Ragnar Ulsteins siste spor

Den nyopna personalmappa til krigshelten fortel om ein usikker ung rekrutt i Kompani Linge. Men sommaren 1943 skjedde det noko som endra oppfatninga av den unge sunnmøringen.

Dei fór ut i det ukjende, ungdommane frå Ulstein. Å stikke til havs ein ljos sommarkveld i 1941 var risikabelt. Dei hadde ikkje mørket som ven, og sjøkunnskapane var ein fjern kjenning. Ein øydelagt motor sette dei ut av kurs. I staden for Shetland hamna dei på Nord-Møre. Ein lokal smed vølte motoren, og sende dei av stad med orda: No kan de gå til Amerika om de vil.

Det vart nesten Amerika på dei. Dei kom ut av kurs. Fiskarar med erfaring frå Shetland hadde sagt dei måtte lodde 90 famnar, og det gjorde at dei fann ut dei måtte endre kursen. Men i staden for ein paradeseglas til Lerwick på Main Land hamna dei på øya Yell, den nest nordlegaste av Shetlandsøyene. Overfarten hadde tatt åtte dagar, i staden for det omtrent halvtanna døgnet dei hadde sett føre seg då dei forlèt heimane. Dei gjekk svoltne og medtatte i land.

Åleine med Linge

Dei var sytten. Snart var dei på veg sørover. Lerwick-Aberdeen, Aberdeen-London. Som alle flyktningar vart dei avhøyrde på Royal Victoria Patriotic School av MI5. Der måtte dei fortelje om livet fram til då, tyske avdelingar og stillingar dei hadde sett i det okkuperte Noreg. Slik skapa britane seg gradvis ein betre oversikt om kva som gjekk føre seg i landet på andre sida av Nordsjøen. Etter nokre dagar med avhøyr vart dei slepte fri til norske styresmakter. I praksis tyda det samtalar på etterretningskontoret til kaptein Finn Nagell. Deretter vart dei sende til ulike avdelingar. Den norske brigaden i Skottland, Marinen, Handelsflåten, eller den norske fiskeflåten i Skottland. Berre ein av dei hamna i den norske avdelinga til SOE - Ragnar Ulstein. Vegen dit var via eit anna kontor. Det til Martin Linge.  

I biografien til Gunnar Myklebust om Ragnar Ulstein vert den vordane Kompani Linge-rekrutten sitt møte med Linge skildra. Nesten 70 år seinare er den augneblinken framleis meisla inn hos han. Det same er nokre episodar frå rekruttida. Men hans eiga oppleving av den fyrste tida i Kompaniet er meir og mindre viska vekk. For historikarar er ikkje dette nokon uvanleg. Folk hugsar stykkevis og delt. I nokre høve hugsar dei ting dei har høyrt seinare. Men personalmappa til Ulstein, som vart frigjort for eit par veker sidan, fortel ei meir utfyllande soge. Ei soge om korleis han takla overgangen frå ung idealist til livet i Noregs fyrste spesialstyrkar. Overgangen vart alt anna enn enkel.

Han hadde, meinte visekorporalen, «delvis mindreverdskompleks», og han hadde ikkje nokre spesielle vener på kullet.

Er eg god nok?

Kull 26H møtte til grunntrening på Stodham Park i Hampshire midt i august 1941. Av dei 21 som møtte, var Ulstein blant dei yngste. Han var einaste sunnmøringen i ein gjeng hovudsakleg sett saman av bergensarar og austlendingar. Eldstemann var eitt anna unntak. Oscar Ravn frå Narvik-kanten, ein sjømann som ikkje hadde sett føtene på norsk jord sidan 1924. Bergensaren Per Blystad, som hamna i Shetlandsgjengen, byrja alt i starten å legge planar for operasjonar i Noreg. Han la lumske planar saman med Rolf Elboth og Kaare Eugen Kirkvaag – broren til Rolf og onkel til Trond. Kirkvaag hamna til slutt i luftforsvaret i Canada og vart buande der etter krigen. Som løytnant kriga han for canadiarane i Korea. Den gamle Ravn vart mislikt av dei fleste i kullet. Jamvel om han var med på det andre Lofoten-raidet, forsvann han òg ut av rullane. Det vart til slutt berre ti av dei 21 som vart verande i Kompani Linge. Utover i 1942 forsvann mange andre stadar, men ein som var med vidare var kullet sin outsider – Ragnar Ulstein.  

Kullansvarleg var den nyutnemnde visekorporalen Odd Walter Monsen. Ein brite med norske foreldre og tidlegare omsettar for eit shippingselskap. 26H var det fyrste kullet han hadde ansvaret for. Det var fleire på kullet som fekk blanda evalueringar av Monsen, og Ulstein var ein av dei. Han hadde, meinte visekorporalen, «delvis mindreverdskompleks», og han hadde ikkje nokre spesielle vener på kullet. Dette var òg omkvedet på geriljakurset i Skottland, men «han har utvikla seg litt». Ulstein fekk to fallskjermhopp på Ringway utanfor Manchester 12. oktober, været hindra partiet i å gjere natthopp. Med det var grunntreninga over 12. oktober 1941.

Dei nye berserkane

Men i kva grad fekk Monsen sitt syn på Ulstein følger? Ikkje i særleg grad. Han var langt frå den einaste på kullet som kom dårleg ut i karakterboka, men alle kom gjennom treninga og vart innlemma i kompaniet. Til det var det nok fleire årsaker. I slutten av 1941 var det i hovudsak to store operasjonar som var i kjømda og eitt som var i startgropa. Operasjon Clairvoyant og det som vart raida i Måløy og Lofoten. Clairvoyant var eitt åtak på fleire kraftverk i Sør-Noreg og ferjene på Tinnsjøen, men vart aldri noko av, men det vart brukt store ressursar på operasjonen.


Ein frå kullet til Ulstein vart med i den gruppa, medan minst ti vart tekne ut til Lofoten-raidet og ein til Måløy. I alt var det 33 frå SOE med i Måløy og 77 i Lofoten. Det vart plukka mannskap frå dei åtte fyrste kulla, som hadde trena 177 mann. Nesten to tredjedelar av dei som var trena i Kompani Linge var altså i sving i romjula 1941. Jamvel om det aldri skulle bli like store operasjonar i reine tal resten av krigen, kom raida med ein bismak. I Måløy fall Martin Linge, som hadde rekruttert dei alle. I Lofoten trudde dei norske at dei skulle bli verande som ein del av ein alliert invasjon. Og Ragnar Ulstein uttrykker i biografien om han, kor skuffa dei norske soldatane var då ordren kom om å trekke seg attende. «Dei norske soldatane var lamslått av undring», som han uttrykte det til Gunnar Myklebust.

Både britane og nordmennene trudde dei skulle vere lengre i Lofoten og drive ei slags øyhopping inn mot fastlandet. Då dei trakk seg ut etter halvanna døgn var både sider skuffa. Moralen til nordmennene sokk omtrent omgåande, skreiv Erling Sjo i sin rapport. Den britiske majoren John Watt Torrance, som hadde kommandoen over dei norske styrkane, skreiv ein drepande rapport om manglande disiplin og rot blant SOE-nordmennene. «Lugarane såg ut som svinestiar.» Men som han la til, dei var trena i geriljakrigføring og ikkje som marineinfanteristar eller commandos. Dei nye berserkane hang med nebbet.

Raida i Noreg fekk to følger – ei stor misnøye i kompaniet på grensa til mytteri, og på politisk plan meir ordna forhold i samarbeidet mellom SOE og den norske eksilregjeringa. I dette spelet hadde Ulstein vore ei lita brikke, og kva som konkret var oppgåva hans under raidet veit me lite om.

Under kurset vart dei lærde opp i alt frå å lage illegale aviser, til øving på sosial intelligens, gallupmålingar og svart propaganda, som ein dag kallar psyops.

Rein propaganda

Attende i Skottland vart han send på sambandskurs til Grendon Hall utanfor Northampton. Det starten av februar 1942. Kurset hadde òg opplæring i propaganda. Under ei øving utanfor Leicester finn me att ei ny avmålt evaluering av Ulstein. Han var god på tryggleik, men hadde blitt arrestert av «kontraspionen» sersjant Macalister om det var eit skarpt oppdrag. Under øvinga i Manchester eit halvt år seinare, oktober 1942, hadde han gjort framsteg. Framsteg nok til at han eitt år etter Lofoten vart send til den berykta propagandaskulen til SOE i Sør-England.

Skulen var på den tida styrd av den gamle reklamemannen John Whittington Hackett. Og hadde mellom anna filosofen Walter Bryce Gallie som lærar. Kurset dei ga var det intellektuelt mest stimulerande SOE kunne gje, og for nokre år sidan då eg tala med Ulstein trakk han fram kurset som noko av den viktigaste lærdommen han fekk. Under kurset vart dei lærde opp i alt frå å lage illegale aviser, til øving på sosial intelligens, gallupmålingar og svart propaganda, som ein dag kallar psyops.

Med kurset unnagjort kunne Ulstein lett ha hamna i London og jobba med radio og nyhende resten av krigen. Dels grunna ulikt syn mellom den norske regjeringa og britane på bruk av propaganda hamna han attende i «heimen» til Kompani Linge i Aviemore. Fyrste halvleik av 1943 gjekk med til trening, øvingar og kvardag i det skotske høglandet. Då sommaren sette inn, og Ulstein hadde vore nesten to år i Storbritannia, kan ein ut frå personalmappa slå fast at han ikkje hadde sett store spor etter seg. Operasjonstempoet hadde auka markant utover i 1942, men denne Ulstein hadde ikkje heilt funne sin plass, jamvel etter så langt tid i kompaniet.

«Marinejegerar» i Swordland

Det heile vart brått snudd på hovudet 25. juni 1943. To år og ein dag etter at fiskeskøyta kom til Shetland. Fire lag vart då tatt ut til trening i ei avsidesliggande vik på den skotske vestkysten – Tarbet Bay. Her vart dei trena til å padle med kayakkar. Med dei skulle dei gli inn med skipssidene og planta magnetiske miner – såkalla limpets. I røynda var det her, sommaren 1943, at marinejegerkommandoen har sitt opphav. Operasjonane dei trena på gjekk under namnet Vestige – spor. Dei to andre i laget, leiaren Harald Svindseth frå Ålesund og bergensaren Nils Fjeld, hadde begge vore med på den dramatiske og mislykka Carhampton operasjonen utanfor Flekkefjord. Frå no av vart dei tre eit slags lag som varte meir og mindre ut krigen. Det var òg andre møringar i Swordland, så i motsetnad til grunnutdanninga vart han blant sine eigne her.

Ragnar Ulstein var sambannsmann i laget. Den siste finpussen føre operasjon Vestige I gjorde dei i heimebasen til Shetlandsgjengen i Scalloway på Shetland. På den tida haldt Shetlandsgjengen på å fase inn dei nye ubåtjagarane. Difor måtte operasjonen måtte settast inn med MTB. Litt fritid vart det òg. Ulstein fortalde meg ein gong at han hadde traktert trekkspelet på ein lokal dans i Scalloway. Tonane stilna då dei vart køyrde over til Lerwick og MTB-basen. Dei forlét Lerwick midt på dagen 3. september på MTB 618. Ukjend for dei tre hadde ein av dei andre Vestige-operatørane, Brynjulf Liland, drukna i ei øvingsulykke i Tarbet Bay natta før.

TO OPPDRAG I GULEN

Det var midt på natta då dei kom fram til operasjonsområdet. Dei hadde eit svare styr med å få kajakkane på vatnet. Mannskapet på MTBen sa dei hadde omtrent 100 meter padling til Skudal. I staden padla dei godt over ein time før dei la seg i skjul. Det gjekk tjue dagar frå dei kom, til målet dukka opp. Dei fekk god hjelp lokalt, men hadde sambandsproblem. Natt til 23. september kom åtaket. Dei hadde trekt lodd om kven som skulle padle ut til båten, og Harald Svindseth vant. Han padla ut, fekk sett tre limpetar på skutesida som skulle gå av etter 26 timar, trudde dei. Svindseth hadde knapt linka opp med Fjeld og Ulstiein før det smalt. No byrja ei lang flukt frå Gulen i ulendt terreng. Dei kom seg rett nok unna, men var stranda. MTBane gjorde fem mislykka forsøk på å få dei ut, men veret og eit åtak på eit tysk skip hindra dei å kome til møtestaden. Natta mellom 16-17. november vart dei endeleg henta etter ti veker det okkuperte Noreg. Alle tre vart dekorerte, jamvel om båten SS «Hertmut» vart berga.

«Marinejeger»-fasen til Ulstein haldt fram. I februar 1944 var han og Svindseth attende i Gulen og rekka mål for einmannsubåtar – dei såkalla Welman. Dei to hadde ikkje trena på dei nyutvikla farkostane, men skulle rekka operasjonsområdet. Operasjonen vart avblåst grunna dårleg ver, men frå Ulstein tikka det signal heilt til dei vart henta av Shetlandsgjengen med ubåtjagaren Hessa 16. mars.

Sommaren 44 vart han tatt ut til å trene med Sleeping Beauty, ein undervasskano. Treninga føregjekk på Shetlandsgjengens gamle hovudkvarter i Lunna Voe. For Ulstein vart det dramatisk og det var så vidt han ikkje omkom då trimmen i motoren svikta. Han klarte så vidt å få styr på kanoen og kom seg med naud og neppe til overflata. Sjølve operasjonen, som igjen skulle føre gå i Gulen, vart skrinlagt grunna ein agent for MI6 som låg i statisk etterretning i området.

ATTENDE PÅ LAND


Etter perm i London bart det nok ein gong til Shetland og overfart til Noreg for siste gong. Om bord i Hitra var heile det gamle Vestige I laget pluss ein nykommar Nils Torsvik frå Ålesund, som òg hadde vore ein del av den maritime gruppa. Operasjon Siskin ga Ulstein ein smak av det fleire av hans gamle kullkollegarar i 26H hadde drive med desse åra. Bygge opp den lokale motstandsrørsla og drive trening av dei. Denne gongen var hovudmålet ikkje sabotasje men trygging av vital infrastruktur mot tysk sabotasje.

På det omtrent halve året frå oktober 44 til april 45 hadde dei fått 35 tonn forsyningar og rusta opp 480 mann i indre Sogn. Då freden om i mai, og tyskarane la ned våpena drog Ragnar Ulstein heim. Den avsluttande sambandsrapporten han skreiv frå Siskin vitnar om ein sikker og kalkulert mann. Ragnar Ulstein hadde vekse gjennom krigen. Han var ein av dei med vidast erfaring frå ulike greiner av SOE, frå propaganda til maritim teneste og til slutt som gerilja og motstandsbyggar.

Det var kanskje denne kjensla av å vere åleine og ein outsider i starten av Linge-karriæra som gjorde at Ragnar Ulstein som pressemann stod opp for dei krigsinvalide. Krigen hadde gitt han ei røyst som ikkje stilna før jul i fjor. Den militære karriæra avslutta han som velferdsoffiser i Tysklandsbrigaden. Så kom år som pressemann og historikar. Eller det med den militære karrieren er ikkje heilt sant.

Hausten 2018 dukka avgangskullet til Marinejegerkommandoen opp på Sunnmøre. Her fekk dei tips og råd inn mot avslutningsøvinga «Salamander». Oppdraget vart utførd med glans. Den då 98 år gamle Ulstein hadde framleis nokre gamle triks å lære frå seg frå tida i SOE. Den siste gjenlevande av dei fyrste «marinejegarane» fekk levert stafett pinnen vidare til ein ny generasjon. Og som personalmappa hans fortel i klårtekst er det ikkje alltid dei som utmerker seg i starten som står opp når det verkeleg gjeller. Og det var fyrst i det maritime elementet at Ragnar Ulstein gjekk frå å ha vore litt utanfor til å verkeleg skine. Han kom seint, men han kom godt, som skipper Worse.