Kultur:

Krigstrøytt

«Natt i verda» blir eit utmattande og historisk krigsskodespel.

Publisert Sist oppdatert

​​– No lit eg på dykkar gode instinkt som «skådisar» – så gå for det de kjenner for!

Erik Ulfsby gir klarsignal til to skodespelarar omgjevne av store sandsekker. Under bakken på Det norske teateret har Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg olivengrøne uniformer på og framfører nasjonalistisk, litterær propaganda – Joseph Goebbels' «Der Wanderer». 

 – Og der ligg verda no i skodde av alt som nedrig er, seier Haga.

– Eg vil stige ned i alt det nedrige. Ned til slaveri og armod. Vekk trua no i folket ditt, gi det vidare i kamp til liv som oppstår heilt på ny, held Tindberg fram, mens Haga søkk ned på kne og bryt ut:

– Min herre, meister!

​​

 Krigsmaraton. Éin av aktene er over. Ulfsby, Tindberg og Haga set seg ned for å fortelje om skodespelet.

– Eg ana ikkje at Goebbels skreiv før eg las dette stykket, seier Tindberg og viser til nazisten og propagandaministeren sin bakgrunn som diktar og dramatikar.

– Når eg ser at han henta mykje inspirasjon frå Bibelen i dette stykket, blir eg jo litt kvalm, særleg når eg veit kva for følgjer krigen fekk. 

 «Andre verdskrigen – Natt i verda» blir ei åtte timar lang reise i krigshistoria som skal engasjere, skape debatt og truleg trøytte ut skodespelarar og publikum. Framsyninga skal helst gå om natta og ha tre pausar.

– Som teater ønskjer vi å vere ein arena for dei store samtalene. Andre verdskrigen er ikkje i nærleiken av å bli ferdig fortald. Vi kjem ikkje til å fortelje heile historia om krigen, berre fragment. I motsetnad til TV-dokumentarar eller film har vi føremonen av at vi formidlar med levande menneske til eit levande publikum, seier Erik Ulfsby, teatersjef og regissør for framsyninga som har premiere i slutten av februar.  

 Like aktuelt. Paul-Ottar Haga og Svein Tindberg er to av tolv skodespelarar i «Andre verdskrigen ­– Natt i verda». Dei skildrar skodespelet som ei «filosofisk reise» i krigshistoria. Ein av grunnane til at andre verdskrigen framleis vekkjer stor interesse er at mange har eit forhold til krigen, meiner Tindberg.

– Som så mange andre kjem eg frå ein delt familie, dei som blei kalla landssvikarar, og dei som vart heltar etter krigen. 

​​​–Eg har vakse opp både med skrytet og forteiinga rundt andre verdskrigen, seier Tindberg.​​


 Stort manus. For å gi eit mangesidig bilete av krigen har manusforfattarar frå Noreg, Sveits, Skottland og Russland medverka til skodespelet. Handlinga går ikkje berre føre seg i krigsåra,  men også før utbrotet. Det set også søkjeljoset på korleis krigen har prega vår eiga samtid, fortel Erik Ulfsby.

– Den verda som vi kjenner i dag, er på mange måtar eit resultat av andre verdskrigen, seier Ulfsby og peiker blant anna på skipinga av FN og seinare det som utvikla seg til å bli EU i etterkant av andre verdskrigen. Ulfsby fortel vidare at dei ønskjer å gjere skodespelet aktuelt gjennom ulike verkemiddel.

– Vi har knytt til oss korrespondentar som er stasjonerte i ulike delar av verda, og som forklarar korleis krigen har påverka landa dei er stasjonerte i.  Det blir ikkje skyting og skyttargraver på scenen, men vi får likevel sterke forteljingar.