USA bekymra for kinesisk marineøving

Pentagon er bekymra for ei kinesisk marineøving rundt ei omstridd øygruppe i Sørkinahavet og seier ho kan destabilisere regionen.

Publisert

Øvinga finn stad rundt Paraceløyane, som både Kina, Vietnam og Taiwan gjer krav på.

Ifølgje Pentagon krenkjer Kina med marineøvinga sine forpliktingar i ei erklæring som alle partar i Organisasjonen for søraustasiatiske nasjonar (ASEAN) underteikna i 2002.

I avtalen forplikta dei seg til å unngå verksemd i Sørkinahavet som fyrer opp under usemjer og set fred og stabilitet i fare.

Kina gjer krav på nesten heile Sørkinahavet, og øvinga finn stad medan spenninga mellom Kina og USA er på topp på grunn av amerikanske påstandar om at Kina er skuldig i koronapandemien.