Flyktningen

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

19 år gamal var Leo Ajkic på sesjon og klar til å gjere si plikt i Det norske forsvaret. Men innkallinga til fyrstegongsteneste lot vente på seg.

– Eg var motivert, men gledde meg ikkje akkurat til å «leike krig». Folk som synes det er gøy, skremmer meg.

– Då Forsvaret endeleg tok kontakt igjen, var eg midt i tjueåra og godt i gang med jobb, så det passa dårleg.

Freidig fyr. I staden har Ajkic bidratt på andre måtar til det norske samfunnet. Det byrja i lokalradio i Bergen, som småfrekk og freidig reporter. Han er også ein kjend figur i det bergenske musikkmiljøet, som produsent og manager. Etter han vart teken inn i varmen i NRK, har han jobba med ei rekkje ulike program.

– Eg er stolt av å ha blitt ein person som folk no vil ha på CV-en sin, at eg kan hjelpe andre fram. Før var eg den som var avhengig av å få ein sjanse.

Ajkic meiner han sjølv er eit godt bevis på ein godt integrert nordmann med framandkulturell bakgrunn.

– Bosniarar er av dei med høgst utdanning og sysselsetting. Eg har heile tida gripe sjansane som har dukka opp med opne hender.

Bosnia-Bergen. Leo Ajkic vaks opp i den bosniske byen Mostar, med foreldra og ei yngre søster. Mora Mladenka er kroat, og far Jasmin er bosniar.

– Før krigen var Mostar ein av dei stadene i Jugoslavia med flest blanda ekteskap. Foreldra mine har aldri vore religiøse, likevel var kroatiske soldatar på jakt etter far min, fortel Ajkic.

Jasmin Ajkic, som er utdanna siviløkonom og ingeniør, arbeidde i det statlege energiselskapet Elektro-Hercegovina under krigen.

Måtte ykte. Då Mostar blei bomba, gøymde familien Ajkic seg i kjellaren. Seinare byrja etnisk rensing. Frå vindauget i leilegheita, kunne dei sjå at soldatar tvang menn ut av husa og samla dei i kolonnar før dei blei dytta inn i lastebiler. 

Eg er stolt av å ha blitt ein person som folk no vil ha på CV-en sin, at eg kan hjelpe andre fram.


Då soldatane banka på deira dør, gøymde faren seg. Mora Mladenka var i lengre tid på flukt saman med dei to borna.

Mellom anna var dei i Tyskland og Kroatia ei tid, før familien blei samla i Norge i 1994. Dei hamna i Bergen, der foreldra fortsatt bur.

– Eg vaks opp i ein bydel i Bergen som er ganske hardt belasta, det i seg sjølv gjev ikkje dei beste vilkår for suksess i livet.

Men Leo Ajkic klarte seg altså bra, mot alle odds. No er han berre «jobbflyktning» til Oslo.

Journalistisk skup. Den bosnisk-serbiske krigsforbrytaren Ratko Mladic, blei arres- tert i mai i 2011 i landsbyen Lazarevo i Serbia. Då var Leo Ajkic berre ti mil unna og høyrde på radio. Mladic hadde vore på rømmen i seksten år og var den mest etterlyste mannen i Europa, for krigsbrotsverk.

– Eg var på jobb for NRK og skulle lage program om miner saman med Norsk Fol- kehjelp. Eg nytta sjansen til å lage nyheitsinnslag om Mladic, som ein av dei første norske journalistane, så det blei eit skup.

Mladic var hærsjef i den bosnisk-serbiske hæren under krigen i Bosnia fra 1992 til 1995. Han er blant anna tiltala for å stå bak nedslaktinga av 8 000 muslimske menn og gutar i byen Srebrenica i juli 1995.

Vil vere nøytral. Leo Ajkic har lagt krigen bak seg og ser forbi religion, etnisitet og hudfarge.

– Eg bryr meg ikkje om ein kompis er serber eller kroat!

I haust har han hatt ikkje mindre enn to ulike program på NRK, mellom anna realityserien «Diktaturet», der åtte ungdommar sperrast inne for å lære om demokrati. I tillegg har Ajkic vore ein sentral del av kommunevalsatsinga til statskanalen.

– Men eg vil ikkje sjølv ta noko offentleg, politisk standpunkt eller bli tatt til inntekt for noko parti. Generelt mislikar eg all politisk ytterligheit og fundamentalisme. 


Powered by Labrador CMS