Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2168FN-skolenI Finland trener framtidige FN-observatørar frå heile verda./forum-media/PubImages/FINCENT_0001.jpg

Rytmisk ruggar ho fram og tilbake, den tilsløra kvinna. Fatimas hulking fyller teltet.
Ei einsleg glødelampe står på bordet framføre henne. Kaptein Stella W. Chiya, FN-observatør frå Tanzania, sit på andre sida av bordet. Ho freistar å avhøyre Fatima, som nettopp har opplevd at svogeren er blitt kidnappa. Ei rekkje av innbuarane i landsbyen er blitt drepne.

Vi kunne ha vore i Afghanistan no. Eller i ei anna konfliktsone. Men dramatikken vi er vitne til, spelar seg ut i dei djupe, finske skogane. Vi er på observatørkurs. Her vert framtidige observatørar i FN-styrkane lærte opp.

 

 

forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2162GENDER-SENSITIVT: Kaptein Stella W. Chiya freistar å avhøyre «Fatima» om ugjerningane i landsbyen./forum-media/PubImages/FINCENT_0002.jpg


Rollespel.
«Fatima» heiter eigentleg Hanne Dumur-Laanila og går tydelegvis opp i rolla si med liv og sjel.

– Nå har eg gråte 15 gonger sidan morgonen i går, fortel ho og ler, ennå ikkje lei av å vise sterke kjensler «på kommando», verkar det som.

– FN-observatørane skal klare å finne ut at Fatima er den som veit mest om kva som har skjedd i landsbyen, dersom dei er litt lure, opplyser Dumur-Laanila.

Ho er ei av over hundre amatørskodespelarar og statistar som er innleigde til dette føremålet. Til vanleg forskar ho på internasjonale relasjonar i det finske forsvaret.

FN-observatørane skal klare å finne ut at Fatima er den som veit mest om kva som har skjedd i landsbyen

Attkjenneleg. For tida deltar fire elevar og to instruktørar frå Noreg. Deltakarane har øvd saman i observasjonslag (OP-lag) eller i patruljar. Dei har blant anna blitt tatt til fange og kursa i det ein kallar «conduct after capture», eller åtferd etter å ha blitt tatt til fange.

– Vi har køyrt rundt, skrive rapportar, rett og slett halde på slik vi ville gjort i FN-teneste, seier John Otto Pedersen.

 

 

forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2164OVERVAKING: To kursdeltakarar frå henholdsvis Afrika og Finland observerar ei våpenkvile som er broten./forum-media/PubImages/FINCENT_0004.jpg
forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2167MULTIKULTURELT: John Otto Pedersen blei utpeika til «klassepresident» på kurset./forum-media/PubImages/FINCENT_0017.jpg


Da F er på besøk, er føremålet at laga skal klare seg mest mogleg på eiga hand. Dei skal drille evnene sine innan kommunikasjon, navigering, sanitet, takle ulike dramatiske situa- sjonar, teste evna til å kunne samarbeide, obser
vere og rapportere.

Pedersen har deltatt i fleire internasjonale operasjonar tidlegare, det vil seie Afghanistan, Irak og to gonger i Libanon.

– Er det som skjer her, realistisk?

– Ja, det vil eg seie. Det meste ein blir utsett for i eit operasjonsområde, kan skapast att. Vi er jo ikkje i Afrika eller i Midtausten, dette er den finske landsbygda og furuskog, men settingen kjenner eg igjen frå Midtausten. Og så må jo kvar og ein leve seg inn i det, da.

Vi er jo ikkje i Afrika eller i Midtausten, dette er den finske landsbygda og furuskog, men settingen kjenner eg igjen frå Midtausten 

Kulturforståing. Laget hans er «ein skikkeleg internasjonal miks», som Pedersen sjølv seier det. Dei andre er tre kvinner frå høvesvis Zimbabwe, Uganda og Nigeria, ein mann frå Bhutan og ein finsk offiser. Nokre av dei største utfordringane med elevar frå mange ulike land er ulik kulturforståing og i tillegg språkbarrierar. Ikkje alle er like gode i engelsk.

– Å jobbe saman med folk frå ulike kulturar er i seg sjølv viktig trening. Det er ikkje alltid folk løyser oppgåvene etter den norske metoden – og vår metode er heller ikkje alltid best, men vi lærer av kvarandre, seier Pedersen.

Reiseklare. Frå april neste år skal han tenestegjere i United Nations Truce Supervision Organization (UNTSO) som sjef for Observer Group Damascus på Golanhøgdene saman med tre andre militære som også har deltatt på kurset. Dei europeiske kursdeltakarane har allereie søkt seg ut på stillingar som observatørar, liaisonoffiserar eller militærrådgjevarar. Elevane frå Asia, Afrika, Sør- og Mellom-Amerika søkjer seg ut eller blir beordra til FN-oppdrag etter at dei har gått kurs.
Operasjonsområda elevene kan hamne i, strekkjer seg frå fjella i Pakistan til Midtausten, Afghanistan, Afrika og på Balkan.

 

 

forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2163MULTINASJONALT: På dette UNMEM-kurset er det 46 elevar frå 21 ulike land./forum-media/PubImages/FINCENT_0008.jpg
forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2165KJENNETEIKN: I leiren står dei karakteristiske FN-bilane klare til patrulje./forum-media/PubImages/FINCENT_0018.jpg
forum_738_fnskolenforum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2166SPRÅKBARRIERAR: Nokre av dei største utfordringane med elevar frå mange ulike land er ulik kulturforståing og språk./forum-media/PubImages/FINCENT_0010.jpg


Minefelt. Tidlegare på dagen strekkjer skogen seg ut framføre oss så langt auget kan sjå. Vi labbar i tett tyttebærlyng, og på eit av dei høge, smale furutrea heng eit trekantskilt med daudinghovud og varslar om at heile området etter alt å døme er minelagt. Ei kvit feltvogn kjem køyrande i høg fart på grusvegen.

– Laga som er på mobil patruljeteneste i området, har i forkant hatt ein grundig teoretisk gjennomgang av korleis dei skal løyse situasjonar dei kan kome opp i, seier offiser i det finske forsvaret, Elena Ojala, ein av kursarrangørane.

– Likevel gjer 80 prosent dei same feila. Men da lærer dei, det er betre å gjere feil her enn ute i FN-misjonane.

Det er betre å gjere feil her enn ute i FN-misjonane

Auka satsing. – Kjernen her er nordiske instruktørar som har ei toårig beordring om gongen. Dei kjem frå Finland, Noreg og Danmark, i tillegg er det ein gjesteinstruktørfrå Sveits på dette kurset, opplyser instruktør Stein Erik Kirknes. Han er i gang med si andre beordring til Finnish Defence Forces International Centre (FINCENT).

– Det er mange som ser mot Norden. Vi er kjende som «The Natural Born Peacekeepers», seier major Kirknes.

Det er mange som ser mot Norden. Vi er kjende som «The Natural Born Peacekeepers»

På dette UNMEM-kurset (United Nations Military Experts on Mission), er det 46 elevar frå 21 ulike land, fleire enn nokon gong. Kvinnedelen denne gongen er også høgare enn før, meir enn 50 prosent. FN har eit uttalt mål om å utdanne fleire kvinnelege observatørar.

Tilbake i leiren er John Otto Pedersen full av inntrykk etter ein innhaldsrik dag som markerte slutten på tre intensive veker.

– Eg hadde venta meg mykje i forkant og vil seie at kurset har innfridd. 

Publisert 13. desember 2017 10:42.. Sist oppdatert 14. desember 2017 08:58.

 

 

forum_738_fnskolenforum_626_usapåtvers/usa-på-tvers/forum-media/PubImages/1.jpgUSA på tvers21 veteraner og medfølgere er på drømmetur i USA: Route 66 med Harley-Davidson.forum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=1373
forum_738_fnskolenforum_375_reportasjeikkekallde/reportasje-ikke-kall-det-borgerkrig/forum-media/PubImages/20170217OST_3660.jpg– Ikke kall det borgerkrigFor den norske forsvarsattacheen er det to klare parter i krigen i Ukraina. En av dem er Russland. forum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=1374
forum_738_fnskolenforum_134_utlandmaliskarpsikri/utland-mali-skarp-sikring/forum-media/PubImages/20161109OST_9884.jpgSkarp sikringMali: Et øredøvende smell etterfulgt av en hvit røyksky gjør at bilen bråstopper. Ut kommer fire soldater som åpner ild med automatvåpen. forum_738_fnskolenhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedPages/DispForm.aspx?ID=1375