Kultur:

STATSVITAR: Kåre Dahl Martinsen er professor i europeisk tryggingspolitikk ved Forsvarets høgskule. Han har doktorgrad i statsvitskap og har mellom anna forska på europeisk samarbeid før og etter murens fall.

Bokbragd om økonomisk krigføring

Denne boka er ein bragd. Ein bragd av di den maktar å forklara eit komplisert tema, til ein særs enkel og leseverdig måte, skriv Asgeir Ueland i bokmeldinga.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfatter Asgeir Ueland har meldt boka Økonomisk krigføring av Kåre Dahl Martinsen. Cappelen Damm Akademisk, 211 sider.

Boka er ei bragd. I våre tider er ikkje dette gitt, og nett difor fortener denne boka til Kåre Dahl Martinsen å lesast av mange, ein kjem på mange måtar ein meter lengre i kunnskapen då ein lukkar boka.

Samstundes er den sett opp på ein måte som gjer at den i hovudsak er myta på studentar som skal forstå emnet om historisk krigføring. Det ligg ei tilråding til vidare lesnad etter kvart enkelt kapittel, i tillegg er det nok av kompliserte artiklar og bøker ein kan setta auga i bak i bibliografien. Jamvel om det finst ein ganske rik litteratur om tema der ute, så har det ikkje kome for mange slike bøker på norsk.

NY BOK: Omslaget til Kåre Dahl Martinsens nye bok.

Handel for fred

Boka er inndelt i fire kapittel, og som alltid med bøker som kjem ut frå samfunnsvitskapleg forsking, finn ein det mest spanande i kapittel 3. Men før det har me fått ei grei innføring om tema. Martinsen trekk kort linjene attende til den franske filosofen Montesquieu, og den tyske Kant. Både trudde at handel ville bidra til fred, litt som Thomas Friedman skreiv at land med McDonald’s aldri krigar mot kvarandre.

Det har sjølvsagt vore gradar av økonomisk krigføring sidan tidenes morgon, forfattaren dreg mellom anna fram Terje Vigen, den underlege gråsprengde, som måtte ro til Danmark for å hente korn. Den gong var Noreg under blokade frå Britane.

Men han gjer òg rett i å dra dette lengre fram i tid. Den moderne innsikta i økonomisk krigføring byrjar på mange måtar med ein artikkel av samfunnsforskaren Edward Luttwak mot slutten av Den kalde krigen. Han hevda, kort sagt, at ein vanleg krigføring ville minka, og at ein staden ville få krig med økonomiske midlar. Utover på 1990-talet vaks det opp fleire, og meir utbroderande teoriar kring feltet.

For tidleg å sei

Det er kanskje mest etter Russlands tilbakevending, og ikkje minst med framveksten av Kina at emnet har auka i aktualitet og viktigheit. Dahl Martinsen skal ha for å ikkje ta kalkulerte risikoar med boka.

Mykje av døma han legger fram handlar om den pågåande krigen i Ukraina, og sjølvsagt Kina. Her er han langt frå kinesaren Zhou Enlai som på 1970-talet skal at sagt at det var for tidleg å seie noko om effektane av Den franske revolusjonen. Han gjer òg lurt i dra fram frykta frå Japan på 1980-talet.

Særskild i USA og Australia frykta ein den økonomiske innflytinga til landet. Det står som eit godt døme på at ein ikkje alltid ser eller tenkar rett om konsekvensane av endringar i verdshandelen. Japan var, og delvis er, eit land kor den mjuke makta vert framheva. Historia frå Den andre verdskrigen gjorde at dei måtte finne andre vegar enn den militære for å skapa seg innflyting.

Det opne spørsmålet i dag er Kina. Her ser ein både tendensar til å bruke makt, og press, for å fremme eigne interesser. Delen om riket til president Xi, er nok det viktigaste ein kan ta med seg. I forholdet til Kina finn ein òg eitt av få døme som omhandlar Noreg i boka. At ein ga etter for kinesisk press, for å trygga eksporten.

Makta til multinasjonale selskap

Stort sett går boka føre seg på den internasjonale arena. EU og USA, mot Kina og Russland. Det er sjølvsagt mange gråsoner i dette feltet. Og hendingar under terskelen. Mykje av det som Dahl Martinsen peikar på vil vere kjend for folk som interesserer seg for tema. Likevel er boka staden å gå om ein vil ha ein god oversikt.

Til slutt er det kanskje to ting eg sakna litt meir om:

Det fyrste er den relative makta til multinasjonale selskap i dette spelet. Ikkje minst maktbalansen mellom dei store selskapa og styremaktene i landa dei held til.

Det andre er det som har blitt kalla «Threat Finance», som går på meir ikkje-statlege aktørar som organisert kriminalitet og terrorisme. Nokre gonger kjem dei òg inn under statlege aktørar og vert nytta som eit verktøy i den økonomiske krigføringa.

Som ein plar seie: Dette gjer rom for vidare forsking. Og klarar Dahl Martinsen halde fram i same spor, er eg trygg på at det godt kan kome ei leseverdig bok, eller eit nytt kapittel, om det emnet òg. Skal ein forstå verda av i dag må ein òg forstå økonomisk krigføring. Og som sant er – denne boka er staden å byrja innføringa.

Powered by Labrador CMS