Nyheter:

Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy har gjort det til sitt mantra å kjempe for veteranar som slit.

Veteranhjelpa

Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy har gjort det til sitt mantra å kjempe for veteranar som slit.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fem år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Vi sit i ein ganske sliten BMW 320i frå 90-talet. Han har nok ikkje sett ein vaskeklut på mange år, seta ser ut som om bilen har fått juling av det stadige bergenske regnet, og det luktar sterkt av rullings.

– Eg må berre ha meg ein røyk, seier sjåføren. Han freistar å rulle seg ein Petterøe’s blanding 3 mens han køyrer. Det er automat, men det går ikkje sjølv om V6-aren mel som ein katt.

– Eg rullar ein for deg. Køyr du!

Underteikna får prøvd seg på noko eg ikkje har gjort sidan ungdomsåra. Over bergensk brustein ristar det så mykje at det nesten er så eg gir opp, men det går:

– Sjå der, ja! Han vart rett og fin, han.

Arild Lihaug fyrar opp rullingsen. Vindauga er lukka. Ein kvart kopp kald kaffi fungerer som oskebeger.



Framføre køyrer Bjørn Dåvøy i sin strokne BMW 5-serie. Dei kallar han berre for representasjonsbilen.

Vi er på jobb med veteranprisvinnarane for 2018.

– Kan nokon rulle ned eit vindauge, spør fotografen ...

Apekattar

Kvelden før møter vi dei på restaurant i Bergen. Sjølvsagt uterestaurant, sjølv om regnet pøsar ned som det ikkje har gjort på 13 år. Det vert sett nedbørsrekord denne kvelden og natta. Men Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy vil sitje ute mens regnet hamrar på plasttaket. Her kan dei nemleg røyke rullingsen sin mens dei ustanseleg pratar om å hjelpe veteranar, om «dei med for mykje pengar innanfor Ring 3 i Oslo» og om sin eigen diagnose post traumatisk stressliding (PTSD).

– Vi har PTSD heile gjengen, seier ein annan veteran, Kjellfred Alvheim. Han er med som «moderator for Arild og Bjørn». Det funkar dårleg. Det kjem rett frå levra heile tida. Dei to prisvinnarane legg ikkje noko imellom.

– Utan apekattar som Arild og meg blir ikkje trykket mot styresmaktene om veteransaka stort nok, seier Bjørn Dåvøy og ler. Men han meiner alvor. For begge var lei av at veteranorganisasjonane etter deira meining ikkje sette tankar om til handling. Dei meinte det skjedde altfor lite. I 2013 gjekk dei solo og starta si eiga veteranforeining, IntOps Bergen og Omland – Opp og Ut.

– Vi ville ha veteranane ut av sofaen og ut på tur. Vi trudde det kom nokre få, men vi vart over 30 deltakarar på den første turen. Sidan har vi arrangert fleire turar for veteranar og familiane deira. Somme gonger med enkel servering, som pølse og lompe, andre gonger utan noko som helst. Men det viktigaste for oss er at aktiviteten er heilt utan alkohol. Og vi treng ikkje gratis pizza for å møtast, seier Lihaug.



S

Sett i høve til dei rundt 100 000 soldatane som Noreg har sendt til internasjonale operasjonar, er det få som slit. Men det er nettopp desse få som Lihaug og Dåvøy kjempar ekstra mykje for. Dei møter nokre av dei nesten kvar einaste dag i områda i og rundt Bergen.

RULLINGS: Arild Lihaug på veg gjennom Bergen i sin slitne BMW og med rullingsen i handa.

– Tenk at det er veteranar i dag som ikkje har råd til å setje mat på bordet, eller som ikkje kjem seg ut av leilegheita eller huset dei bur i. Det er mange av dei same veteranane som kjempar mot staten, Statens pensjonskasse og NAV. Det er dei som brukar sine siste kroner eller innsamla pengar på å kjempe i retten for å freiste
å få ei erstatning for eit øydelagt liv – og som stadig får avslag. Dei har jo ikkje gjort noko for å bli slik, dei vart slik etter at dei gjennomførte eit oppdrag for landet, og da må landet stille opp i ettertid, meiner Lihaug. Han ristar på hovudet over at kompensasjonsordninga etter deira meining ikkje har noko igjen til veteranane.

– Det er jo nesten slutt på utbetalingane og erstatningane. Statsråden og Forsvarsdepartementet skuldar på at sakene må provast. Det er jo ikkje lett.

– Det er masse godord og fleskesvor, seier Dåvøy.

Tenk at det er veteranar i dag som ikkje har råd til å setje mat på bordet, eller som ikkje kjem seg ut av leilegheita eller huset dei bur i

Tingretten

Dagen etter møter vi i Bergen tingrett. Ein Balkan-veteran kjempar mot at ei gjeldsordning blir oppheva. For han vil det tyde økonomisk ruin – igjen. Arild Lihaug er der for å støtte veteranen. Ved lunsjtid er møtet i tingretten over.

– Det var ein bra gjennomgang av saka, og domaren verka som om ho tok dette veldig alvorleg og seriøst, seier veteranen. Lihaug nikkar og tar eit drag av rullingsen.

– Vi får sjå korleis det går. Men nå har du ei oppgåve, seier veteranen: Køyr meg heim, og kjøp ein sixpack med øl til meg! Eg treng det.

– Mange veteranar har det slik, seier Lihaug ettertenksamt etterpå.


PÅ KONTORET: Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy på kontoret i Bergen. Dei brenn for forsvar og for veteranar.


Det er nå vi sit i bilen hans, der rullingsen er tend, og røyken ligg som tåka i Holmenkollen.

Hentar mat

Vi er på veg til stader som dei to eldsjelene vil syne fram for oss. Som den nybygde garasjen til Dåvøy. Stappa med krabbeteiner, grillar, gassflasker, plasttallerkenar og esker med anna utstyr. Begge bilane må pent stå på utsida så lenge veteranutstyret skal stå tørt her i Skogsvåg på Sotra.

Seinare er vi innom ei systove som lagar veterankapsar.

– Vert dei ikkje fine? seier Dåvøy. Han flirar og ler mens dei to syskena på systova ler med. Det er god stemning.



Etter ein rullings trillar vi vidare til Matsentralen på Åsane. Her har Dåvøy og Lihaug fått avtale om å hente ut matvarer som har nokre skavankar eller som akkurat har gått ut på dato. Maten køyrer dei ut til veteranar som slit.

– Vi har henta ut fleire tonn mat her. Bilen min har gått heilt ned på fjørene, seier Lihaug.

Vi har henta ut fleire tonn mat her. Bilen min har gått heilt ned på fjørene

– Sjefen i Matsentralen har jobba i Forsvaret ein gong, så vi kom fort på bølgjelengd, legg Lihaug til mens han syner fram druer som byrjar å verte litt overmodne, paprika med blaute delar og blomkålhovud som ser heilt ok ut.

– Det er sunn mat, dette, ingenting i vegen med han. For ein rimeleg penge får vi tatt ut mat til veteranane. Vi betalar per tonn og har fått ei god avtale.

Bak oss vert det pakka cornflakes-esker som har fått ein vass-skade i pappen.

I RETTEN: I Bergen tingrett møter Arild Lihaug opp for å støtte\nein veteran.

– Maten er jo heilt fin, ofte er det berre det ytre som er dårleg, seier Dåvøy.

Pengane til maten får dei av støttespelarar.

Veterankort

Ein time seinare sit vi på restaurant igjen. Her har dei vore før, hamburgarane er visstnok heilt fantastiske. Lihaug drar fram deira eige veterankort.

– Vi orka ikkje vente på veterankort frå Forsvaret. Vi fiksa vårt eige. Sjå her, seier han og syner det fram. Det er avtalt rabattar med fleire stader i byen, opp mot 20 prosent på prisane, seier Lihaug. Dei siste åra har dei også laga veterankalender som dei sel.

KAPSAR: Bjørn Dåvøy hentar veterankapsar på systova til Randi Marhaug (i midten). Til venstre søstera til sydama, Gry Therese Sekkingstad.
TOPP MAT: – Maten er stort sett fin, sjølv om han har gått ut på dato, seier Bjørn Dåvøy (t.v.) og Arild Lihaug.

– Korleis orkar de å halde på?

– Om eg ikkje har noko å gjere, går eg til grunne, seier Lihaug alvorleg før både han og Dåvøy understrekar:

– Det gir oss veldig mykje å hjelpe veteranar. Vi veit korleis dei har det.


Veteranpris

Det er berre nokre veker sidan dei fekk Veteranprisen av Forsvaret. Ennå ramlar det inn gratulasjonar.

«Det viktigaste arbeidet er det arbeidet som veteranane sjølve står for.»

Det sa generalløytnant og sjef for Forsvarsstaben Erik Gustavson under Veterankonferansen på Lillehammer i september. I salen sat både Arild Lihaug og Bjørn Dåvøy.

Dei to veteranane har samla inn mange hundre tusen kroner til stiftinga Veteran- hjelpa, gjennom blant anna auksjonar på Facebook og andre innsamlingar gjennom foreininga dei fekk stifta.

Mange meiner det ikkje er nokon annan som har samla inn så mykje pengar til veteranane i Noreg.

– Det mest artige var da vi auksjonerte bort ein pent brukt snømann. Det var ei bøtte med vatn og ei gulrot, seier Dåvøy og peikar på Lihaug som den kreative sjela.

– Vi fekk 25 000 kroner for han. Og vi selde han to gonger, seier Lihaug og ler.

***

I garasjen til Bjørn Dåvøy er fleire av veteran-sakene til Opp og Ut lagra. Bilane må stå utanfor.
Powered by Labrador CMS