Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_3098_forsvartilsalgsipoleforum_3098_forsvartilsalgsipolehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10902LEDENASJON: Norges våpenindustri var en av hovedattraksjonene under en våpenmesse i Polen 2015, og daværende forsvarsminister Ine Eriksen Søreide stilte opp. /forum-media/PubImages/is fra mspo 6 2450.jpgLEDENASJON: Norges våpenindustri var en av hovedattraksjonene under en våpenmesse i Polen 2015, og daværende forsvarsminister Ine Eriksen Søreide stilte opp.

Julekalender dag 15: Forsvar til salgs

Kva veg 6250 laks og er fylt med teknologi som er viktig for norsk eksport?

Denne saken ble opprinnelig publisert i papirutgaven av Forsvarets forum (nr. 10-11 i 2015). Nå publiseres den for første gang på nett, i anledning Forsvarets forums Julekalender 2019.

Teknomusikk strøymer ut av høgtalarar, og lys pulserer i takt med bassen. Eit podium vert fylt med kvit røyk, nyfikne tilskodarar stimlar rundt. Eit teppe vert trekt til sides og avdekkjer hovudattraksjonen: ein polsk drone forma som ein veng. Publikum klappar oppglødd. Det er september og det nærmaste du kjem høgsesong i våpenindustrien. Norske bedrifter og styresmakter reiser Europa rundt for å syne fram eit lite stykke Forsvars-Noreg. Derfor er vi i Kielce i Polen. Vi går frå røykmaskina og den polske dronen til den norske paviljongen. Her er showfaktoren tona ned utan at det går ut over interessa. Noreg er «lead nation» på det som er Europas tredje største våpenmesse – det gir litt ekstra merksemd. 

– Akkurat no er Polen kanskje Europas viktigaste forsvarsmarknad, seier statssekretær Øystein Bø.

– At vi er «lead nation», gir oss eit ekstra høve til å halde oppe og utvikle vidare ein tevlingsdyktig forsvarsindustri.

Bø er i Polen. Det er også forsvarsminister Ine Eriksen Søreide. Og lurar du framleis på gåta i ingressen? Svaret er ein CV90. Den oppgraderte stormpanservogna er med til Polen. Kvifor? For å syne at forsvarsteknologi er ei viktig norsk eksportvare.

I ENGLAND 

To veker seinare, i London: 55 land er på våpenmesse, og langs Themsen ligg britiske og utanlandske krigsskip. – Shame on you, USA, ropar eit titals demonstrantar frå andre sida av elva. Dei druknar raskt i lyden av britiske spesialsoldatar som skal syne korleis de bordar eit fartøy. Storbritannia og Frankrike har inngått ein avtale – så slepp dei krangle om kven som er størst. Annakvart år arrangerer London og Paris luft- og landmaktmesse. I år har Frankrike ansvaret for luft, Storbritannia tar land – og har inkludert nokre element av sjø. Vi går inn i messeområdet til den norske paviljongen. Som i Polen så er det Forsvars- og sikkerhetsindustriens forening som har sett han opp.

– Det er fleire norske selskap her enn det var i Polen, seier materielldirektør Jon Laugerud. 

 

 

forum_3098_forsvartilsalgsipoleforum_3098_forsvartilsalgsipolehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10895I London: – Det er fleire norske selskap her enn det var i Polen, sa daværende materielldirektør Jon Laugerud i 2015./forum-media/PubImages/dsei 3 2515.jpgI London: – Det er fleire norske selskap her enn det var i Polen, sa daværende materielldirektør Jon Laugerud i 2015.

Han representerer Forsvarsdepartementet. 21 norske bedrifter er på plass i London, det er ni fleire enn det var i Kielce. 

– Så er jo dette den viktigaste messa i Europa, seier Laugerud. 

STORE AKTØRER 

Han sit i ein sofa hos ei av dei største norske bedriftene: Kongsberg-gruppa.

– Norske styresmakter er her fordi industrien er her. Og industrien stiller ut fordi vi kjem. Så vi er avhengige av kvarandre. Desse messene handlar om å syne seg frem, om å knyte kontaktar, seier han. 

– Kongsberg og Nammo er store. Dei er motorane i den norske forsvarsindustrien. Dei er high-tech-miljø, med svært avansert teknologi. Men vi har også fleire mindre bedrifter. Dei syner noko av veksten i norsk forsvarsindustri. Og det er kanskje vår viktigaste oppgåve her: å få fram «smarte-petterane». 

– Kva for posisjon har norsk forsvarsindustri? – Der som vi har valt å satse, er vi gode og tevlingsdyktige. Men bedriftene treng tilgjenge til marknadene. Det hjelper vi dei med. Og norske bedrifter har høg tillit. Det er ikkje minst takka vere Kongsberg-gruppa og Nammo. Kongsberg feirar 200 år. Dei som handlar med dei, veit at dei kjem til å vere her om 30-40 år også. Vi vitjar ei av de mindre, norske bedriftene. Atle Hepsøe frå Maritime Robotics er på våpenmesse for første gong. Han likar det.

– Eg er ganske opptatt av teknikk. Eg gler meg til å sjå kva andre stiller ut, seier han. Tre-fire meter over han heng ein svær ballong. Den vert brukt til oljevern. No vil dei inn på den militære marknaden.

– Forsvarets forskningsinstitutt skal teste ballongen, seier Hepsøe. Han syner fram kontrollstasjonen som ballongen er festa til. 

– Vi skulle fylle ballongen med helium, men vi fekk ikkje lov. Dei er litt strenge her, seier han. 

– Så vi festa han i taket i staden. Han er i alle fall synleg!

fjernstyrte våpenstasjonar

Tilbake i Polen: Kongsberg-gruppa har med seg både fjernstyrte våpenstasjonar og luftvern. Det som får mest merksemd, er likevel dei store lastebilane ved messe-inngangen. 

– Dette er ein «mobil launcher» for Naval Strike Missile (NSM). Han er del av eit kystartilleriprosjekt i samarbeid med det polske forsvaret, fortel Walter Qvam, som er konserndirektør i Kongsberg-gruppa. 

Han meiner det er svært viktig å markere seg på forsvarsmesser som den i Kielce.

– Noreg og Polen har på mange område samanfallande syn på kva vi treng når det gjeld forsvarsevne, seier han. Og samarbeidet mellom landa vil bli tettare. Under messa blir det underskrive ein avtale om testskyting av NSM på Andøya sommaren 2016. Og sjansane for å samarbeide om kjøp og drift av ubåtar vert diskuterte. Forsvarsmesser er ein møtestad for topp-politikarar. Med jamne mellomrom kjem delegasjonar frå heile verda innom den norske paviljongen. Fleire av dei er interesserte i ammunisjon frå Nammo, blant anna den polske forsvarsministeren Tomasz Siemoniak.

– Nammo har vore i Polen i ei årrekkje. Vi overfører teknologi til selskap for å gjere dei i stand til å produsere sin eigen ammunisjon. Blant anna utviklar ein polsk partnar ein viktig komponent for APEX-ammunisjonen til F-35, fortel administrerande direktør Morten Brandtzæg. 

Vi går utanfor messelokalet. Menn i svarte dressar klatrar inn i cockpiten på eit Apache-helikopter. Dei tar bilete. Ein tur på området syner at droneteknologi er i vinden. Dei kjem i alle fasongar og variantar, alt frå store våpenberande dronar til ørsmå «nano-UAV-ar». Den minste veg 18 gram og er norsk. 

– Black Hornet er seld til ti land og vert nytta operativt av britane i Afghanistan. Nyleg signerte også det norske forsvaret ein kontrakt, fortel Trond Roalstad i Proxy Dynamics.

EIT PAr i grønt 

Til slutt, i London: Fenrik Jonas Eggen og løytnant Kristina Minde er plukka ut av Forsvarsdepartementet for å støtte Kongsberg-gruppa. 

– Det gjer susen å få med eit par i grønt, seier ein frå Kongsberg-gruppa. 

 

 

forum_3098_forsvartilsalgsipoleforum_3098_forsvartilsalgsipolehttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=10896I grønt: Ifølge representanter for forsvarsindustrien var det viktig å få drahjelp fra ansatte i Forsvaret. /forum-media/PubImages/mspo 44 2505.jpgI grønt: Ifølge representanter for forsvarsindustrien var det viktig å få drahjelp fra ansatte i Forsvaret.

– Det gir oss truverde, og vi merkar auka interesse. Sjølv tykkjer Eggen og Minde det er heilt greitt å jobbe ei veke for forsvarsindustrien. Eggen er til dagleg på CV90 – han skal operere det same systemet som han syner fram på våpenmessa. No får han eit innblikk i kva det går ut på. Og Minde er instruktør på Hærens våpenskole. Ho skal undervise i mykje av det same. 

– Eg trur det er viktig for Forsvaret at vi er her, seier ho. 

– Og vi lærer mykje av å samarbeide med forsvarsindustrien. Eggen og Minde bruker kvar sin datamaskin, dei skal simulere eit oppdrag. Nye interesserte kundar vil vite korleis systemet fungerer. Minde har rolla som vognkommandør, Eggen er skyttar. Minde finn målet og eksporterer det. På skjermane ser du at Eggen råkar. Oppdraget er utført. Neste!

Publisert 15. desember 2019 07:00..