KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

– Kan ikkje nokon annan gjere dette her? spurde foreldra til Mari Brandt når ho fortalde at ho ville vere med KNM Nordkapp på Nato-oppdrag.

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

Brandt var sjølv litt skeptisk til oppdraget i første omgang

Og tenkte at det ville vere nok med tolv månader førstegongsteneste.

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

– Så eg er eigentleg veldig stolt over at eg enda med den avgjerda, og at eg er med her.

Dei som reiser ut

I seks månader skal KNM Nordkapp, med eit mannskap på 60, der hele 60 prosent er vernepliktige i førstegongsteneste, segle i Nord-Europa og rydde farvatnet for miner. Oppdraget startar med øvingar i Oslofjorden, før dei set kursen sørover til Belgia.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei siste fem åra har Sjøforsvaret registrert at i underkant av 400 vernepliktige har vore med på deployeringar med Sjøforsvaret. Det skriv Vegard Finberg i kommunikasjonseininga i Forsvaret, i ein e-post til Forsvarets forum. Finberg legg likevel til at desse tala ikkje er heilt nøyaktige, fordi nokre vernepliktige har vore med på fleire deployeringar, men han meiner det framleis gir eit godt bilde.

Etter nyttår drog ein ny kontingent av norske soldatar til Litauen for å støtte lokalbefolkninga med sitt nærvær og i utdanninga av litauiske soldatar.

Og blant dei som drog, var det fleire soldatar rett frå førstegongstenesta. Desse har i motsetnad til dei vernepliktige om bord på KNM Nordkapp, fullført førstegongstenesta si og gått over på kontrakt for å vere med på oppdraget.

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

Operasjonsassistent Mari Brandt og romkameraten hennar, sanitetsassistent Kristine Frey, gjennomførte første del førstegongstenesta i Kystvakta, men etter at dei fekk høyre at eit skip i same klasse skulle på Nato-oppdrag, forlengde dei tenesta og blei overførte til Marinen. Nå er dei klare for seks månader om bord på flaggskipet i mineryddarstyrken kalla Standing Nato Mine Countermeasures Group 1 (SNMCMG1).

– Er det noko du gruer deg til?

– Det er jo tøft å vere så lenge borte. Og så pregar det ein også at ein ikkje heilt veit korleis situasjonen i Europa kjem til å sjå ut om ein dag eller to, svarar Brandt.

Framtidsplanar

ROMKAMERATAR: Frey og Brandt har delt lugar sidan dei kom om bord på Nordkapp.

Lugaren dei vernepliktige deler er dekorert med postkort frå tidlegare segling til Svalbard med Kystvakta. Her inne tar Frey ein liten pause frå storvasken dei tar ein gong i veka, for å prate med Forsvarets forum.

Frey valde å forlengje førstegongstenesta si med seks månader fordi ho trivest godt som pille, som stillinga også vert kalla om bord, fortel ho til Forsvarets forum. Ho har planar om å gå på sjukepleiarstudiet, og sidan ho hadde innrykk i januar 2022, ville det vere eit halvt år til studiestart, noko som ho nå kan bruke på sjøen. Nå ser ho fram til å vitje dei ulike hamnene, sjølv om ho fortel at den største utfordringa hennar blir engelsken.

På eit dekk lenger opp sit Brandt på knea i full gang med å vaske listene.

Til vanleg jobbar ho oppe på brua der ho hjelper det operative befalet og jobbar tett med dei som jobbar med radio, men på laurdagsvasken må alle hjelpe til.

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

Klokka byrjar å tikke mot fire om bord på KNM Nordkapp

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

Lukta av krydder spreier seg gjennom gangane på fartøyet.

KNM Nordkapp med bestning seiler ut på et seks måneders oppdrag i NATOs tjeneste. ombord er det 39 vernepliktige soldater

I byssa vert det jobba for å få klar mat til alle om bord, og denne laurdagen stod det hamburgar på menyen.

– Vi er litt priviligerte

Dei to månadene frå dei vernepliktige blei overførte til KNM Nordkapp til oppdraget starta har vore ein tøff oppøvingsperiode, fortel romkameratane til Forsvarets forum. Dei vernepliktige har fått øve på alt som kan oppstå under seglinga og har hatt opp til fire øvingar på ein dag. Noko som har vore med på å skape eit godt samhald blant dei vernepliktige, fortel Frey. Opplæringa er langt frå ferdig. Frey og kollegaene hennar på sjukestova skal bli dykkarmedisinsk trente, fordi det estiske skipet som er med i styrken, har med dykkarar.

Dei vernepliktige utgjer 60 prosent av mannskapen på KNM Nordkapp og har mange forskjellige oppgåver på fartøyet,

– Vi er litt priviligerte, for som soldatar øver ein masse på ting ein vonar ein aldri skal gjere. Stort sett tenker dei fleste at ein øver på noko ein ikkje ønsker skal skje, seier kommandørkaptein Ole Torstein Sjo til Forsvarets forum.

Vi ryddar faktisk miner skarpt, sjølv i fredstid, slik vi også ville gjort i krig.

Kommandørkaptein Ole Torstein Sjo

– Det er spennande frå den vernepliktige som sit på sonaren og oppdagar minene, til det kulminerer i ein eksplosjon, og gjer farvatnet litt tryggare, held han fram.

– Eg har lært veldig mykje berre på dei to månadene vi har hatt oppøving. Så stillinga og kvardagen min har blitt ganske mykje annleis frå kystvakt til Nordkapp, seier Brandt.

Men nå ser ho fram til at dei vernepliktige skal komme enda tettare saman, og at dei skal klare å bruke all den kunnskapen dei har fått, til å meistre alle oppgåvene dei får.

– Vi har nesten blitt ein liten familie.

Powered by Labrador CMS