Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

forum_768_eikjempeikrigogfredforum_768_eikjempeikrigogfredhttp://forsvaretsforum.no/Lists/RelatedMedia/DispForm.aspx?ID=2022Boka om Ragnar Ulstein er skrive av Gunnar Myklebust. Den er på 454 sider (Foto: Samlaget)/forum-media/PubImages/Ragnar Ulstein2.jpg

Ei kjempe i krig og fred

Boka om Ragnar Ulstein er ein fryd å lese, skriver Arnfinn Moland.

Lingemann og historikar Ragnar Ulstein har fått sin biografi. Han hadde nok i det lengste tenkt å klare det sjølv, men tida har ikkje strekt til. Til alt hell gjekk oppgåva til journalist og forfattar Gunnar Myklebust, som etter stor suksess med boka om Joachim Rønneberg har fått eit nytt, eventyrleg liv inn mellom to permar. Ragnar går no i sitt 98. år, men er framleis ein mann «med brennande hjarte og sterk sans for rettferd», for å sitere forlaget si tekst på omslaget. 

Han vaks opp i eit karrig vestlandslandskap, men med sterke kulturelle, politiske og religiøse verdiar. Desse verdiane dannar bakteppet for dramatiske krigsår, der Ragnar aldri var i tvil om sitt standpunkt og si deltaking i aktiv krigføring. Han hadde alt i gymnastida stått opp for demokratiet, i krasse ordskifte med elevar som støtta både den framveksande nazismen og det meir etablerte kommunistiske tankegodset. 

I Storbritannia fann Myklebust i Martin Linge den aktivismen og handlekrafta han leita etter, og resultatet vart fem år i kamp for frigjeringa av fedrelandet. Dramatisk, som denne historia er, står ikkje etterkrigstida tilbake i drama og kamp, denne gongen ikkje for livet, men framleis for det settet av verdiar som hadde sendt han inn i krigen. 

Myklebust har klart å formidle Ragnar sitt rike ordtilfang, hans prinsippfaste kamp for rettferd, som ofte førte han opp i konfliktar

Hans uttrettelege kamp for krigsveteranane som fall utanfor, ikkje minst krigsseglarane, er ei bok i boka. Og dette fekk han tid og krefter til i tillegg til å stifte familie, vere journalist og ikkje minst, frå 1960-talet av og i fleire tiår framover, sjølv skrive bindsterke verk om norsk krigshistorie.

Hans innsats for å redde forteljingane til over 1300 krigsveteranar over heile landet gjennom eigne intervju, er eineståande i norsk historie. Legg så til at denne mannen også er romanforfattar, han arbeider i dag på ein ny roman. Boka er ein fryd å lese, både på grunn av innhaldet og språket. Myklebust har klart å formidle Ragnar sitt rike ordtilfang, hans prinsippfaste kamp for rettferd, som ofte førte han opp i konfliktar med mektige menn og miljø. Dette «brennande hjarte» kjem tydeleg fram i boka, og mottoet hans står seg for all framtid: «Det er ikkje fridomen som skal tilpasse seg oss, det er vi som skal tilpasse oss fridomen.»

Publisert 12. desember 2017 09:59.. Sist oppdatert 12. desember 2017 11:37.