Nyheter:

Geir Aker, helt til høyre, er aktuell i serien Kompani Lauritzen.

Heile Noregs fenrik

Geir Aker stal showet som befal i «Kompani Lauritzen». Men heime vil han helst vere ein ukul pappa.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette intervjuet ble først publisert i magasinet F, nr. 3, 2020. 13. mars er det premiere på sesong 2 av «Kompani Lauritzen» på TV 2.

– Det handlar om å byggje opp. Syne meistring og samhald. Og det veit eg ikkje om så mange andre realityprogram at dei har det som føremål. Eg kjenner til den militære historia til Dag Otto, og det å vere med på programmet med den filosofien var noko eg hadde trua på, seier Geir Aker.

Den siste tida har du kjent han som fenriken i Kompani Lauritzen. Vi møter han i eit skogholt i heimbyen Horten. Det er ingen løyndom at Aker trivst best i det grøne. Her kan ein få ro til å konsentrere seg – til dømes om ein skal gjere eit intervju.

Rikskjendis

Men vi skal snart finne ut at vi overvurderte skogens ro akkurat her.

«Hallo hallo!» Det kjem stadig lydar og rop frå stigen like ved. Alle forbipasserande – frå skoleelevar som skulkar gym, til vaksne turgåarar – vil gjerne slå av ein prat eller ta selfies av den nye stoltheita og rikskjendisen til Horten.

At han skulle bli den personen blant befalet som stakk seg mest ut på det som skulle vise seg å bli eit av dei mest populære TV-programma i Noreg i år, var ikkje planlagt. Men Aker fungerte så bra framføre kamera at TV-teamet ønskte meir skjermtid for 44-åringen.

– Vi hadde ikkje manus, vi hadde inga taking to. Det er ganske spesielt i TV-verda. Mykje blei til undervegs. Vi hadde berre ein dagsplan for kva vi skulle igjennom. Men det dukka jo opp hendingar som brått fekk plass, fortel han.

Disiplinert

Uvitingar, skadde tomlar, raseriutbrot – mykje måtte taklast undervegs.

– Men det er det som er gøy med å vere der det skjer. Vi jobbar jo med å pushe menneske. Alle militære einingar bruker same metoden: å bryte ned for å byggje opp. Ikkje bryte ned for å bryte ned. Ein kan oppleve at det er for tøft, og ein mistar trua på at ein skal klare det. Men befalet veit jo at det går.

– Kva tenkjer du sjølv om kritikken frå deltakarane, som at ein ikkje får gå på do når ein må? Er du samd i at det kan bli litt krampaktig med strenge reglar iblant?

– Eg tenkjer det er heilt greitt at dei kritiserer det, og kritikken må gjerne få plass. Så er det sånn at vi som har jobba i sånne situasjonar før, veit at det har sin misjon. Det ligg eit pedagogisk moment bak det å vere streng og disiplinert som ikkje synest på TV. Det kan sjå ut som som pirkete og dustete, men det fører også til eit resultat til slutt.

Geir Aker, for tiden kjent som fenriken fra TV 2s realityserie Kompani Lauritzen.

Klårleik

Å vere «streng og autoritær» har også andre føremål. Til dømes er det viktige verkemiddel i jobben Aker har som rettleiar og mentor for menneske som har hatt ein vond eller vanskeleg oppvekst, eller som har vakse opp utan tydelege vaksenpersonar. Det er alt frå unge menneske til rusmisbrukarar, fengselsinnsette og døvblinde, for å nemne nokre. Mykje av filosofien frå Forsvaret vert brukt også her, men det kjem også inn eit anna trylleord inn: klårleik.

– Barn elskar klårleik. Spesielt dei som har hatt det vanskeleg, har kanskje enda meir behov for ein klårleik som er solid. Det vil seie at du kan syne ein varm klårleik, det å syne at same kva kor mykje du slåst med meg, så kjem eg til å vere her. Ungdom er jo konstruerte for å teste grenser, men dei er ikkje konstruerte for å vinne alle desse slaga. Det er der foreldre kan få ei ordentleg utfordring. Vil ein få eit trygt barn, og det som skal bli eit trygt menneske, må vi tåle som vaksne å stå i desse kampane.

«Ukul pappa»

Derfor er det viktig for Geir Aker å vere så lite kul som mogleg. Aller minst er han fan av konseptet «kul pappa». Ukul pappa er han til dømes sjølv, med to barn på 17 og 14 år.

– Ikkje ver ven med ungen din. Ver venleg, ja, men ikkje ven. Eg veit ikkje om ein einaste dyreart der ikkje ungane slåst med foreldra sine for å bli klare for å møte verda. Det er akkurat det same menneske gjer, men vi er ein raffinert variant.

Finne balansen

Da er det kanskje ein tankekross at det å vere så lite kul som mogleg er nettopp er det som har gjort Geir Aker populær på TV, også blant deltakarane i «Kompani Lauritzen». Aker ser ut som ein som har funne roa for lengst der han står fram som ein trygg bauta – også i det verkelege livet. Kva er oppskrifta?

Eg har kjent mykje på frykt, forsikrar han.

– Men eg har lært at det ikkje skal ta plass. Det ein ofte er redd for, er å gjere feil.

Stiller ein strenge krav til seg sjølv, kan ein jo fort gjere det.

– Stiller du få strenge krav til deg sjølv?

– Nei, tvert imot. Men det gjeld å finne ein balanse. Etter at eg slutta i Forsvaret og jobba sivilt, klarte eg å finne den roa og balansen.

Korpsmusikk

Kanskje det også handlar om ein oppvekst med fråvære av machokultur?

– Dersom eg mangla noko i oppveksten, så må det ha vore det meir tøffe miljøet. Det var ikkje naturleg rundt meg, reflekterer Aker.

Han var ikkje ein gut som valde fotball eller karate, men friidrett og korps. Og korps, det kan han ikkje få skrytt nok av.

– Fleire burde gjere det. Det er så mykje bra som skjer i korps. Det har fått eit ufortent rykte. Eg trur filmen «American Pie» har bidratt til å øydeleggje litt. «This one time at band camp...», siterer Aker og ler.

– Men korps er oppbyggjande, så det må fleire drive med. Det er eit heilt lite sånt fellesskap. Ein blir smart av å spele i korps, og det er ikkje tøys. Det er få andre disiplinar som klarar å trigge alt det korps gjer. Ein blir sprekare i hjernen reint skolefagleg også.

Drilltroppen

Tøffare kvardag skulle Aker også få da han kom inn i drilltroppen i Garden under førstegongstenesta. Året var 1996, og Geir Aker var ein spent og nyfiken 20-åring som hadde flytta heimafrå for første gong, og inn på Huseby leir.

Han fekk smake på det å ha ansvar. Nokon såg han og såg eit potensial. Seinare vart han spurd om han hadde vurdert å søkje befalsskole. Valet har han ikkje angra eit sekund på.

– Forsvaret har vore ein veldig bra skole. Eg er lei meg for at så få får førstegongstenesta. Éin ting er kva vi skal bruke Forsvaret til i krise og krig, men ein annan ting er kva det gir til samfunnet ved at alle saman får oppleve å takle motgang og ta ansvar – alle desse verdiane som Forsvaret introduserer i førstegongstenesta.

– Vi ser at psykisk helse er meir i fokus i dag, og fleire slit. Forsvaret er jo ikkje det eine svaret på god psykisk helse, men det er ein del ting som låg i den pakka vi hadde, som færre og færre får, og det tykkjer eg er leit. Og når ein vantar enda ein av desse arenaene der du også møter nye folk med ulik bakgrunn, så vert ein ørlite fattigare på veg inn i vaksenlivet.

Kutt i Forsvaret

Men det er fleire grunnar til at Aker ser med skeptisk blikk på at ikkje fleire tar førstegongsteneste, og at Forsvaret er for lite.

– Nå syner det seg at til og med politikarane ser at Forsvaret er litt lite. Korleis ser grannane våre på det at vi skal byggje det opp igjen da?

– Nå får vi smake på det at vi har kutta så mykje ned, at dersom vi nå aukar igjen, så ser det ut som at vi rustar opp. Konsekvensen av å skjere ned er litt meir omfattande enn berre å kutte ned på nokre soldatar og utstyr.

Det er ein alvorleg situasjon, meiner han. Ikkje berre fordi vi treng mange soldatar, men vi treng det verktøyet dei er: Er det flaum, kan soldatar brukast, er det andre typar kriser, som søk, kan Forsvaret brukast.

– Nyleg kom det fram i ein artikkel at Forsvaret har kvitta seg med medisinsk utstyr som kunne ha vore brukt i nedkjempinga av covid-19. Da tenkjer eg at: Javel, skal vi kanskje lære litt av det?

Lever av prating

«Orsak!» Det er ingen ny fan som har kome for å helse på, men Aker som brått avbryt seg sjølv. Han stivnar til.

– Eg har ein lidenskap, skjønner du.

Han stirar mot den klåre himmelen til lyden av eit helikopter bak tretoppane.

– Eg vil vere med opp, skjønner du. Det er noko med helikopter. Dette med at du kan stå stille i lufta og vere med opp og ned. ned. Han stirar lenge opp mot tretoppane. Men lyden blir etter kvart svakare det er ingenting å sjå.

– Beklagar det, seier han og kjem tilbake til der vi er.

Tilbake til praten om forsvaret og ting han meiner mykje om. Røysta går litt som ein motor. Han har mykje på hjartet, men det går i eit behageleg tempo. I karakterboka frå barneskolen stod det: «Geir er flink i norsk og matte, men pratsam i timane.» Han ler litt over det som blei rekna som eit uromoment på skolen: I dag er det nettopp prating han lever av.

Gruppedynamikk

– Det er utruleg spennande å jobbe med menneske. Kvifor blir nokon irriterte på andre? Det er naturleg å hjelpe til. Ein står ikkje og ler og peikar, lyder det frå han som brukar sarkasme som det vanlegaste «hjelpemiddelet» sitt i «Kompani Lauritzen». Hans form for humor har sett tålmodet til fleire av deltakarane på prøve, men også ført til irritasjon.

– Eg gjer det heilt medvite for å byggje dei opp. Det er eit verktøy som kan vere heilt naudsynt i militære samanhengar, lyder forklaringa.

Galgenhumor

Humor kan til og med vere eit livsviktig verktøy for å overleve i situasjonar der ting er tunge og ein er oppe i fælslege situasjonar, meiner han.

– Å vere berre trist og lei er veldig lett. Men dersom vi skal fungere som menneske, så må ein nytte heile kjensleskalaen. Dei som opererer i felt og ser mykje krig og elende, hadde knekt saman om dei ikkje hadde hatt nokre sånne livbøyer i form av galgenhumor. Utan det blir det inga motvekt mot det fælslege.

Kva for rolle humor kan ha som verkemiddel i andre settingar, spesielt i reality-samanheng, er Aker opptatt av. Det er viktig aldri å gjere narr, meiner han.

– Det er ein uskriven regel som mange har gløymt i Forsvaret som lyder: «Ein soldat syner aldri tennene i ein smil på eit bilete av respekt for den jobben han er sett til å gjere.» Det er ei interessant utsegn. Jo, du må gjerne smile, men demp det av respekt for andre. Det tenkjer ein ikkje på så mykje lenger, meiner Aker.

Psykiske problem

Han meiner det er ein vesentleg skilnad på om målet med humor er splittande eller samlande.

– Eg trur det er stor skilnad på det å verte underhalde, og det å verte gledd. Vi har lært å bli underhaldne - men vert vi gledde? I de fleste andre reality-program handlar det om å skape intrigar og kranglar, og deltakarane er valde ut for at det skal skje.

– Er det ikkje det kulturen ofte vil lære oss? At vi skal dyrke egoet og eigen suksess, og derfor skal det løne seg å trakke på andre?

– Og parallelt får vi fleire psykiske problem? Kvar og ein må jo vere bra nok i seg sjølv, men det er eit felles prosjekt dette her. Vestleg kultur er veldig fokusert på individ. I austleg kultur er det massane som gjeld, seier han.

– Da tenkjer eg at det er ikkje anten eller, det er både og. Da har vi litt å jobbe med, vi som driv og elskar eg-et, og at det skal blomstre meir enn hos andre. Det handlar ikkje om å strekkje seg lenger så ein kastar skugge på andre. Da blir vi berre fattigare.

Fellesskapet

Derfor synest Aker det er veldig interessant å konstatere at «Kompani Lauritzen» har hatt over éin million sjåarar på kvar einaste episode. Det er sjåartal TV-bransjen sjeldan ser. Og dermed får Aker også rett i hypotesen sin: Fellesskapet vinn over splitt og hersk på TV. Om enn så lenge.

– Eg trur oppriktig ikkje folk vert gledde av realityseriar baserte på «martini og bikini.» Ein kan verte underhalden, men ein vert ikkje gledd. Det gir inga djupn. Det er å slå i hel tid, ja, men det har ingen meirverdi. Det finst andre seriar som har feitare premiar for å vinne, men det som skjer i «Kompani Lauritzen», er at dei blir vener.

Det er ein slutt Geir Aker kan like. Ein som handlar om å byggje opp. Vise meistring og samhald. Nå ventar han berre på tilbod om å få vere med i neste sesong.

Powered by Labrador CMS