Nyheter:

Jegertrening

Desse ungdommane trener frivillig hos ein offiser på laurdagar og søndagar for å klare opptaket til jegerteneste.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

​– Det er fullt mogleg å trene på eiga hand og bli fallskjermjeger. Men av dei som deltar i treningsgruppa, er det ein større del som klarar opptaket. Av dei tolv som var med fast i fjor, blei to fallskjermjegerar, og to kom inn i jegertroppen. I tillegg var det fleire som blei feltoperatørar i Etterretningsbataljonen.

– Men eg gir ingen garantiar, seier Aslak Berge.

Til dagleg jobbar han som rekrutteringsansvarleg i Forsvaret. På fritida legg han opp treningssamlingar for ungdom som søkjer seg til dei mest krevjande tenestene. Det er snakk om fallskjermjeger, marinejeger, kystjeger, feltoperatør eller jegertroppen.

Ti håpefulle har tatt turen til Gaupen skole i Ringsaker kommune. Det er tidleg søndag morgon, og gradestokken viser 15 minusgradar. Dei neste timane skal dei traske rundt på snødekte vegar og navigere seg fram til ulike postar med over 20 kilo i sekken.

Jegerånd

Desse ungdommane trener frivillig hos ein offiser på laurdagar og søndagar for å klare opptaket til jegerteneste.

– Dagens økt kallast for jegeranden. Det handlar om å tole slit og ubehag over tid. Med perfekt navigering er ruta 38 kilometer. Det blir nok langt og seigt for enkelte, seier Berge.

Alle blir tildelte ein makker som dei skal gå saman med. På skoledøra heng kartreferansane til postane dei skal finne. Mens laga planlegg ruta, fortel Berge om korleis han starta med treningssamlingar.

– For fem år sidan blei Jegertroppen oppretta ved Forsvarets spesialkommando. Vi starta rekrutteringa til den første troppen litt seint, så nokre av jentene fekk litt dårleg tid til å førebu seg. Vi såg at dei var veldig robuste, men hadde for dårleg fysikk. Derfor starta vi opp ei treningsgruppe berre for jenter, forklarar Berge.

Året etter var det vener av desse som også gjerne ville vere med. Det var ofte gutar som hadde søkt fallskjermjegeropptaket. Sidan den gongen har det berre vakse i omfang.

– Akkurat nå er det 25 deltakarar som er med i gruppa. Det er 10–15 som er med fast fleire gonger i månaden. Fire av desse er jenter, fortel Berge. 

Uvissa

Denne dagen er det berre gutar som har møtt opp. Deltakarane kjem frå området rundt Mjøsa. Ein av dei er Olav Stueland, som har køyrt frå Søndre Land grytidleg på morgonen. Han drøymer om å bli fallskjermjeger.

– Vi veit vanlegvis ikkje kva som skal skje. I dag har vi har fått beskjed om å møte opp med tung sekk. Tidlegare har det vore alt frå pakningsløp, lange marsjar med navigering, bading i Mjøsa til trekking av traktordekk, forklarar Stueland.

Han har fylt sekken med vektskiver og klede. For første gong skal dei gå ein så lang marsj på vinteren.

– Dei fleste som er med, høyrer til russekullet. Det er nok mange jamgamle som ligg under dyna framleis og er prega av festinga på laurdagen. Det er motiverande å sjå gløden desse her har, seier Berge før han set seg i bilen.

KARRIERE: Målet er at så mange som mogleg vel ein karriere i i Forsvaret. Til dømes som spesialjegerar eller marinejegarer, seier Aslak Berge.
KARRIERE: Målet er at så mange som mogleg vel ein karriere i i Forsvaret. Til dømes som spesialjegerar eller marinejegarer.
KARRIERE: Målet er at så mange som mogleg vel ein karriere i i Forsvaret. Til dømes som spesialjegerar eller marinejegarer, seier Aslak Berge. (t.v.)

Bobla

– Vi kallar dette for «boblebakken», seier han fem minutt seinare mens han speidar utover det kuperte landskapet. I botnen av den bratte kneika dukkar det opp to personar.

– Kvifor har han fått det namnet?

– Fordi det er ingen som seier noko på vegen opp. Det er så tungt at alle går rundt i si eiga boble. Vi har også noko som heiter syrebakken. Han er enda tøffare, seier Berge.

– Kvifor brukar du fritida di på dette?

– Fordi det er utruleg gøy å jobbe med så motivert ungdomar.

Målet er at så mange som mogleg vel ein karriere i Forsvaret. Til dømes som spesialjegerar eller marinejegarar.

Eit av tomannslaga passerer. Dei snøggaste brukar rundt sju timar på runden. Andre er nok ikkje framme før det blir mørkt. Lokalbefolkninga byrjar å bli van med ungdom med stor sekk som marsjerer rundt i området mellom Moelv og Brumunddal. Når nokon rotar seg bort, hender det at dei ringer på for å finne ut kvar dei er på kartet.

– Her et og drikk dei undervegs. Vi får ikkje testa korleis dei fungerer etter fleire dagar når blodsukkeret er på botnen. Det er da det verkeleg røyner på, seier Berge.


Kystjegerar frå Innlandet


Rundt svingen kjem to gutar småspringande. Ein av dei er Remi Heggedal. Han er frå tjukkaste Innlandet, men vil likevel bli Kystjeger.

– Eg er glad i det maritime livet, men vil ikkje gjere teneste på skip i Sjøforsvaret. Eg ville freiste noko ekstraordinært, fortel han mens han tar ein drikkepause.

– Korleis er det å bruke søndagen på dette?

– Heilt supert. Da får ein noko meir ut av dagen enn berre å ligge heime og sove. Vi har tilbakelagt 14 kilometer og sprunge helvta, fortel han.

Så langt har det meste gått på skjener for dei to gutane. Med unntak av ein liten ting.

– På ein av postane låg det ein daud gris bak ei løe. Eg skvatt skikkeleg da eg fekk auge på han.

Dropp sommarkroppen


– For å ha sjanse under opptaket må ein kunne halde eit marsjtempo på 6,5 km/t på sti og vei. Det har vi terpa mykje på. For å teste det mentale så hender det eg legg inn ein ekstra post på slutten når dei trur at dei er ferdige. Da er det mange slitne og vonbrotne andlet, seier Berge.

– Samarbeider du med Forsvaret?

– Nei. Ikkje anna enn at eg har kontakt med rekrutteringsoffiseren i Forsvarets spesialkommando. Han har ei tilsvarande gruppe i Grenlands-området.

Sola skin over jorda på Ringsaker og varmar godt i vinterkulda. Men for Berge er godvêret ikkje berre positivt.

– Eg vonar på nokre dagar med regn og dårleg vêr. Så får dei kjent litt på det og.

– Kva er dei beste råda dine til dei som vil freiste seg på dei tøffaste opptaka i Forsvaret?

– Det er viktig å ha noko å tære på. Så eg ber dei drikke heilmjølk og ete mykje i forkant. Særleg blant jenter er det ei utfordring at så mange er veltrente og slanke. Dei har ingen reservar. Sommarkroppen 2019 er ikkje det beste utgangspunktet før eit jegeropptak, seier Berge.

– Men kanskje viktigast av alt: Når du er skikkeleg i kjellaren og har lyst til å gi opp, da ventar du i tre timar før du gjer vedtaket om å gi deg. Det er ofte det som skal til for å ombestemme seg.


Powered by Labrador CMS