Nyheter:

Etiopiske militære styrkar vart samla på grensa til Tigray- og Amhara-regionen.
Etiopiske militære styrkar vart samla på grensa til Tigray- og Amhara-regionen.

Etiopia raknar i kantane

Om krigen i Etiopia vert langvarig kan fleire land på Afrikas horn gå opp i liminga. Det vil få enorme konsekvensar for eitt av verdas viktigaste geostrategiske område.

Publisert

Den 4. november, medan verdas auge var retta mot teljinga av stemmer i USA, gjekk den etiopiske sentralmakta til åtak mot Tigray-provinsen i det nord vestre hjørnet av landet.

Statsminister Abiy Ahmad varsla med starten av offensiven at den ville vere over på to dagar.

Men no, meir enn fjorten dagar seinare, kan ein høyre ekkoet frå militærstrategen Helmut von Moltke den eldre om at: «ingen operasjonsplan overlever den fyrste kontakten med fienden».

For kjennarar av landet og regionen kom ikkje byrjinga av ein ny krig på det afrikanske horn som nokon stor overrasking.

Det har brygga opp til storm i lengre tid. Korleis utfallet av konflikten vert, heng saman med kor lenge krigen vil vare. Det er nok av mannskap og materiell på begge sider.

Krigen har på få dagar utvikla seg til ein regional konflikt, og drar krigen ut kan det ha store implikasjonar for heile området.

Forsvarets forum har freista finna ut kva konflikten handlar om, og kvar den vil seie for regionen, og attom det igjen syng soga om ein av dei viktigaste geopolitiske områda i verda nett no.

Etiopia er ein gamalt land, med ein gamal kultur. Det ringer kjend for kjennarar av heilage skrifter og klassisk litteratur. Dronninga av Saba i gamle testamentet, den etiopiske hoffmannen i det nye, tilfluktsstaden for dei fyrste fylgjarar av profeten Muhammad. Det er òg omtala hos den fyrste historikar – Herodot.

Samstundes har landet ein kjend klang for nordmenn òg. I 1948 var det til Etiopia det som ein gong var kinamisjonen flytta arbeidet, då dei vart kasta ut etter revolusjonen til Mao. Etiopia som symbol for moderne sekulær naudhjelp vart òg styrka med den store Live Aid-konserten i 1985. Jamvel om forholdet til landet har vore overflatisk for dei fleste, har det alltid vore noko kjensleg når namnet Etiopia kjem tikkande inn frå nyhendebyråa.

Det seier seg sjølv at når ein snakkar om ein kultur som strekk seg fleire tusen år attende i tid, så er årsakene bak den pågåande konflikten like djupe som dei arkeologiske laga.

Kjetil Tronvoll, professor ved Bjørkenes Høyskole, flyttar seg lett mellom alle desse laga i den timelange samtalen me har på telefon. Han syner til ekko frå den fjerne fortida, men for å gjere det komplekse litt enklare skal me halde oss til manns minne.

1. Det politiske laget

– Det denne konflikten eigentleg dreier seg om er to visjonar som krasjar. Etiopia som eit svakt sentrum med sterke etnisk-nasjonale einingar, mot eit Etiopia med eit sterkt sentrum og svake delstatar, seier Tronvoll.

– Dette problemet, om korleis Etiopia skal settast saman, har vore med oss sidan 1960-70-talet.

Både under keisarveldet til Haile Selassie og under det marxistiske Derg-regimet som kom etter at keisaren vart styrta av revolusjonen i 1974 var det ein sentraliserande modell som rådde grunnen.

Alt i det gamle abyssinske regimet var det amhara-kulturen som rådde grunnen. Symbolisert med si gamle ortodokse kyrkje og språk. Dette vart forstått som undertrykkande av fleire av dei andre etniske gruppene, som til dømes Tigray.

Tigray ligg innespera mellom Eritrea, Sudan og resten av Etiopia.
Tigray ligg innespera mellom Eritrea, Sudan og resten av Etiopia.

I 1975 danna dei TPLF, Tigrayfolkets frigjeringsfront, som saman med den eritreiske frigjeringsfronten EPLF var med å på styrte regimet i 1991. Men dei hadde òg allierte frå andre grupper i landet, og mellom anna organiserte TPLF ei motstandsgruppe ut frå krigsfangar frå landets største etniske gruppe, oromoane.

Tigray utgjer litt over seks prosent av eit folketal på omtrent 110 millionar i dag, Då dei tok makta i 1991 sette dei saman ein styringsmodell som på papiret skulle ta vare på dei etiske gruppene sine interesser.

Koalisjonen fekk nemninga EPRDF, kor tigrayane skulle vere ein slags fyrst blant likemenn.

– Konstitusjonens suverenitet ligg på etnisk gruppenivå. Det er det etniske kollektivet og ikkje staten som står i førarsetet, seier Tronvoll.

– No skal det seiast at TPLF aldri gjennomførte sin eigen konstitusjon, dei sentraliserte staten via partiet, som tok kontroll ned på minste landsbynivå.

Det store spørsmålet er korleis ei så lita etnisk gruppe i eit land med omtrent 100 ulike etniske grupper klarte å halde landet saman i nesten 27 år. Etter maktovertakinga klarte dei fort å ta over dei gamle maktstrukturane og plassere eigne folk inn i viktige stillingar, men soga handlar ikkje berre om TPLF.

– Det er ei sanning og ei ikkje-sanning at dei haldt alt saman. Dei nytta eit indirekte styre kor dei hadde ulike elitar med seg, som alle tok del i denne undertrykkande mekanismen. Den som stod for ideologien og politikken var den dåverande statsministeren Meles Zenawi. Han klarte å halde ting saman av di han truleg var den mest intelligente statsmannen ein har hatt i verden. Eg seier ikkje han var den mest fornuftige, men han klarte halda kontroll frå sentrum til han døydde i 2012. Etter han kom Hailemariam Desalegn, som var ein kompromisskandidat. Da byrja oromorane og amharane å røre på seg å ta attende eigen makt. Og det byrja gå utfor bakke.

Den noverande statsministaren, Abiy Ahmed, kom til makta etter at det hadde vore store demonstrasjonar i landet mellom 2015-2017. Demonstrasjonane vart ført an av ungdommar frå den største etniske gruppa, oromoane. Det er frå denne gruppa den noverande statsmisteren kjem. Han er pinseven, og er i eigne auge ein profeti.

Då han var ein ung gut på 6-7 år sa mora til han at han skulle verte den sjuande keisaren av Etiopia og bringe landet fram til ei ny storleikstid. I starten vart hans sett på som lovande.

Men kort tid etter at han fekk makta byrja han svekka talen om oromoane og gjekk over på ein meir samlande plattform.

– Det var eit naturleg steg for å leie landet, men han nytta eit språk og ein retorikk som gjorde føderalistane i landet mistenksame. Hans eigen oromo protestrørsle vende han ryggen. Han hentar i dag støtte for sin sentraliserande politikk blant nokre lag og grupperingar av folkesetnaden, som dei med multietnisk bakgrunn, urbane elitar, [i delstaten] shoa oromo og ikkje minst blant amhara-nasjonalistar, medan store delar av landet nok ønsker å vidareføre ein delegert styringsmodell, med ein sterk politisk og kulturell autonomi. Og no er det omtrent berre folka rundt statsministarens kontor som stør han.

Biletet vart publisert av etiopiske styresmaktar.
Biletet vart publisert av etiopiske styresmaktar.

Etter planen skulle landet halde val i august. Men alt i mars vart dei avlyst grunna utbrotet av covid-19. I Trigray, som har sett sine folk verte fjerna frå stillingar sentralt, haldt ein likevel val i september, kor leiarskapet fekk omtrent 95 prosent av røystene. Delstaten som no er under åtak har med andre ord ei politisk leiing som har folket i ryggen. Det var det politiske bakteppet før kanonane byrja drønne 4. november.

2. Det militære laget

Om du vil ha fred, førebu krig, heiter det i eit latinsk ordtak. Dei siste to-tre åra har det føregått eit stort våpenkapplaup på delstats nivå i Etiopia, fortel Tronvoll.

Delstatane har lov til å ha eigne militære styrkar.

– Frå gamalt av er det militsar i Etiopia. Alle delstatar har det. I hovudsak er det bøndene, men det er òg tale om landsbyar. Ein får utlevert ein Kalashnikov og vert regristerte i militsen. Nokre av desse militsane har trening, andre har krigserfaring frå krigen med Eritrea frå 1998-2000, medan andre bygger på den tusen år lange maskuline krigarkulturen i Etiopia. Mange menn i distrikta går med våpen som symbol på sin maskulinitet, spyd, kniv eller Kalashnikov.

- Militsen i Tigray, jamvel om det er vanskeleg å stadfeste, er på ein 200.000 – 300.000 mann. Det er ein milits med sterk kamperfaring frå krigen mot Eritrea. Og som i tillegg har vore på vakt på grensa mot naboen i nord. I tillegg har ein det ein kallar regionale spesialstyrkar.

Dei har tre treningsleirar i Tigray, og etter at dei vart sparka frå stillingar sentralt vende offiserar heim og byrja profesjonalisera treninga. Dei utgjer kanskje 50.000 -100.000. Laurdag gjekk det ut ei open innkalling til frivillig mobilisering. Tusenar av tidlegare soldatar i den føderale hæren har meldt seg, samt ungdommar som vil verte sendt til treningsleiar, så ein talar kanskje om mobilisering av ein halv million mann under våpen, altså Afrikas største militære styrke.

– Grunna grensa mot Eritrea har brorparten av det tunge materiellet, som artilleri, mekaniserte køyretøy og langdistanse missil vore stasjonert i Tigray. Det er grunnen til at dei tidleg tok kontroll over Nordkommandoen i Mekele, og sikra seg det tunge utstyret.

Det føderale hæren utgjer omtrent 150.000, men berre 50.000-60.000 er kampeiningar. Den føderale regjeringa byrja dimed raskt å kalle inn spesialstyrkane frå andre delstatar.

– Den største føderale styrka på bakken er ikkje dei føderale styrkane, men amhara-militsen. Dei er på nokre hundretusen, og ein kan ofre ganske mange av desse. I tillegg er det no rapportert at òg oromo-militsen vert sendt nordover.

Førebels har Tigray gjort nokre taktiske retrettar og kome seg opp i høgda. Så langt er det ein konvensjonell krig som går føre seg. Unnataket er at den føderale hæren har flyvåpen, men Tronvoll seier at dei er ganske dårlege på å treffe mål, og truleg ikkje vil ha mykje å seie for konflikten.

Men jamvel om dei har ei stor styrke under våpen, med tungt materiell er Tigray sitt problem at dei er låst inne på alle kantar. Dei føderale styrkane blokkar i sør og aust. Eritrea i nord, og grensa mot Sudan er offisielt stengt, jamvel om det er vanskeleg å strenge den hermetisk. Ein har per no ikkje nokre forsyningslinjer ut til kysten, og per no kan det føre til at ein går tom for drivstoff ganske raskt, og ammunisjon på litt sikt.

Om krigen varar ved og den skal vere konvensjonell må Tigray bryte ut. Tronvoll teiknar opp desse scenarioa:

Anten gjennom ein avtale med Sudan, eller mot Djibouti. Desse to er mindre sannsynleg, eller må dei gå inn i Eritrea og kome seg til kysten. Anten kortaste veg til Raudehavet, som vil seie hamna i Mersa Fatuma, eller ta Asmara og styrte regimet i nabolandet. Det er alt avfyrt rakettar mot Asmara, og konflikten har tatt steget over i å verte regional.

3. Det regionale laget

Martin Plaut har dekka Etiopia og Eritrea sidan seint på 1970-talet. Han har skrive bok om regimet i Asmara, som han på Skype frå London skildrar slik:

– Ein talar ikkje om eit land. Ein talar om ein person. Isaias Afwerki er ein diktator per excellence. Og han gjekk i lære for å styre landet under Maos kulturelle revolusjon i Kina. Han styrer med ei jarnhand, og har eit hemmeleg politi som den gamle Aust-Tyskland ville vore misunnelege på.

Flyktninger frå Tigray venter på hjelp i Sudan.
Flyktninger frå Tigray venter på hjelp i Sudan.

– Hans halding er at Eritrea er storebrørne til Tigray. Det var dei som byrja fyrst med motstanden i 1961 og Tigray kom seinare.

EPLF hjalp TPLF med trening og våpen. Men dei to motstandsgruppene hadde ulik filosofi. EPLF ville halde ei frontlinje, medan TPLF førte geriljakrig. Men det er særskild to hendingar som var med på å drive ein kile inn i forholdet mellom det noverande regimet i Eritrea og Tigray, seier Palut.

– Under ein av dei store offensivane som Mengistu-regimet, med sovjetiske rådgjevarar til stades, utførte mot Eritrea, utnytta EPLF tigreianarar som var under trening på fronten utan at leiarskapet i Tigray vart spurt. Jamvel om fronten haldt, mista eit stort tal tigerianarar livet. Leiarskapet i Tigrey vart forbanna, og sa at dei nytta våre soldatar utan lov og mange døyde for ein strategi me er usamde i.

- Ein annan episode som splitta PLEF og EPLF var då dei fyrst nemnde adopterte albansk marxisme, kontra den meir tredje verdens forma for marxisme til EPLF. Men det store rifta kom under hungerkatastrofen i 1984-1985 då eritrearane blokkerte matforsyningane inn i Tigray frå Sudan. Over 100.000 bønder marsjerte gjennom særs ulent terreng for å kome seg ut til leiar i Sudan. Tigreianarane har aldri tilgitt Eritrea for det som skjedde den gong.

Som me har sett var det store styrkar frå Tigrey som kjempa ut krigen med Eritrea mellom 1998-2000. Plaut hevdar at det var ein meiningslaus krig, omtrent som to skalla menn som kjemper om ein kam.

– Asmaras prosjekt har alltid vore å bli kvitt tigerianarane. Og det var fyrst då Abiy byrja flytte ut tigreianarane at presidenten i Eritrea gjekk inn i dialogen.

Ein må altså sjå alliansen mellom Eritrea og dei føderale styresmaktene i Etiopia i lys av hendingar dei siste åra, men òg hendingar som går langt attende i tid. Jamvel om dei har ein stor hær, har ikkje Tigray per no nokre allierte. Eritrea har tidlegare fått støtte frå Saudi Arabia og Dei sameinte arabiske emiratene. Emiratane har dei siste åra operert ein dronebase i Eritrea i kampen mot dei iransk-støtta hutiane i Jemen. Den siste veka har rykte florert om at dronane no vart nytta mot Tigray. Og det gjekk tidleg rykte, som no er stadfesta, om at etiopiske styrker vart flydd inn til Asmara og sende vidare mot fronten.

Men jamvel om konflikten alt er regional, er det framleis andre land i området som kan verte dradd inn i konflikten. Det har lenge vore usemje mellom Etiopia, Egypt og Sudan i samband med utbygginga av den store renessanse dammen over den blå Nilen.

Egypt og Sudan innleia tidlegare denne veka ei felles militær øving. Regimet i Khartoum har kome med tilbod om mekling i konflikten, men vorte avslått.

For Tigray som står utan allierte kan Egypt mogleg vere ein hest å vedde på, og sidan Emirtatane stør Eritrea, kan òg Qatar og Tyrkia vere ein adresse. Men det løyser ikkje logistikkproblemet. Samstundes er òg det nye regimet i Sudan ennå ikkje sveisa fast og det er alt uro sør i Sudan, på andre sida av grensa til Tigray.

– Om denne krigen vert langvarig kan det få konsekvensar for heile regionen, seier Tronvoll. Det er alt ein regional krig i og med at Eritrea er innblanda. Etiopia har trekt styrker ut av Somalia for å sende dei til fronten i nord, og ein ser kimen til ei tilbakevending til eit meir offensivt al-Shabab i Somalia som fylje av dette. Samstundes er det fleire rykter om at det er uro internt i Eritrea, og dissens mot at Isaias Afwerki går til åtak på Tigray. Om Tigray går mot Asmara kan dei føre til regimet sitt fall, og oppløysning av landet.

- Etiopia er eitt av dei siste imperia i verda. Om ein ser denne konflikten i lys av teori om imperium er det mykje som stemmer. Sentrum vert svekka, og så vert det brekt opp innanfrå, men òg frå periferien og smuldrar i kantane. Det er potensielt denne fasen Etiopia er i no.

Flyktninger frå Tigray har kome til Sudan.
Flyktninger frå Tigray har kome til Sudan.

Førebels har Kina som har tunge investeringar i Etiopia ikkje gått til nokre steg. Dei har bygd jarnbane frå Djubouti til Addis Abeba, og har vore med på bygginga av den store dammen. Men kinesarane er oftast på sida av det sittande regimet. USA har og støtta Abiy, medan Russland så vidt er attende i regionen etter at det i førre veke vart annonsert dei skal bygge ein marinebase sør for Port Sudan.

Det afrikanske hornet er definitivt attende på den geopolitiske motorvegen.

Konflikten i Tigray kan, meiner ekspertane, leie til at heile området eksploderer og vert forma på nytt, truleg etter etniske linjer. Det avhenger av kor lang krigen vert. Men verken Tronvoll eller Plaut trur at tigrayane gjer opp om dei tapar den konvensjonelle fasen av krigføringa ein er inne i no.

- Mister dei byane, vil dei dra opp i fjella og fortsette i ein gerijafase, seier Tronvoll frå Oslo. - Dei er meistrar i geriljakrigføring, avsluttar Plaut frå London.

Mellombels er alt som kjem av nyhende vanskelege å verifisera. Det er ingen reporterar ved fronten. Sambandet ut av landet er kutta. Og i desse covid-dagar er ikkje rørsle så lett som før. Tigray held no den høgre grunnen, tungt væpna. Skal dei halde fram med konvensjonell krig må dei bryte ut. Elles vert det slutt på drivstoff, ammunisjon og til slutt mat. I nabolandet Sudan har ein alt tatt mot omtrent 30.000 flyktningar. Dei har laga leiar for 250.000. Og mellombels åtvarar Kjetil Tronvoll om at det stadig kjem fleire rapportar om massakrar som går over etniske skiljelinjer. Etnisk profilering og så bortetter.

– Det viktigaste no er oppmarsjen til eller prosessar mot folkemord. Faren er i aller høgaste grad tilstades.