E-sjefen heidra veteranar

E-sjef Morten Haga Lunde fekk sjølv pris, men ville heidre veteranane ved å gje dei pengepremien.

Publisert Sist oppdatert

Morten Haga Lunde, sjefen for Etterretningstenesta i Forsvaret, er kåra til Årets nynorskbrukar 2017. Han fekk utmerkinga under opninga av Dei nynorske festspela torsdag 29. juni. Nynorsk kultursentrum deler ut denne prisen.

Ein autoritet. Haga Lunde har gjeve bruken av nynorsk i etterretninga ein autoritet i eit område som har vore mindre språkleg mangfaldig enn resten av samfunnet, heiter det i grunngjevinga frå juryen.

Prisen som «Årets nynorskbrukar» består av ein pengesum på 100.000 kroner og eit grafisk blad som er laga av kunstnaren Arne Nøst.

Prispengane ville Haga Lunde gje til dei to største veteranforeiningane i Norge. Det vil seie veteranforeininga for internasjonale operasjonar (NVIO) og foreininga for dei som er skadde i internasjonale operasjonar (SIOPS).

– Eg er sjølv veteran frå Balkan og sender stadig folk ut i internasjonale operasjonar. Gjennom å gje pengepremien vidare, ønskjer eg å synliggjere den viktige rolla som veteranane spelar. 

Viktige tiltak. E-sjefen overrekte 50.000 kroner kvar til SIOPS og NVIO på Akershus festning fredag.

­– Gåva skal i heilskap gå til å utvikle SIOPS sin nye informasjonsportal på nett. Der kan veteranar og pårørande få viktig informasjon, uavhengig av kvar dei bur i landet, seier styreleiar Per Elvestuen.

NVIO vil bruke sin del av pengane til å hjelpe einskilde veteranar, gjennom eit fond.

­– Tildelinga har stor verdi for oss og fører til at vi kan hjelpe fleire, seier Lars Finstad, visepresident i NVIO. 

Morten Haga Lunde skreiv den nye rapporten om terrorfaren i Noreg på nynorsk, mellom anna. Dette blei trekt fram under utdelingsseremonien under Dei nynorske festspela torsdag.

– Eg har flinke folk rundt meg, så dette er teamarbeid, eg vil ikkje ta all ære sjølv.