Nyheter:

Frankrikes president Emmanuel Macron.

Frankrike ber Israel skrinleggje planar om annektering

Frankrike ber Israel skrinleggje planane om å annektere palestinske område på Vestbreidda.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Frankrikes president Emmanuel Macron gjorde den franske posisjonen klar under ein samtale med statsminister Benjamin Netanyahu fredag, opplyser kontoret til den franske presidenten.

Macron understreka i telefonsamtalen at ei slik handling vil vere eit brot på folkeretten og undergrev moglegheita for ei tostatsløysing som grunnlaget for varig fred mellom israelarar og palestinarar, heiter det i meldinga frå Macrons kontor.

Powered by Labrador CMS