Fight Club

– Tenk som Mike Tyson!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over seks år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I ein litt slitt gymsal like ved Akershus festning er fem menn og tre kvinner frå Forsvaret kampklare og utstyrte med boksehanskar. 

Muhammed Jonas er tidlegare boksar og har vunne to NM. Han ropar at dei skal tenkje som den tidlegare verdseinaren Tyson.  

Jonas er i dag gjestetrenar, utlånt frå tradisjonsrike Sportsklubben av 1909 i Oslo.  

– «Step into the hole, sit, jab», instruerer Jonas. Det tyder å utnytte ei opning i forsvaret til motstandaren, kort fortalt.  

– Teknikken treng ikkje vere så avansert, det enklaste er ofte det beste, slår han fast. 


LÅGTERSKELTILBOD: Her trenar sivile og militære om kvarandre.
INITIATIVTAKAR: Aksel Sogstad er primus motor bak boksetreninga.

Jabb. Anette Bastviken er allereie sveitt. I omtrent eit år har ho vore med på boksetreninga. 

– Det var kollega Agnes som fekk meg med, ho hadde byrja allereie. Og eg blei hekta frå første stund. 

Jonas går rundt og korrigerer deltakarane som trenar to og to. 

– Strekk ut jabben! Bruk berre venstrehanda! seier han til Bastviken. Her er sivile og militære om kvarandre. Etter å ha trent i omtrent ti minutt med éin partnar byter dei.  

Teknikk. Vektklasse er ikkje avgjerande på dette nivået, her finn du lange, muskuløse menn saman med vevre kvinner. 

– Dette er eit lågterskeltilbod for alle i Forsvaret, både sivile og militære, seier Aksel Sogstad, initiativtakar til boksetreninga. Han er sjølv sivilist. At han for tida berre kan bruke eine armen, ser ikkje ut til å påverke Sogstad nemnande. Venstrearmen ligg dekkjande mot brystet mens han brukar høgrearmen til å jabbe med. 

– Eg brekte kragebeinet da eg køyrde roadracing på bane, forklarar han. 

Men forsikrar samstundes at boksetreninga er fullstendig trygg for alle. 

– Det er teknikk vi trenar på her. Deltakarane skal lange ut, men freiste ikkje å råke kvarandre. 

GJESTETRENAR: Muhammed Jonas er utlånt frå tradisjonsrike Sportsklubben av 1909 i Oslo.
TRYGT: Deltakarane skal lange ut, men freiste ikkje å råke kvarandre.

Sogstad seier boksing er ein fin sport for alle som vil trene på koordinasjon, kondisjon, spenst og balanse. 

Klar for sparring. Etter omtrent eitt år med teknikktrening får ein lov til å byrje å sparre på ordentleg, gå hardare til verks i slaga, men framleis innanfor kontrollerte former.  

– Det går jo mykje på det mentale også, å psyke ut motstandaren, ein må vere skjerpa, seier Bastviken. 

Etter avslutta time tørkar ho nå sveitten av panna, fortel at ho vil ta steget vidare om ikkje så lenge. Aksel Skogstad har oppmuntra, sagt at ho er klar. 

– Boksing er gøy! Tannvernet ligg klart til å bli tatt i bruk, seier ho og smilar. 

Powered by Labrador CMS