Éin arrestert for nedskytinga av MH17

Ukrainsk tryggingsteneste har arrestert ein mann som blir mistenkt for å vere involvert i nedskytinga av eit passasjerfly over Ukraina i 2014.

Publisert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Mannen som er arrestert, skal ha koordinert Russlands krigføring i Aust-Ukraina, skriv den ukrainske avisa Kyiv Post.

298 menneske vart drepne då passasjerflyet MH17 frå Malaysia Airlines vart skote ned over Aust-Ukraina i 2014. 193 av passasjerane var nederlandske statsborgarar.

Lydopptak tryggingstenesta har offentleggjort frå dagen etter nedskytinga, viser visstnok at mannen som vart arrestert tysdag, gav ordre om nedskytinga.

Powered by Labrador CMS