Rekordmange høgreekstremistar i Tyskland

Tyskland registrerte eit rekordhøgt tal høgreekstremistar i fjor etter at etterretningstenesta plasserte tusenvis av medlemmer av partiet AfD på listene.

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I den årlege rapporten om tysk ekstremisme reknar innanlandsetterretninga BfV med at det i fjor var 32.800 høgreekstremistar i 2019. Det er 8.000 fleire enn året før.

For første gong er 7.000 medlemmer av ungdomsorganisasjonen og ein radikal fløy i Tysklands største høgreradikale parti, Alternativ for Tyskland, inkludert på lista. Begge er under overvaking av BfV.

Tyske styresmakter har trappa opp tiltaka mot høgreradikal ekstremisme etter drapet på ein leiande regional CDU-politikar, eit angrep på ein synagoge i Halle og drapet på ni menneske i Hanau i fjor.

Då han la fram rapporten torsdag, sa innanriksminister Horst Seehofer at høgreekstremisme er den største politiske tryggingstrusselen i landet.

Styresmaktene i Bayern har nyleg meldt at dei har søkt gjennom eigedommane til tolv tyske statsborgarar i tre delstatar og Austerrike som er mistenkte for å smugle våpen inn i landet. Dei er tilknytt Reich-rørsla, som ikkje reknar den tyske staten for legitim.

Talet på venstreekstremistar på BfVs lister auka med 1.500 til 33.500, men minst ein tredel av dei blir sett på som ikkje-valdelege.

28.020 menneske blir klassifiserte som islamistiske ekstremistar, ein auke på rundt 2.500 frå året før.

Powered by Labrador CMS