Kongens garde opptro under Dronning Elizabeths II kronings jubuilem

– Du ser konturane av noko større.

–Og når vi byrjar å bli betre kjende, så står vi saman i blokka som ei eining

­Jakta på verdsmeistrar

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Det seier Anders Salvesen medan han står på graset til dronning Elizabeth II på Windsor Castle.

Seks månader tidlegare sat Salvesen på kasernen på Terningmoen leir. Utan at han er klar over det skal mannen som han skildrar som det mest perfekte mennesket han har sett, kome inn på rommet hans og snu det neste året hans på hovudet.

Denne perfekte mannen var oversersjant Fredrik Gresseth. På jakt etter nye talent spør han dei dagsferske rekruttane:

«Vil du ikkje bli verdsmeister?»

Med eit enkelt spørsmål har Gresseth starta grovselekteringa.

HERR PERFEKT: Fredrik Gresseth er eit levande forbilde for alle gardistane. Kvar dag møter han med nystroken uniform, dei blankaste skoa og dei lunaste minene. Han er mildt sagt godt likt, og ifølgje gardistane luktar han godt òg.

Tidlegare på dagen hadde det kome befal frå Huseby leir, der Hans Majestet Kongens Garde held til, med eitt mål i siktet: å rekruttere den neste generasjonen drillgardistar. Det blei vist både videoar og halde foredrag om kva dei kan møte i tenesta som drillgardist.

For Salvesen høyrdest det livet ut som eit ekte blodslit, og han trudde at han aldri ville trivast i ei slik teneste.

Men verdsmeisterspørsmålet til Gresseth pirra noko i han. Og same dagen skriv han seg opp på lista til intervju i drilltroppen.

Kva var det verste som kunne skje, tenkte han.

– At eg blir kasta ut og send tilbake til Terningmoen?

Utveljinga

Pågangsmot og nok viljestyrke til å leggje ned det omfattande arbeidet som krevst i stillinga, er dei to kjerneeigenskapane Gresseth og kollegaene hans ser etter. Det handlar ikkje berre om at dei må vere fysisk sterke nok i overkroppen til å halde eit M1 Garand gevær over lang tid. Men også at kandidatane er motiverte for å jobbe hardt. Gresseth freistar å finne dei med gode samarbeidsevner og gjennomføringsevne. Tenåringane må gjennom intervju og daglege vurderingar.

VERDSMEISTER: I skapet til Anders Salvesen heng ein sportsteip der det står skrive “kommende v.mester”. Det er hans motivasjon gjennom alle prøvelsane han møter på i Gardekompaniet.

Prosessane for å bli ein del av musikk- og drilltroppane er relativt ulike. Men i motsetnad til drilltroppen der det ikkje krevst forkunnskapar, må alle som blir utvalde i musikktroppen, ha musikalske evner. Musikantane må prøvespele i tillegg til å gjennomgå intervju. Under prøvespelet spelar dei fleire innøvde stykke for dirigentane som deretter gjer si vurdering.

Kvifor legg de ned så mykje energi i ei avdeling som musikk- og drilltroppen?

– Kompaniet er ikkje ein operativ kapasitet som ein kan vise til, men ein skapar forsvarsevne gjennom forsvarsvilje i folket noko som igjen gir operativ kapasitet i form av at regjeringa løyver meir ressursar til materiell, seier Gresseth.

Kvart år trenar befalet opp rekruttar som kjem rett frå vidaregåande til å bli verdsleiande innan militær eksersis og slutta orden (SLO). Slutta orden handlar om at ein heil tropp skal gjere same rørsle samstundes. Dette kan vere alt frå å flytte seg i to rekkjer og andre formasjonar til å «tre av» på slutten av dagen. Om dette vert sett saman med musikk, drilling av våpen og ekstrem presisjon til eit drillprogram, vert det kalla militær eksersis. I denne samanhengen lærer gardistane seg fleire våpengrep og kast som vert fletta inn i programmet dei kallar «Oladrillen».

Les også: Norske gardister opptrådte under dronning Elizabeths tronjubileum

Oversersjanten fortel at det tredje gardekompani driv med kjem frå slagfeltet før i tida. Signalhorn blei brukte til å formidle beskjedar, og slutta orden var slik troppane flytta seg framover på slagmarka.

– Alt vi gjer nå er eigentleg å ta vare på den tradisjonen i ei meir moderne form, legg han til.

Nålauget

Tallause timar med trening, øving og terping vert lagde ned. For når dei skal ut på golvet i Oslo spektrum i september for årets siste oppvisning, må alle vite akkurat kva dei skal gjere, og alt skal utførast med perfeksjonert presisjon.

Det vert stilt høge krav til dei som kjem gjennom seleksjonen som allereie har halvert talet på kandidatar. Frå omtrent 120 som var inne til intervju, er det 60 som får vere med vidare til Huseby der de gjennom hausten skal gjennomføre rekruttperioden sin.

Nålauget er trongt når oversersjant Gresseth og kollegaene hans skal velje ut drilltroppen. Det er berre helvta håpefulle som kjem gjennom, 36 totalt. I lag med 76 musikkgardistar blir dei HMKGs tredje gardekompani. Saman skal dei det neste året opptre både i inn- og utland, i alt frå tronjubiléet til dronning Elizabeth II i England til syttandemaimarkering for dei lokale barnehagane ved Huseby Leir.

Trompetist Ola Arnegård er ein av dei 76 musikantane i musikktroppen til kompaniet. Heilt sidan barneskolen har han spela i korps. Musikken har vore ein stor del av livet hans, og takk vere trompetlæraren på vidaregåande søkte han seg til musikktroppen. Etter prøvespel og intervju fekk han plass i signalkorpset.

DRAUM: For Ola har musikk alltid vore ein lidenskap, og trompet har vore hans føretrekte instrument sidan barneskulen.

Allereie frå dei set foten på innsida av Huseby leir er det forventa at uniforma skal vere stroken, håret skal vere i høve til militære standardar og skorne skal skine. Men sjølv om det er hardt, står dei saman og hjelper kvarandre gjennom tunge og vanskelege tider.

Det er her det gode samhaldet vert skapa, meiner Gresseth. Dei er små og aleine i ein stor leir, men dei står der som ein tropp og eit kompani.

Leg også: Gardemusikken delte årets høydepunkt med Sølvguttene

Gjennom rekrutten vil enda fleire kandidatar falle frå heilt til befalet meiner dei har den perfekte troppen. Rekruttane har da vore gjennom ein omfattande periode fylt med terping og drilling på SLO i tillegg til vanlig soldatutdanning.

Blodslit

Først etter jul kan dei kalle seg gardistar i Hans Majestet Kongens Gardes tredje gardekompani, og blant dei 36 drillgardistane står Anders Salvesen. Nå skal all merksemda rettast mot målet om å bli verdsleiande innan deira nye fagfelt. Og nedteljinga til Norsk militær tattoo er i gang.

For drillgardistane tyder det lange dagar på åtte til ti timar med slutta orden og to timer fysisk trening. Dagane er svært krevjande og utmattande, men oversersjant Gresseth er overtydd om at blodslitet er med på å byggje sjølvtillit og samhald. Han meiner og at dei brukar presset som blir lagt på dei, til eigen fordel for å prestere enda betre.

INSPEKSJON: Kvar dag blir gardistane sine rom og skap inspisert av befal. Ifølgje Gresseth skal gardistane setje standard for resten av kompania på Huseby. Kvar dag etter bruk blir uniformene stroke, og skoa skal bli pussa minimum tre gonger om dagen. Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum

– I starten var det tungt, eg kan vedgå at i aspirant- og rekruttperioden tykte eg det var ganske tøft, og eg tenkte på kor herleg det hadde vore om vi var vanlege soldatar i eit anna kompani eller berre ikkje var i Forsvaret, seier den nyklekte gardisten Salvesen.

– Og når vi byrjar å bli betre kjende så står vi saman i blokka før vi går på som ei eining. Det blir skikkeleg klein amerikansk brotherhood-film, men vi kjempar for kvarandre. Du står ikkje aleine, du er der med brørne dine.

Korleis motiverte du deg til å halde fram?

– Det var da vi byrja å få meir skryt og du fekk det til. Du ser konturane av noko større enn ein feilfri «Oladrill».

Kjenslene Salvesen skildrar er ikkje berre som ein klein amerikansk brotherhood-film, men heng tett saman med korleis vi menneske er sette saman. For det er ein samanheng mellom motivasjon og samhald.

Tryggleik og tilhøyr er eit svært grunnleggjande behov for menneske, forklarer Morten Tvedt, psykologspesialist og sjef Institutt for militærpsykiatri og stressmeistring (IMPS).

I Forsvaret vert mange ulike menneske samla i kompani, troppar og lag for å løyse ei felles oppgåve. Ein jobbar tett og blir avhengig av kvarandre for å utføre denne oppgåva.

Psykologspesialisten meiner det å få dekt dei grunnleggjande behova vert opplevd som motiverande. Det kjem spesielt il uttrykk når menneske vert utsette for høg stress. Dette handlar om at ein i belastande situasjonar ønsker å stille opp for makkeren sin.

– Samhald er limet som held einingar saman og skapar både individuell og kollektiv motivasjon.

KAMERATSKAP: Troppane lever tett på kvarandre og er svært komfortable i kvarandre sitt nærvær. Foto: Hedvig Idås, Forsvarets forum

Drillsesong

Men så aukar vanskegraden. Våren er snart over, og sommaren står for tur; det tyder at det er klart for avdelingsperioden. Nå skal musikk- og drilltroppen løyse oppdrag saman, og publikumstalet aukar for kvar gong.

Det luktar stramt av sveitte inne på roma til gardistane. Dei har nettopp gitt alt dei har under evalueringa til gardesjefen, men det tyder ikkje at stressnivået er noko lågare. For straks dei er ferdige, skal både paradeuniformer, våpen og instrument pakkast inn i bussane før dei set kursen nordover for årets første oppdrag. Sesongen vert sett i gang med ein smell på «Lillehammerreveljen». Framsyninga vert arrangert kvart år og er sjølve symbolet på starten av drillsesongen. Da kan sommaren kome med ei fullspekka oppdragsliste.

Blant karibiske trommer og lukta av hest, i slottshagen på Windsor Castle, står 3. gardekompani. Lyden av «Gammel Jegermarsj» flyt mellom dei store, kvite telta, kompaniet gjer seg klar for årets første utanlandsoppdrag. Det er tid for feiringa av dronning Elizabeth II´s 70 år på trona.

KONGELEG HONNØR: Under Dronning Elizabeth II sitt tronjubileum vart garden invitert for å spele for dronninga og familien.

Vidare følgjer oppdrag i sommarvarmen på Balkan før dei drar vidare til Basel Tattoo i Sveits. For og så til slutt å vende heimover for ein eigen landsturné i Trøndelag.

Signalkorpset er dei aller travlaste musikarane i troppen. Korpset, som består av signaltrommer, fanfare- og signalhorn, har eit hektisk program. Allereie to veker etter innrykk vert kalenderen til Arnegård og resten av korpset fylt opp, av oppdrag. Dei er med på alt frå konsertane til garden til seremoniar under VM i skiskyting, og dei spelar fanfarar på slottet.

Les meir om eit av oppdraga til kompaniet: Sønstebyprisen gjekk til Roseslottet

Gir seg på topp

Nedst i kjellaren på Huseby leir øver musikkgardistane. Gangane vert fylte av lyden av samstemte trompetar. Arnegård og dei andre trompetistane i signalkorpset er i full gang med treninga og instruering av nye øvingar. Det er berre drygt ein månad igjen til dimisjon, men øvinga går framleis for fullt.

Kva er det som held deg gåande, når du allereie har øvd i 5 timar og veit at det er fleire timar igjen?

– Det er litt krevjande, men du finn motivasjon i dei andre.

– Vi motiverer kvarandre og er gode makkerar for å halde det gåande.

– Og å tenkje på at ein stadig vil bli betre fordi vi framleis skal bli verdsmeistrar.

Det står framleis att eit stort oppdrag. Dei har spara det beste til slutt.

I september er det er tid for Norsk militær tattoo (NMT), det aller største innandørs arrangementet i Noreg. Gardetroppen er på heimebane, og framføre 1000 andre deltakarar og 20.000 i publikummarar, blir dette årets høgdepunkt og siste framsyninga for tredje gardekompani. Om dei når målet om å bli verdsmeister er uvisst, men ikkje uoppnåeleg. For årets kompani er ifølgje oversersjanten sjølv, veldig gode.

Powered by Labrador CMS