Nyheter:

Julekalender dag 13: Gøymestaden

I dag begraves krigshelten Ragnar Ulstein. I 2014 blei vi med han tilbake ved huset der han så vidt slapp unna.

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne saken ble opprinnelig publisert ​i papirutgaven av Forsvarets forum utgave 4 2014. Nå publiseres den for første gang på nett i anledning Forsvarets forums Julekalender 2019, og på dagen Ragnar Ulstein begraves fra Spjelkavik kirke. 

– Vi kom inn vestfrå her, med ubåtjagaren Hitra. Det var 14. oktober 1944, seiermotstandsmannen Ulstein og peiker.

– Vi skulle i land i Dombevågen.

Det var ein trygg tilhaldsstad den gongen, blei dei fortalde. Innlaupet til vågen var både vanskeleg å sjå og for trongt til at tyske skip ville sigle inn. Og på Domba budde motstandsmannen Martin Domben. Men så ein morgon blei det slått alarm. To tyske skip var på veg.

– Vi stod og såg på at dei kom, fortel Ulstein.

– Vi kunne ikkje forlate huset, det ville blitt observert frå skipet, så vi måtte berre vente. 

Skipet la til, tre-fire tyskarar marsjerte mot huset.

– Akkurat da fekk eg ei kjensle eg aldri før hadde hatt under krigen, eg blei kald nedover ryggen. Redsla fór som ei kule. Augneblinken tidlegare var fred og glede. Vi var i ei felle, og alle i huset var i akutt fare. Det kunne bli skyting, rop og skriking om få minutt. Ein katastrofe for familien og truleg for oss. Alt dette fór gjennom hovudet. 

På loftet låg Ulstein og kollegaene med maskinpistolane retta motstova. Kvar einaste muskel i kroppen spend, klare for å skyte om dei måtte. Det banka på døra, og husverten Martin spurde, barsk irøysta: «Kva er det de vil?».

Svaret var høgst uventa.

– Kjøpe nokon egg,sa tyskarane på dårleg norsk.

– Vi harikkje nokon egg!

De tyske karane forsvann frå huset utan egg, men etablerte seg på land og blei liggjande der heile dagen. Så fort dei drog, sende Ulstein telegram om detsom hadde skjedd.

– Hadde dei kome dagen før, hadde vi gåttrett i fella!

Blir film

Nesten 70 år etter er 93 år gamle Ragnar Ulstein tilbake i Florø-området. KNM Hitra er blitt museumsskip og legg til kai inst i ei idyllisk vik. Ulstein gåri land – tett følgd av eit filmteam, leia av John Charles Kvam ved Forsvarets mediesenter. Dei lagar ein dokumentar om Ulsteins innsats under andre verdskrigen. Ulstein er også ein av hovudpersonane i dokumentaren «Gutta på skauen», som har premiere 8. mai.

Opptaka har gått føre seg på stader der Ulstein og dei andre krigsveteranane opererte under krigen.

Ragnar Ulstein er blant dei siste i livet frå Kompani Linge. 70 år etter er han tilbake i havgapet utanfor Florø.

– Ragnar Ulstein er ein særs god forteljarsom har utruleg mykje kunnskap. Ulstein er blant dei som kjenner krigshistoria best, og han gjorde ein imponerande innsats under krigen, seier Kvam.

– Vi har tatt for oss nokre viktige episodar frå innsatsen til motstandsrørsla i filmane. Dette skuldar vi både deisom medverka under krigen, og etterkomarane deira. 


Kjentmann

På brygga ventar eit kjent fjes: Arne Øvrebotten, kamerat og motstandskollega.

– Hadde ikkje Linge-karane og etterretningsagentane hatt slike som Arne, kunne dei ikkje organisertseg som dei gjorde. Kontaktane var heiltsentrale i arbeidet. Det var gjennom dei den militære motstanden i Noreg blei organisert, seier Ragnar Ulstein.

I områdetrundt Florø blei viktig informasjon og nødvendige varer utveksla mellom motstandsrørsla og kjentfolka. Hausten 1944 organiserte Ulstein og kollegaen Harald Svindseth Milorg-styrkar under kodenamna «Siskin» og «Snowflake» i Sogn og Fjordane.

– Arne Øvrebotten og faren Torbjørn blei snart blant dei mestsentrale mennene i «Snowflake». Og ikkje berre dei, men heile familien: mora og dottera!

Under ein operasjon i januar 1944 budde han i heimen til familien.

– Tyskarane hadde god grunn til å tru at det var etterretningsfolk eller milorg-styrkaristroket. De gjennomførte seinare eit stortraid i huset deira for å leite etter hovudmannen, men dei fann han aldri. Midt oppi dette flukt- og angstbiletet fekk Torbjørn og Arne sendt folk opp i dalen til ein gøymestad dei hadde førebudd.

– Arne Øverbotten var ein av våre beste folk! 

Tilteneste.

Ragnar Ulstein var 21 år gammal da han melde seg til teneste i Storbritannia. Å kome seg dit var ingen enkel operasjon.

– Vi var ein flokk ungdomar som stal ein båt. Slik sparte vi eigaren for arrestasjon. Han ville vere uvitande om det som hadde skjedd. Alt måtte gå føre seg i løyndom – vi kunne ikkje snakke om planen til nokon.

I juli 1941 byrja seksten menn og ei kvinne den ambisiøse og krevjande reisa over havet til Shetland. Men båten fekk motorhavari, og forsøka på å reparere motoren var nyttelause. Dei måtte drive attende til Noreg, men med ein gong båten var reparert, tok dei igjen fatt på turen. Utan noka form for navigasjon kom dei til Shetland sju døger seinare.

Her er Ragnar Ulstein utanfor Norway House ved Trafalgar Square i London, hvor den norske overkommandoen holdt til. Foto: Erling Eikli

– Vi hadde ikkje ete på veldig lenge og var frykteleg svoltne og tørste. Familien som tok oss inn, var nok ikkje spesielt rike, likevel slakta dei eit lam da vi kom og gav oss eit herleg måltid, fortel Ulstein.

Deretter gjekk ferda til London der Ulstein møtte kaptein Martin Linge for første gong og blei med i kompaniet hans.

– Rundt 3000 nordmenn drog over Nordsjøen til England. Mange lurar på kvifor ikkje fleire drog, men det var vanskeleg og farleg, forklarar Ulstein.

– Vi var aldri i tvil, sjølv om vi stod i fare for å miste livet. Det ville blitt ein ynkeleg slutt med tortur og død. Men det var ikkje med i medvitet vårt. Eg var 21 år gammal, og i den alderen gjer ikkje redsle seg så gjeldande. Eg sov godt bortsett frå éi natt.

Filmteamet må gjere fleire opptak. I bakgrunnen følgjer kona Jenny med. Fru Ulstein smiler og ler med mannskap og mediefolk, men er også streng. Ragnar får ikkje prate for lenge av gongen, for å spare stemmebanda. Jenny Hermine Ulstein er utdanna sekretær og «held orden på alt», ifølgje mannen. 

Men Ragnar er ikkje alltid like flink til å gjere som kona seier. Når han først er i gang med å fortelje, er han vanskeleg å stoppe.

– Hausten 1943 var det tre av oss som var i Nordgulen, nord for Florø, med kajakkar og sprengstoff. Vi var lærte opp til å padle inn mot skipssider og føre sprengstoff seks fot under vatn inn mot skutesida, slik Gregers Gram og Max Manus hadde gjort med hell i Oslofjorden. Etter kvart som tyskarane fekk hundar på dekk, blei denne framgangsmåten vanskelegare, forklarar han. 

Men ein slik operasjon gjekk føre seg i botnen av Nordgulen, som i periodar var ei tysk konvoihamn. Dei søkte dit om natta i frykt for ubåtar og MTB-fartøy som kom frå Shetland.

Natta var beksvart, havet stille, fortel Ulstein. Fienden i det tyske skipet ante fred og ingen fare, i det tre kajakkar gleid lydlaust mot dei. Dei tre nordmennene hadde trekt lodd om kven som skulle gå inn til skipssida og plassere ladningen. 

– Ein måtte ut og angripe, mens dei to andre følgde etter. Det blei ikkje meg, men kameraten min, Harald Svindseth, som padla ut i den mørke natta mot skipet. Tre kvarter seinare var kameratane igjen samla. I det dei gjekk i land, eksploderte ladningane, rundt 30 timar før tida, for skipet skulle ha vore ved trøndelagskysten! Tidsforseinkinga hadde ikkje verka, og dermed var staden øydelagd for nye operasjonar mot skip. 

70 år etter minnes Kompani Lingemedlem Ragnar Ulstein og kjentmann Arne\nØvrebotten det unike samarbeidet under krigen
Ragnar Ulstein om bord på KNM Hitra.
Ragnar Ulstein og Arne Øvrebotten.

– Vi visste det ville bli razzia innan få timar. Så vi drog av garde til fjells og gjekk i tre døger til vi nådde havet. Nokre veker seinare var vi tilbake på Shetland. 

Kontrast

70 år seinare putrar KNM Hitra gjennom det vakre landskapet. Det angar friskt av salt sjø. 

– Eg har ikkje vore her ute på havet ved Florø sidan krigen. Det er spesielt og vekkjer mange minne. Eg minnest vi var så glade da vi kom i land i Noreg etter opptrening i Storbritannia. Vi blei mottekne med glede, som om vi kom frå himmelen! Ulstein smiler.

– Ja, det var ei lykke å kome attende. Men kvar tilbakekomst kunne vere vår siste!


Powered by Labrador CMS