Nyheter

I UNIFORM: Bing Crosby tenestegjorde aldri i andre verdskrig, men i filmen White Christmas frå 1954 spelte han soldat. Her saman med motspelar Danny Kaye.

Nato fyller år – Høyr Bing Crosby si jubileumslåt

Tysdag er det 74 år sidan Nato vart eit faktum. Til tiårsjubileet i 1959, spelte superstjerne Bing Crosby inn ein reklamesong til ære for alliansen.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Då Nato i 1959 markerte sitt tiårsjubilé, vart medlemslanda einige om å legge ned ein ekstra innsats for å sørgje for maksimal publisitet for Nato i anledning tiårsdagen.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Blant tiltaka var ein song av han som av mange blir rekna som den fyrste popstjerna i verda, nemleg Bing Crosby.

74 år sidan historisk underskrift

Tysdag 4. april er det 74 år sidan 12 land skreiv under på Atlanterhavspakta i Washington D.C. Noreg var blant dei 12 opphavlege medlemslanda, saman med mellom anna USA, Storbritannia, Frankrike og Italia.

Etter ja frå Tyrkia førre veke, er det berre formaliteter igjen før også Finland blir medlem i Nato. Les mer her!

Pakta danna grunnlaget for Nato, forsvarsalliansen som i dag består av 31 land i Europa og Nord-Amerika, etter at Finland tirsdag ble et offisielt medlem. Kjerna i alliansen er artikkel 5 av Atlanterhavspakta, som slår fast at eit angrep på eit medlemsland er eit angrep på heile alliansen.

Artikkel 5 har blitt benytta kun ein gong, etter terrorangrepa mot USA i 2001, då ho vart nytta som grunngjeving for det følgande angrepet på Afghanistan.

Superstjerner med på laget

Andre superstjerner frå samtida, som Rosemary Clooney, Harry Belafonte og Frank Sinatra, var også involvert i kampanjen i 1959, men ifølge Nato sine eigne nettsider finst ikkje deira bidrag i arkivene.

Sammen med «The NATO Song» av Bing Crosby, blei slagord som «Good night, sleep tight, NATO stands on guard» og «N-A-T-O – four letters that spell peace» brukt i kampanjene tilknytta jubileet.

Etter angrepet mot Pearl Harbor i 1941, melde Corsby seg til teneste i Forsvaret, 38 år gamal. Han vart likevel aldri innkalla, men han bidrog likevel på si eiga måte.

I laupet av krigen vart radioprogrammet hans spelt for amerikanske styrkar i utlandet og han deltok i meir enn 70 sendingar på radiokanalen Armed Forces Radio Service. Han turnerte også for å underhalde soldatar i teneste.

Crosby si Nato-song låg lenge og støva i arkivet, men vart gitt ut på ny i 2017 som ein del av samlealbumet Among My Souvenirs: More Treasures From The Crosby Archive. Hør låta i videoen under:

Powered by Labrador CMS