Nyheter:

«Bloody Saturday»

Det mest publiserte biletet i Vesten frå den andre japansk-kinesiske krigen.

​OM BILETET: «Bloody sunday» er det mest publiserte biletet i Vesten frå den andre japansk-kinesiske krigen. Biletet skapa ei kraftig negativ haldning i den vestlege verda mot den aggressive offensiven mot Kina frå keisardømet i Japan. Det er teke på ein jernbanestasjon i Shanghai like etter at jagarbombarar frå den japanske marinen gjekk til åtak mot byen. Den vesle guten, som ifølgje pressemeldinga nettopp hadde mista mor si og sjølv blitt brannskadd i åtaket, fekk etter kvart førstehjelp, men den endelege lagnaden hans er ikke kjend i dag. 

Dei japanske styresmaktene vart rasande da biltet vart publisert, først i Randolph Hearsts avsier og seinare blant anna i Life. Dei hevda at fotograven Wong hadde arrangert det spesielt for å fremje antijapansk opinion. Dei utlova ein dusør på 50.000 amerikanske dollar- i dagens verdi over fem millionar kroner-for hovudet hans. 

I ettertid er det fortalt at fotografen faktisk «lånte» den vesle guten av faren som også var på jernbanestasjonen, og plasserte barnet i skjenegangen. Elles er historia bak biletet stadfesta også ved bilete av barnet som fekk førstehjelp av ein speidargut på stasjonen. 

Fotograf Wang Haisheng 1900-1981.
Fotograf Wang Haisheng 1900-1981.