Det store spillet

Bilder fra Saudi-Arabia, Iran, Libanon, Afghanistan og Irak. Foto: Steve McCurry, Mohammad Zaatari, Jim Young, Ammar Awad (Reuters, AP)\n

Drapet på Qassem Soleimani var avslutninga av eit langt kapittel i soga om ein konflikt som har vart i over førti år. Åtaket i Bagdad ga verda ein kort og brutal innsikt i ein strid som stort sett har vore førd i skuggane.

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

1.     Slutten

Flyet kom frå Damaskus. Klokka var passert midnatt då det landa på flyplassen i Bagdad, tre timar etter planen. Mottakinga var ein VIP verdig. Det var ingen passkontroll for leiaren av Irans Quds-styrke. Qassem Soleimani var attende i Bagdad. 

2020 hadde starta med eit møte med sin næraste allierte, Hassan Nasrallah. Møte mellom Soleimani og leiaren av Hizballah i Beirut var meir og mindre rutine, det var òg samtalane i Damaskus, som New York Times skriv han hadde før han kom forseinka til flyplassen. Siste stopp på rundturen i Midtausten var Bagdad. 

Bildet viser et brennende kjøretøy ved Bagdad internasjonale flyplass 3. januar. Foto: Det irakiske statsministerkontoret/ Reuters.

Då han steig ut av flyet vart han møtt av leiaren av den irakiske Hizballah-brigaden, eller Badr-militisen, Abu Mahdi al-Muhandis. Kortesjen køyrde omgåande mot ein port på veg ut av flyplassen. Milevis unna sat ein operatør og såg livefeeden frå Reaper-drona som svirra over himmelen i Bagdad. I høve Fox News sat eit amerikansk spesialstrykelag og observerte dei to bilane på avstand. Droneoperatørane hadde grønt lys. Hellfire-rakettane fór inn i bilane som byrja brenne. Straks etter rykka spesialstyrkane fram. Soleimani og Muhandis var døde stadfesta dei. Deretter handla det om å berga etterretningsmateriale før dei forsvann inn i natta. I Washington gjorde ei hærskare av pundittar klar sin verbale ammunisjon.

Qassem Soleimani hadde lenge vore i søkelyset. Han var den store arkitekten bak dei aggressive og hemmelege operasjonane Iran har ført rundt om i Midtausten og andre stadar dei siste to tiåra. I Libanon, Syria, Irak, Jemen, på Gaza og i Afghanistan har leiaren for Quds-stryka sett sine taktiske og strategiske avtrykk. 

Han vart fødd i ein landsby søraust i Iran i 1957. Som mange av sin generasjon og kollegaer, fekk han si fyrste militære erfaring i krigen mot Irak på 1980-talet. Etter krigen jobba han seg opp i hierarkiet, og i 1998 vart han leiar for Quds-stryken i revolusjonsgarden. Ei avdeling som er ein slags kombinasjon av etterretningsorganisasjon og spesialstyrke, og har sitt verkeområde utanfor Iran.

Leiaren av Badr-militsen, Abu Mahdi al-Muhandis, var ein sentral del av operasjonane til Soleimani. I 1979 flykta han frå Basra-området i Irak til Iran. Han var medlem av det sjiamuslimske Dawa-partiet som kom på kant med Saddam Hussein. I Iran begynte han å jobba for revolusjonsgarden og vart i 1983 sendt til Kuwait. Der var han ein del av cella som gjennomførte bombeåtaka på den amerikanske og franske ambassaden i desember 1983. Men han klarte å flykte attende til Iran. Tjue år etter at han flykta kom han attende i Basra i kjølvatnet av den amerikanske invasjonen. Der byrja han organisering av motstand. Al-Muhandis klarte å bli vald inn i parlamentet i 2005, men etter at amerikanarane bad om å få avhøyre han i samband med bombene i Kuwait stakk han igjen til Iran. Fyrst etter at Obama trakk ut styrkane i 2011 kom han attende og leida Kata'ib Hizballah frå bakken. Fleire av hans menn vart sende til Syria som ein del av Soleimani sin strategi. Jamvel om han ikkje var fysisk til stades, gjennomførte organisasjonen ei rekke åtak på koalisjonen. Det er fleire bøker, mellom anna memoarane til general Stanley McChrystal, som skildrar Quds-stryka sitt nærvær i Irak. Det vart òg tatt iranarar til fange i Irak.

Dei siste dagane hadde Hizballah brigaden trekt strikken litt lengre. Etter at IS vart nedkjempa byrja gradvis nye åtak på amerikanske mål i Irak. Det var mest sporadiske åtak med bombekastarar og katusja-rakettar, som ikkje hadde kosta liv. Men eit åtak på den amerikanske basen i Kirkuk hadde drap ein amerikansk kontraktør i romjula. Amerikanarane svara med åtak på militsen sine basar i Irak med Syria. Militsfolka, utvilsamt på ordre frå al-Muhandis og kanskje Soleimani, gjekk til åtak på den amerikanske ambassaden i Bagdad den siste dagen i 2019.

Om al-Muhandis var ein viktig bonde i det iranske sjakkspelet, var Qassem Soleimani løparen. Han såg opningar rundt på alle fløyene i Midtausten og Sentral-Asia. I fleire år haldt han ein låg profil, noko som ga han tilnamnet «skuggekommandøren». Frå september 2014 var han ikkje lengre i skuggane, men i sosiale media. Bilde av han i felt i Irak og Syria kom med stadig større frekvens. Det fekk også humoristiske innslag i det nokre fotoshoppa han inn i historiske hendingar, som til dømes at han stod på månen og handhelsa på dei amerikanske astronautane. Den auka opne profilen meiner forfattaren Afshon Ostovar, som har skrive bok om revolusjonsgarden, hadde mest og gjere med intern maktkamp i revolusjonsgarden. Quds-leiaren signaliserte at det var han som var i felt og leia kampen mot IS og mot opprørarane i Syria på vegne av Iran.

Men det var ikkje berre dei sporadiske nedslaga rundt amerikanske basar i Irak som Quds-styrka sette i sving det siste året. Åtak kom mot skipstrafikken i Golfen, og oljeinstallasjonar i Saudi Arabia vart ramma. Båtar har vorte kapra, og amerikanske drone skotne ned. Alt dette har ein hengt på Iran og militsane dei kontrollerer i regionen. Men fram til 3. januar hadde dei amerikanske svara vore avmålte og skjulte. Cyber-åtak og åtak på militsane er det som til no har leke ut. I ein region kor ein veddar på den sterkaste hesten hadde ikkje amerikanarane sine svar vore tilfredsstillande. Dei sameinte arabiske emirat (UAE) hadde alt signalisert ein kursendring overfor Iran i løpet av sommaren. Signal frå Saudi-Arabia tyda på at dei òg såg få andre vegar enn å kome til ein avtale med erkefienden i Iran. Sakte men sikkert hadde Soleimani hanka inn taktiske og strategiske sigrar rundt om i regionen. Han var utvilsamt den store vinnaren etter invasjonen av Irak i 2003.

Alt vart snudd på hovudet den natta Soleimani landa i Bagdad. Kva som låg bak Trump-administrasjonens vedtak om å ta ut leiaren av Quds-styrka virrar ennå rundt i Midtaustens labyrintar. Nokre heng det på den drepne kontraktøren, andre på igjen oppretta avskrekking, nokre på føreståande åtak og til slutt den psykologiske effekten av demonstrasjonane rundt ambassaden i Bagdad. Det vil truleg gå tid før ein får eit fullgodt svar på kva som gjorde at åtaket fekk grønt lys. Men hendingane utanfor ambassaden i Bagdad, og ei frykt for at massane og Badr-militsen ga ekko frå starten av konflikten mellom USA og Iran i november 1979. Kanskje var det fleire faktorar som spela inn i avgjersla og vegen til åtaket i Bagdad.

2.     Byrjinga

1979 endra den utvida Midtausten seg totalt. Den sjiamuslimske revolusjonen festa grepet i Iran. I to harde veker i november og desember tok sunnimuslimske jihadistar kontrollen over den store moskeen i Mekka. På jolaftan gjekk Sovjetunionen inn i Afghanistan. Opprøret i Mekka vart brutalt slått ned av saudiarane med hjelp frå Frankrike, og konflikten i Afghanistan rulla og gjekk fram til 1989. Men den islamske revolusjonen i Iran var truleg det som hadde den mest markante innflytinga på regionen. Jamvel om dei to andre hendingane òg sette spor som me ser verknaden av i dag.  

Den iranske revolusjonen var eit utal små hendingar som til slutt førde Ayatollah Khomeini attende til landet 1. februar 1979. Få, om nokre, utanlandske etterretningstenester såg revolusjonen kome. Fram til revolusjonen var Iran ei viktig brikke for amerikanarane i Den kalde krigen. Iran hadde felles grense med Sovjet, og kunne nyttast som utkikk og lyttepost inn mot den andre supermakta i verda. Landet hadde òg plenty av olje og gass. Heller ikkje i Israel såg ein revolusjon kome, om ein ser vekk frå ei kjensle at noko var i ferd med å gå gale og spørsmål om å trekke ut israelarar som jobba sivilt i landet. Omtrent eitt halvår før Khomeini sin triumfferd attende til Iran, fekk Yossi Alpher i Mossad i oppgåve å skrive ei evaluering av situasjonen i Iran.

Sidan slutten på femtitalet hadde Iran og Tyrkia vore ein del av ein hemmeleg allianse med Israel som vart kalla Trident. For Israel var Iran viktig for å halda balansen mot Irak, som vart oppfatta som ein stor trussel. Med Tyrkia hadde ein press mot Syria. Forholdet mellom Israel og Iran vart hovudsakleg driven av etterretningstenesta Mossad. Iran hadde aldri nokon ambassade i Tel Aviv. Iran stort sett eigeninteresser med samarbeidet. Det stakk aldri særleg djupt i folket.

Då Alpher byrja evalueringa hadde han aldri vore i Iran og aldri jobba med emnet. I etterkant meiner han det kan ha vore ein fordel. Dei som var på bakken haldt seg stort sett med informasjon frå sjahen og hans næraste medarbeidarar. Kontakt med andre etterretningstenester synte at dei famna like mykje i tåka som Mossad gjorde i spørsmålet rundt Khomeini og revolusjonen. Den største feilen Israel, og vestleg etterretning gjorde, var at dei ikkje hadde nokon kontakt med opposisjonen i landet. Dei ana ingen ting om kva som rørte seg i rundt om i folket, det same seier han òg om sjahens tryggleiksteneste SAVAK. Den mest dramatiske hendinga han skriv om i boka si om skjult diplomati er eit møte med sjefen for Mossad. I det vart det diskutert om ein skulle drepa Khomeini medan han ennå var i Paris. Ein annan på møtet, som hadde jobba i Teheran, sa at ein kunne la Khomeini vende attende, han ville ikkje halde ut lenge. Då Alpher fekk ordet konkluderte han at dei ikkje hadde nok informasjon om synet til Khomeini og om han kan gjennomføre dei. Stoda var ikkje betre verken i CIA eller hos MI6. Det var noko nytt og ukjend som tok makta i Teheran i februar 1979.

I starten ønska president Jimmy Carter ayatolla Khomeini velkommen som ny ledar av Iran. Det var etter alt og døme eit praktisk signal. Iran hadde vore eit diktatur under sjahen, og USA jobba godt med andre diktatur som stod mot Sovjet. At det nye regimet raskt reinska ut kommunistane dei hadde samarbeida med, må i Den kalde krigen si tenking ha blitt oppfatta som noko positivt. Eitt tiltak som Khomeini gjorde var å opprette revolusjonsgarden i mai 1979. I starten hadde den to oppgåver – vere ein balanse mot det militæret, mange i militæret var utdanna i Vesten og var pro-vestlege, det andre var å støtte dei som kjempa i gatene under namnet Hizballah – guds parti.

Revolusjonsgraden har utvikla seg sidan grunnlegginga. Dei to viktigaste oppgåvene er å trygge Irans teokratiske system og forsvare Iran. Med åra har dei fått meir makt og fleire oppgåver. I dag har dei innflyting på fleire felt både politiske, økonomiske, strategiske og kulturelle felt. I dag er organisasjonen meir eit konglomerat enn berre ein tryggleiksorganisasjon. Ostovar anslår det er 125.000 mann i sjølve revolusjonsgarden. Eit viktig underbruk av revolusjonsgarden er Basij, som er en milits. Den vert brukt mot opptøyar i Iran. Medlemmane av militsen er ideologisk og religiøst på linje med leiarskapet, og har i høve boka om revolusjonsgarden omtrent 4 millionar medlemmer. Jamvel om det finst høgare estimat. Ostovar hevder at det er truleg at revolusjonsgarden kunne stogga det som skjedde på den amerikanske ambassaden i 1979, men dei let massane gå inn.

Alt endra seg i forholdet mellom Iran og USA då den amerikanske ambassaden vart storma av folkemengda 4. november 1979. Israelarane hadde trekt seg ut i ein godt planlagd operasjon 11. februar, men amerikanarane vart verande. 52 amerikanske diplomatar vart haldne som gislar. I den fastlåste situasjonen som oppstod ga Carter grønt lys til ein spesialoperasjon for å redda gislane. Den fekk kodenamnet Eagle Claw.

To år før den amerikanske ambassaden i Teheran vart storma, hadde amerikanarane oppretta kontra-terror avdelinga Delta Force. I ly av aukande terror på 1970-talet hadde fleire land sett behov for ei slik styrke. Det var denne relativt nye avdelinga som fekk ansvaret for Eagle Claw. Planane gjekk ut på å opprette eit depot i ørkenen. Fly inn styrker som skulle frigjere gislane, mens ei anna styrke tok en flyplass kor transportfly skulle fly ut gislane. Under operasjonen krasja to helikopter og heile operasjonen var mislykka. Seinare planar om frigjering av gislane tok aldri av. Den amerikanske prestisjen var på botn. Og den mislykka operasjonen var ein årsak til at Carter tapte valet mot Ronald Reagan. Gislane vart til slutt gitt fri i januar 1981, men då var det alt andre ting som stal overskriftene.

3.     Handel og vandel

Krigen mellom Iran og Irak byrja i september 1980 og varde i nesten åtte år. Den forma mange av dagens leiarar i revolusjonsgarden, som var unge soldatar den gong. Den synte òg at ting ein ser i dagslys ikkje naudsynt er det same som skjer i mørket. Israelarane såg på krigen som ein fordel. Offisielt sa statsminister Menahem Begin at ein ønska begge partar lykke til. På kammerset byrja israelarane å forsyna Iran med reservedelar til våpensystem og fly. Samstundes bomba dei Irak sin kjernereaktor Osirak i 1981. Men forsyningane til Iran stogga ikkje der. Det utvikla seg til eit samarbeid med amerikanarane som vart kjend som Iran-Contras. Sett i ljos av det som ramma USA og Israel andre stadar i regionen, er våpensalet eit krondøme på kaoset i Midtaustens basarar.  

Iran var ikkje berre opptekne med kva som skjedde ved fronten mot Irak. Dei hadde alt tidleg sett at det var naudsynt å eksportere revolusjonen utanfor heimlandet. I det ligg det eit ekko av den som Lenin predika etter den russiske revolusjonen. Det iranske regimet hadde alt kontaktar blant sjiamuslimane i Libanon, særleg i Bekaadalen. Her hadde islamistiske iranarar trena i palestinske leiar. Sidan iranarane var fromme og religiøse var ikkje den sekulære linja til palestinarane alltid velkommen. Men med dei lokale sjiamuslimane vart forholda gode.

I Libanon gjekk sjiamuslimane gjennom ei oppvakning på 70-talet. Den karismatiske leiaren Musa al-Sadr la grunnlaget for betre tilhøve og meir makt for sjiamuslimane i landet. Jamvel om talet på sjiaar i Libanon auka var det andre sekter og grupper som sat med makta, og borgarkrigen herja. Hans verke leia til opprettinga av Amal-organisasjonen, som framleis dominerte utover på 80-talet.

I 1982 rykka Israel inn i Libanon. Målet var å jaga palestinarane frå landet, samarbeide med dei kristne maronittane og opprette ein fredsavtale. Ein oppnådde at PLO forlét landet, men resten feila spektakulært. Snart stod Israel til knea i ein ny og libanesisk konflikt. Men Israel vart ståande i Libanon fram til mai 2000. I kjølvatnet av den israelske invasjonen vaks det fram ei ny gruppe som med tida vart kjend som Hizballah.

Frå dag ein var Hizballah i Libanon eit iransk prosjekt.  I 1983 var det nokre spektakulære sjølvmordsbombeangrep i Libanon. Mot det israelske hovudkvarteret i Tyr og mot basen til US Marines og dei franske styrkane i landet. Dei to siste hadde saman med italienarane kome inn i Libanon som fredsbevarande stryke. Amerikanarane mista 241 mann og franskmennene 58. I ei blanding av interne debattar og ulike syn og uklare ordre svara aldri USA på angrepet. Gruppa bak åtaka kalla seg Islams Jihad og var leia av Iman Mughniyeh.

Ein annan ting som gruppa gjorde var kidnapping av gislar i Libanon. Det er framleis uklart om gruppa til Mughniyeh handla som ein del av Hizballah, eller om den jobba frilands for Iran. Forfattaren David Crist skriv i boka si om den hemmelege krigen mellom USA og Iran, at Moughniyeh etter kvart vart offiser i revolusjonsgarden. Det som i alle høve er klart er at han vart ein slags forsvarssjef for Hizballah, og at Iran kunne få han til å sette fri gislar. Det iranske nærværet i Libanon vaks stort utover på 80-talet.

Jamvel om amerikanarane leid store tap og tekte styrkane ut av Libanon, var det framleis opning for samtalar med Iran, skriv David Crist i boka The Twilight War. Crist har intervjua fleire sentrale aktørar frå 80-talet. Den amerikanske tenkinga om Iran på den tida ser ut til å ha vore prega av Den kalde krigen. Det var ei frykt for at Sovjet skulle rykka inn i Iran og ta kontroll over oljefelta. Ein vona at Iran ville falle ned på Vesten si side i ein storkonflikt. Ein slik konflikt var òg bakteppet for nokre av filmane om atomkrig som kom på 80-talet, mellom anna den britiske Threads. Dette var noko av bakgrunnen til at amerikanarane byrja selja våpen til Iran med Israel som mellommann. Overskotet vart i starten nytta til å støtte Contras-styrkane i Nicaragua. Med tida vart det eit reint sal for å frigje dei amerikanske gislane i Libanon. Men trass i at nokre vart slepte fri, tok Hizballah nye. Og det var ikkje før i 1991 at dei siste slapp ut. Nokre av dei, som stasjonssjefen til CIA, William Buckley, vart drepen kort tid etter at han var tatt.

Krigen mellom Iran og Irak kosta mange liv på begge sider. Utvilsamt eit traume for iranarar som opplevde ein ganske fri bruk av kjemiske våpen frå irakisk side. Jamvel om frontane gjekk fram og attende var krigen i store delar fastlåst. Irak hadde ein fordel med at olja gjekk i røyr til Tyrkia og byrja angripa skipa som gjekk frå Iran. Samstundes vart Irak støtta av satane i Golfen som starta Golfrådet i 1981. USA bakka Golfstatane og selde våpenplattformar, mellom anna AWACS til Saudi-Arabia. Iran byrja svara med å angripa skipstrafikken frå Golflanda i det som har vorte kalla tankkrigen. Dei som stod bak operasjonane var revolusjonsgarden si marineavdeling. Med lette speedbåtar, seld frå Sverige, gjekk dei til åtak. Samstundes byrja dei minelegging. Amerikanarane kom for alvor inn i 1987.

Hovudstyrken kom frå den amerikanske marinen, men òg spesialstyrkar, Navy Seals og den hemmelege helikopteravdelinga Task Force 160, The Night Stalkers, vart nytta. Helikopteravdelinga vart oppretta som ein lærdom etter Eagle Claw. Desse laga som opererte ut frå to store lekterar i Golfen hadde ein viss suksess mot revolusjonsgarden. Samstundes var det i høve Crist amerikansk etterretning som tipsa Saudi-Arabia om eit nytt opprør i Mekka som vart initiert av Iran. Det enda med 402 døde, av dei 275 iranarar. Men det skal seiast at ein del av detaljane rundt hendinga framleis er eit stort spørsmål. Mot slutten av tankkrigen gjekk USA til åtak på oljeplattformar som Iran nytta kommandosentralar. Med denne represalieaksjonen trakk iranarane seg attende frå å gå i direkte konflikt med USA. Tankarkrigen ebba ut med krigens ende i august 1988. Året etter trakk Sovjet seg ut av Afghanistan og jarnteppet falt. Verda var endra. Men til kva?

4.     Dei andre sin død

Iran kom skaka ut av krigen mot Irak. Dei hadde vore i open konflikt med USA i Golfen. For USA hadde 80-talet gitt dei eit fotfeste blant landa i regionen, jamvel om regima ikkje snakka høgt om det. Konflikten mellom Hizballah og Israel gjekk sin gong i Libanon, men organisasjonen var ikkje veldig sofistikert då 1990 ringde inn. I hovudsak dreiv den stormåtak på forsvarsstillingar. Men i 1988 hadde dei sigra over rivalen Amal, og var no dei leiande krafta blant sjiamuslimane i landet. Alt dette endra seg utover 90-talet. I 1990 var det Quds-stryka som fekk ansvaret for dei iranske operasjonane i utlandet. I Libanon vart Hizballah ein stadig betre styrke. Dei fekk meir politisk makt, og jamvel om israelarane la om krusen og taktikken trakk dei seg i mai 2000 ut av Libanon. Det var dels grunna press på heimebane og dels grunna at ein ikkje hadde klart å svekka Hizballah nok, og samstundes hadde Ehud Barak gått til val på at han skulle trekka hæren ut av Libanon. Hizballah var den store vinnaren både mot Israel og heime. Og dei var den einaste gruppa med eit stort arsenal då borgarkrigen vart avslutta. Utover 2000-talet festa dei grepet i Libanon, og i dag er dei klårt den sterkaste makta i landet.

Med freden i Golfen sette Iran sikte andre stadar. Då Israel skaut leiaren av Hizballah i 1992 gjorde Iran og Hizballah to hemnåtak i Argentina. Eitt mot den israelske ambassaden og eitt mot eit jødisk kultursenter. Dei drog nytte av utflytta sjiamuslimar i grenseområda mellom Argentina-Brasil og Paraguay. Ein annan trend som skaut fart var drepinga av opposisjonelle iranarar i Europa. Det starta alt i 1979, og på 80-talet vart 25 drepne og 23 skadde i Europa. I 1993 var det 23 drap berre i Tyskland. Ein norsk avleggar var truleg attentatforsøket på William Nygaard. Jamvel om nokre av dei som vart drepne var fiendar av Iran som dreiv motstandskamp, var andre berre folk som hadde skrive og snakka mot regimet. Forfattaren Ronen Bergman anslår at det fram til 1997, då drapa stogga, var drepe 200 av Iran i Europa. Stort sett var dei europeiske reaksjonane avmålte. Men drapa vart synleggjorde i media etter eit brutalt attentat på fire kurdarar i Berlin. Trass i dette har mantraet frå europeisk hald til ein viss grad vore at det ikkje er vårt problem. Og dei som vart arresterte slapp stort sett fri etter kort tid i fengsel. Dels i form av avtalar i samband med utveksling av gislar.

Då Qassem Soleimani tok over Quds-styrka i 1998 var Vesten ein anna stad. Rett nok stod Kosovo-krigen for døra, men stort sett hadde verda endra seg radikalt det siste tiåret. Austblokka var i ferd med å verte integrert i EU, Russland var på sitt svakaste og i Midtausten var det betre enn på lenge. På denne tida kunne ein relativt enkelt rise over landjorda frå Marokko til Kina. Og al-Qaida sine fyrst åtak var i Afrika og Jemen, langt vekke og lite å bry seg med. Iran hadde fått ein ny president som sende ut positive meldingar og signal. Clinton gjorde det same til Khatami, men det var ikkje han som sat med den verkelege makta.

I det iranske politiske systemet er den verkeleg makta hos den åndelege leiaren Ali Khamenai og vektarrådet. Eit råd beståande av tolv menn – seks ayatollaar, altså religiøse leiarar, og seks dommarar. Det er desse som revolusjonsgarden jobbar med å trygge internt. Jamvel om Iran ser truslane utanfrå er den store trusselen den indre. I juli 1999 braut det ut store protestar i Iran. Opphavet var blant studentar. Den sommaren var Qassem Soleimani ein av dei som skreiv unna på eit brev som åtvara presidenten. Han måtte slå ned opprøret elles ville dei gjere det. Saman med Basij har revolusjonsgarden slått ned opprør etter opprør. I 2009 og mot slutten av 2019. Demonstrantar har vorte skotne. Jamvel om det er demonstrasjonar no etter nedskytinga av det ukrainske flyet, vil revolusjonsgarden gjere alt i si makt for å slå ned protestane. Så langt er det lite som tyder på at regimet er utmatta, som dei i Aust-Europa var det hausten 1989.

Khatami slo ned opprøret, og sat til 2005, men jamvel for eit Iran som hadde glidd ut av tankegangen til USA, var sjokket etter 11. september totalt.

5. Tofrontskrig

USA hadde trappa ned i Golfen etter krigen i 1991. For Iran, som sat på sidelinja, var det få tårer for at Saddam Hussein vart jaga ut av Kuwait. Dei haldt seg unna, men vart heller ikkje inviterte til den regionale fredskonferanse i Madrid etter krigen. Litt etter litt forsvann minna frå Golfen på 80-talet vekk, og då George W. Bush vart vald til president i januar 2001 var det mest interne spørsmål som stod på agendaen. Iran var ei bakevje. Litt av den same kjensla finn ein i Israel på den tida. Den andre intifadaen hadde byrja, og ein var igjen opptatt av det palestinske spørsmålet og gamle konfliktlinjer med Syra og Irak.

Med åtaka 11. september endra ting seg. USA kom attende til Midtausten med fyll styrke. Fyrst i Afghanistan og seinare i Irak. I starten var Iran viljuge til å gi informasjon til USA om Afghanistan. Ryan Crocker, som vart ambassadør i Kabul og Bagdad, har sagt i eit intervju med The New Yorker at Soleimani ga dei mål å bomba i Afghanistan. Samstundes var Iran ikkje nokon ven av Taliban på den tida, dei støtta Nord-alliansen. Og ein kan kanskje sei at det handla om at Taliban var «min fiendes fiende». Ein var heller ikkje mot invasjonen av Irak. At den gamle erkefienden vart fjerna saman med den irakiske hæren var, i alle høve regionalt, ein god ting for Iran. Men samstundes kunne ein sjå frå iransk hald at dei var stengde inne av USA både i aust og i vest. Litt etter litt fann leiaren for Quds-stryka opninga han hadde sett etter.

Starten på skuggekommandøren sine suksessar byrja i Irak. Amerikanarane hadde gått inn med sikte på å gjere Irak til eit demokrati med makt. I dåtida var mykje av håpet knytt til det sjiamuslimske fleirtalet i landet. Det var dette Soleimani utnytta. Gradvis bygde han opp grupper som fekk makt politisk og som gjekk til åtak på dei vestlege styrkane i landet. Det gjekk lit tid før ein såg den iranske handa i spelet, men det vart meir og meir klart under opprøret som kom.

Alberto Fernandez, som jobba for det amerikanske utanriksdepartementet i Midtausten i fleire år, seier i eit epost-intervju med Forsvarets Forum at ein på den tida hadde eit for snevert syn: 

– Fokuset på salafistisk jihad generelt og AQ (al-Qaida) spesielt gjorde at fokuset vart snevert på sunni/jihadist sida mot resten. Det gjorde at Iran vart plassert som ein potensiell alliert eller ein ikkje-fiende… Irans rolle med å vere litt på både sider – dei ga skjul til viktige AQ-leiarar, vart ikkje forstått tilstrekkeleg i starten.

Som ein ser i memoarane til Stanley McChrystal vart den iranske handa meir synleg utover på 00-talet i Irak. Og då Obama trakk amerikanarane ut i 2011 var landet de facto kontrollert av Iran, i alle høve sentrale delar av regjeringa og delar av dei væpna styrkane. Opprørsnedkjempinga mot Al-Qaida i Irak vart hylla som ein suksess, og Obama kunne trekke troppane ut etter at Bin Laden vart drepen i Pakistan. At han la landet ope for Iran var det mange fagfolk som åtvara mot. Men Soleimani hadde gjort ein stor tabbe. Den slo snart inn som ein bumerang.

Og i aust såg Iran ein sjanse i perioden 2005 til 2008. Revolusjonsgarden byrja nytte nye opningar som oppstod i Afghanistan.

– Dei såg det var eit potensiale for å forma ein positiv relasjon med Taliban og vedtok å eskalere. Amerikanarane sende inn fleire folk, og det uroa Iran, seier Antonio Giustozzi, ein leiande forskar på Afghanistan i eit epost-intervju.

Giustozzi seier at det var pakistanarane som inviterte Iran inn i Afghanistan då dei innsåg at dei ikkje kunne handsame den auka amerikanske pengebruken i landet. Målet til Iran var å hindre forminga av eit USA-venleg styre og permanente basar i landet. 

– Jo meir amerikanarane gjorde, dess meir gjorde Iran, skriv han.

I høve Giustoizzi vart iranarane, det vil sei revolusjonsgarden, overraska over kor interesserte Taliban var i dei. Dei hadde sett på operasjonen mot Taliban som noko taktisk. Han meiner at Taliban såg positivt på forholdet av dei det minka den innflytinga som Pakistan hadde hatt over dei til då. I hovudsak ga dei Taliban trening, noko ustyr og miner, men ikkje dei mest avanserte i det iranske arsenalet. Men forholdet kjølna med tida.

– Etter at borgarkrigen i Syria byrja trekte iranarane ut folk. Eit nytt vendepunkt kom i 2018 då Taliban byrja snakke med USA, då mista iranarane interessa.

USAs president Donald Trump, sammen med Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Men Iran er framleis på vakt mot utviklinga i Afghanistan, meiner han. Om amerikanarane trekker seg ut, som han trur vil skje, vil truleg Iran, Pakistan, Russland og Kina dele landet i interessesfærar. Taparane vil vere USA og India, avsluttar han.

6.     Tilbakeslag

Men trass i taktiske og strategiske suksessar i Irak, Syria, Libanon, i Jemen og med Hamas i Gaza har ikkje Soleimani og revolusjonsgarden berre hatt suksess. Då Iran trappa opp atomprogrammet på 00-talet byrja Israel og USA eit hemmeleg samarbeid om å forsinka prosjektet. Ei mykje omtalt hending var cyperoperasjonen Stuxnet som øydela sentrifugar i anlegget i Natanz. Samstundes byrjar Mossad, etter kva Ronen Bergman skriv, å angripa sentrale vitskapsfolk knytte til atomprogrammet inne i Iran. I 2008 samarbeida CIA og Mossad om å drepe Imad Mughniyeh i Damaskus. Han var arkitekten bak åtaka i Libanon i 1983 og kidnappingane. Mughniyeh vart sett på som ein av dei mest effektive terroristane Midtausten har sett.

I etterkant har ikkje Iran og Hizballah klart å svare på drapet som dei lova. Eit åtak på israelske turistar i Bulgaria er unnataket, men operasjonar andre stadar i Asia og i Georgia vart mislukka. Samstundes klarte heller ikkje Soleimani å oppnå regimeskifte i Bahrain. Men i Jemen har dei hatt suksess med å støtte hutiane, som har låst Saudi-Arabia fast i landet, og fått UAE til å trekke seg ut.  

Qassem Soleimani kom ut av skuggane under kampen mot IS. Han hadde opna for at Assad sende inn sunnimuslimske jihadistar til Irak, både før og etter den syriske borgarkrigen. Under borgarkrigen fekk dei etablere seg relativt fritt under ein ny banner i Aust-Syria. Frå ruinane av al-Qaida i Irak vaks IS opp. Sommaren 2014 rulla dei over grensa til Irak og trua Bagdad. Soleimani som alt hadde sendt irakiske militsar inn i Syria, tok kommandoen. Han jobba saman med sjiamuslimar og kurdarar, i alle høve Talabani-fraksjonen. Ironisk nok var han på same sida som USA i den konflikten. Men i kor stor grad og kor tett samarbeid, på bakrommet, får med truleg ikkje vita på mange år. Hausten 2017 hadde kurdarane tatt Kirkuk. Det var ein kurdisk draum å halde byen, men på kort tid fall den til dei sjiamuslimske militsane mest utan kamp. Talabani-fraksjonen til kurdarane hadde etter sigande lete inn sjiamilitsane, og arkitekten bak var ingen andre enn Soleimani som i lang tid har hatt innflyting på den fraksjonen av den kurdiske motstanden. Med det stogga den kurdiske draumen om å halde den gamle provinshovudstaden.

Då Obama stod i spissen for avtalen om det iranske atomprosjektet i 2015 var det ein milepåle i forholdet mellom Iran og USA. I tøveret som oppstod etter avtalen, kvilte ikkje Soleimani på lauvbera. Han hadde mellom anna ei reise til Moskva, kor han tilsynelatande argumenterte for den russiske interveneringa i Syria. Jamvel om Sovjet og seinare Russland har ei lang soge i Syria, vart møte eit vendepunkt for ein pressa Assad. Med russisk luftstøtte, fekk regimet saman med Hizballah og militsane som Soliemani hadde sendt inn overtaket i borgarkrigen og dreiv opprøret tilbake på alle frontar. Samstundes med svekkinga av IS fekk revolusjonsgarden oppretta ei landbru via Irak inn i Syira, som gjorde det enklare å føre fram våpen til Hizballah i Libanon. Israelarane har ført ein lang luftkrig mot denne forsyningslinja, og lite tyder på at det blir noko opphald så lenge landruta er oppe og går.

Atomavtalen vart frå USAs side sagt opp med Trump. Det er sjølvsagt uvisst om det var nokon større strategisk tenking bak vedtaket til presidenten utover at han meinte det var ein dårleg avtale. Sanksjonane har auka det siste året, og i høve Iran-eksperten Kenneth Katzman er den noverande oljeproduksjonen nede i 250-300.000 fat, kor Iran treng minst 1,2 millionar fat, for å halde seg flytande.

Qassem Soleimani stod altså for den hardaste linja på heimebane og ei aggressiv linje i utlandet. Hans nesten 22 år som leiar av Quds-styrken har sett det iranske nettverket og innflytelsen vekse stort etter 2003. Mot Israel har han klart å etablere ein trussel på tre frontar. Den gamle i Libanon, ein ny saman med Hizballah på den syriske delen av Golan, og gjennom støtte til Hamas i Gaza. At ein Hamas-representant tala i gravferda hans syner at såra som oppstod mellom Iran og Hamas i starten på den syriske borgarkrigen er lega. Soleimani etterlet seg eit iransk byggverk i regionen dei knapt har hatt sidan 500-talet, før islam. Då den jordanske kongen, Abdullah II, åtvara mot ein sjiamuslimsk halvmåne frå Irak til Libanon i 2005 var det få som høyrde på han. I dag er det nærast ein realitet. Soleimani har «eksportert» revolusjonen på ein framifrå måte. Han var fram til 3. januar den store vinnaren i pokerspelet i Midtausten. Spørsmålet er om nokre kan fylle skoa hans.

7. Ukjent landskap

Det er liten tru til at drapet på Soleimani stoggar Irans ekspansjon i Midtausten. Det òg lite som tyder på at Trump hadde ein større strategisk plan med åtaket. Jamvel om USA har oppretta ei viss avskrekking, er det vanskeleg å sjå at Iran vil reversera det dei har oppnådd det siste tiåret. Men om historia frå Golfen på slutten av 80-talet er ein peikepinn, vil ikkje Iran ha ein open konflikt med USA. På kort sikt vil dei truleg tone ned åtak som kan få USA til å angripe mål i sjølve Iran. Samstundes handsamar dei eit stort nettverk av arabiske sjiamuslimske organisasjonar i til dømes Irak, som kan halde fram med åtak på amerikanske styrkar i landet. Og Trumps signal om at han vil ut av regionen er meir enn berre tweets i natta.  

I motsetnad til Vesten har ein tid i Iran. Ein legg planar for lang tid framåt, og Soleimani var den store planleggaren. Spørsmålet er om nokre nye kan få så mykje makt og innflyting som han hadde. Men revolusjonsgarden vil halde fram arbeidet med å styrke Iran sin posisjon utan «skuggekommandøren».

Fleire av scenarioa om kva som vil skje vidare er knytte opp til kva Trump gjer fram mot valet. I talen etter at Soleimani var drepen, starta han med at «me er sjølvforsynt med olje». Å trygge oljeeksporten var lenge ein viktig strategisk grunn for USA til å vere i Golfen. Det er det ikkje lengre. Dei som kjøper mest olje frå Saudi-Arabia no er Kina. Jamvel om USA har sendt fleire styrker til regionen den siste tida er det ein byrjande debatt i Washington om at det er på tide å trekke seg ut av Irak nok ein gong. USA kan vere ute av Irak og Afghanistan før neste val, og gå attende til den gamle policyen om å drive avskrekking frå sjøen. Det er eit scenario som dei fleste sunnimuslimske statane i Golfen og elles i regionen fryktar. Det er òg eit scenario ein har byrja jobba med i Israel.

Golfstatane har for lengst drive å skapa ein hemmeleg allianse med Israel. For Israels del har dei for lengst utvida åtaka på Iranske våpentransportar frå Syria og inn i Irak, noko som er eit direkte resultat av at dei nye F-35 flya er operative. I Israel er signala at ein ny krig med Hizballah nærast er uunngåeleg. I Syria sit Russland og venter på kva opningar ei amerikansk tilbaketrekking vil gje. Men det er ikkje sikkert for USA trekk seg ut for Midtausten har ein tendens til å dra ein inn når ein trur ein er ute. Det skjedde for Obama etter 2011, og det kan skje med Trump.

Drapet på Soleimani var ikkje uventa. Han har vore ein «ettersøkt» mann lenge. Han har amerikanske liv på samvitet og han har jobba mot USA i skuggane i fleire år. Med eksplosjonen i Bagdad kom dei eit kort lysglimt frå skuggeteateret. Men konflikten som byrja med gislane i Teheran i november 1979 er ikkje over med Soleimani. Det er framleis konfliktar mellom sjiamuslimar og sunnimuslimar i Midtausten. Det er framleis konfliktar mellom Iran og andre statar i regionen, og det er framleis konfliktar mellom Iran og USA. Samstundes er det få utanfor hans næraste sirkel og allierte som feller tårer for skuggekommadøren. I Iran, som er delt mellom dei radikale og dei konservative, kor dei siste vert kalla reformistar, var han på den radikale sida saman med organisasjonen han var ein del av. I Midtausten skapa han frykt og uro.   

Som me har sett er ikkje denne over førti år lange konflikten heilt etter boka. På bakromma i basarane i Midtausten er det alltid nokre spesialprisar for dei som vil handle. Og rykta vil ha det til at iranarane er dei beste salsfolka. Det kommande året vil gje svar på kva tilbod og etterspørsel som dukkar opp i regionen. Og som me har sett er ikkje det me ser i media, naudsynt det som skjer i felten eller på bakrommet. Konflikten mellom Israel og Iran, som no stort sett går føre seg i Syria og Irak, har det siste året vorte meir synleg. 

Kva Trump vil gjere framåt er det opp til kvar enkelt å gisse. Men eitt er sikkert – med Soleimani visste ein kva ein hadde. Framåt er ein på veg inn i ukjende landskap. Mykje vert nok av det same, men òg annleis. Medan me klør oss i hovudet og tenker på kva som kjem, kan ein slå fast ein ting: Den førti år lange konflikten mellom Iran og USA er ikkje over, men samstundes skjer det ting i skuggane fyrst fleire år etter ser i dagslys. 

Dei brennande bilane i Bagdad var ein brutal slutt for ein mann som har spelt eit brutalt spel i to tiår. Men jamvel om kurva steig til eit dramatisk høgdepunkt litt over midnatt 3. januar, er neste kapittel det som vil halde oss opptatt i føreseieleg framtid. I Midtausten finnast det eit ordspråk for nett det: Hundane gøyr, men karavanen rullar vidare. 

Powered by Labrador CMS