tenkjer på redsla for å ikkje vera god nok. Redselen for å ikkje føle seg inkludert av laget eller troppen.

Ein gong tilbake i tid har vi alle møtt vår eigen indre kritiker. Den stemma som forfølger oss og som liker å sitte på skuldrane våre å passe på oss. Alle har vi den kritikaren. Nokre av oss jobbar og jobbar for å oppleve at vi er gode nok. Andre prøver iherdig å vera perfekte medan nokre får skuldkjensle for den minste ting.

Den indre kritikaren passer på oss.

Rekruttperioden er den første tilknyting soldatane har i Forsvaret. Det er her grunnlaget for vidare soldatopplæring starter.

Det er ganske lett å snakke om verdiar og å fortelje kor viktige dei er. Dagen på Setermoen var eit synleg bevis på kor gode Forsvaret er til å ha fokus på kjerneverdiane. Eg har vore i mange organisasjonar der verdiane opererer som flotte slagord på veggen. Det har ingen verdi.

Å bruke verdiar til å utvikle god kultur er kontinuerlig arbeid. Kulturarbeid skjer i relasjon.

Respekt for meg sjølv først

Eg klarer ikkje heilt å legge frå meg det om den indre kritikaren. For om ikkje soldaten anerkjenner og respekterer seg sjølv, korleis skal Forsvaret klare å trene opp evna til soldaten i det å respektere andre?

Eg hadde eit svært godt møte med to av dei som er ein del av Sanitetsbataljonen. Eg stilte dei nokre spørsmål der det eine var følgande: «Kva ville de ha gjort om dykk var forsvarssjef for ein dag?»

Dei ville svært gjerne hatt fleire ressursar. Ikkje fordi dei sjølve skulle gjere mindre, men fordi dei meinte at soldatane fekk lite eller ikkje tid i heile teke til individuell mental utvikling. Det var ulik storleik på troppane, uansett var det ikkje systematisk trening på dei individuelle dugleikane. Det vil seie at laget i seg sjølv kan vera trygge saman, men alle i laget kan samtidig føle seg usikre. Det er fakta. Og det er eit veldig viktig fakta å få fram når ein skal videreutvikle ein kultur. Å bygge tryggleik må gjerast både i heile laget men også tryggleiken hjå den enkelte må trenast på.

Refleksjon til ettertanke

Det er alltid lett å vise merksemd til dei som er flinke rekruttar. Slik er det i klasserommet. Slik er det i leiargruppa. Den som tek ordet og syner ansvar og mot vert som regel sett. Konkurransen mot å bli leiande menig er stor frå første dag og det er ikkje alltid like lett å ikkje våge, sjølv om du gjerne vil.

Så om det var ein einaste ting også eg skulle ynskje det var meir fokus på, var det at individet fekk endå meir systematisk trening i å verkeleg forstå seg sjølv, åleine og saman med andre.

For: «Kva betyr eigentleg respekt for dei vernepliktige? Når forstår dei omgrepet av verdiordet, og når vert det for komplekst?».

Powered by Labrador CMS