Trumps plan vil ikkje løysa konflikten

Israel får meir og mindre godkjend alle krava dei har fremma. Difor kan ikkje palestinarane godta Trump sin plan for fred, skriv Asgeir Ueland.

Benjamin Netanyahu såg nøgd ut i det kvite hus, jamvel om det nokre timar før var tatt ut tiltale mot han i heimlandet. Trump sitt forslag til fred mellom israelarar og palestinarar, som går under kallenamnet «hundreårets avtale», ser ut til å vere daud med fødselen. I si noverande form er det ein full siger for Netanyahu. Den gjer Israel alle svar dei vil ha på det spørsmålet som trumfar alt i den lokale debatten – tryggleik. Spørsmålet om Jerusalem som var eitt av dei vanskelegaste spørsmålet under Oslo-prosessen er tatt av bordet, og Israel får ha byen som sin hovudstad. Den andre nøtta knytt opp mot dei palestinske flyktningane er òg vekke, unntatt nokre tusen i året som kan returnere til ein framtidig palestinsk stat. I så måte har Trump kvelva bordet kortspelet har føregått og delt ut korta på ny. Skilnaden er at det ikkje er ein ny runde, men eit nytt spel. 

I form er planen ikkje ulik den såkalla Allon-planen frå 1967. Planen som den gong vart lagt fram av den israelske arbeidsministeren, Yigal Allon, hadde israelsk kontroll over Jordan-dalen og ein korridor ned dit som ei viktig føresetnad. Den gong var Midtausten ein annan stad. Landet hadde kome sigrande ut av seksdagarskrigen, men hadde ikkje fred med nokre av sine naboland. I dag er israelsk kontroll over det relativt lite folketette området knytt opp mot ytre grensekontroll, frykt frå eit framtidig krigsscenario og frykt for fri flyt av terror og våpen, som ein har sett i Gaza. Det er viktig å understreka at den største byen i dalføret, Jeriko, er og vil verta under palestinsk kontroll.  

Palestinsk nei

Medan stemninga var på topp i Det kvite hus, var den stikk motsett i Ramallah, kor den palestinske presidenten Mahmoud Abbas kalla avtalen «hundreårets klaps i andletet». Palestinarane har ikkje vore om bord sidan den økonomiske delen av avtalen vart lagd fram i Bahrain i juni. For palestinarane sin del vil eitt ja til ein slik avtale omtrent vere det same som ein rein kapitulasjon, kor sigerherrane dikterer resultatet. Abbas hadde samtalar med leiaren i Hamas, Ismail Haniyeh, og freistar no å få slutt på splittinga mellom Fatah og Hamas, som har drive ein kile mellom dei to dominerande fraksjonane hos palestinarane. At utkastet til avtale kan verke samlande på palestinarane i vekene og tida og kjem, er ikkje usannsynleg, men mange sår må lækjast før det er ein realitet. 

Om ein les avtaleutkastet er det ein del ting i underteksten som er like interessante som ein avtale mellom israelarar og palestinarar. Under seremonien i Washington var ambassadørane til Bahrain, Oman og UAE til stades. Saudi-Arabia var ikkje der, men dei har dei siste vekene gitt grønt lys for israelske statsborgarar å besøke kongedømet. Samla flytter dette det hemmelege diplomatiet og ein stille allianse mellom Golf-statane og Israel fram i lyset. Men desse statane kan ikkje og vil ikkje inngå fred med Israel utan at det palestinske spørsmålet vert løyst. Business på kammerset ja, men normale relasjonar på vent. Det som har opna for dette samarbeidet er den felles fienden – Iran. 

Mange val

Det er lite truleg at denne avtalen vil føre til noko på kort sikt. USA går snart inn i valmodus. Israel er alt i valmodus føre sitt tredje val. Samstundes meiner omtrent alle partia i Israel at dette utkastet er godt. Dei som er skeptiske er dei lengst til høgre, som fryktar for isolerte busettingar midt i ein palestinsk stat, og dei lengst til venstre som vil attende til grensene før 4. juni 1967. Men uansett utfall av valet, som truleg ikkje vil endra det politiske kartet frå «uavgjort», så er det eit fleirtal i Israel for denne avtalen. 

Planen til Trump er ein israelsk siger, og eit palestinsk tap. 

I teksten til avtalen står det at den tar i betraktning dei endringane som har skjedd i regionen dei siste tiåra. At ein kan gje palestinarane så lite i høve deira «narrativ» indikerer at Palestina-spørsmålet har falt langt ned på prioriteringslista i regionen. 

Lokale endringar

Samstundes har stoda i Jerusalem endra seg markant det siste tiåret. Ein gong var Aust-Jerusalem lokomotivet i den palestinske økonomien. Etter at tryggleiksbarrieren vart bygd vart byen isolert frå resten av Vestbredda og har ført til endringar som stort sett har føregått under radaren. Trass i retorikk er den palestinske befolkninga i byen meir integrert i den israelske økonomien. Bybanen har ført til at fleire palestinarar dreg til Vest-Jerusalem, eitt syn ein knapt såg på 1990 og 2000-talet. Kjøpesentera i vest har kampanjar under ramadan, og fleire studentar frå Aust-Jerusalem studerer på Det hebraiske universitet enn før. Jamvel om palestinarane ikkje har gitt opp draumen om eigen stat, så har dei tilpassa kvardagen meir inn mot den israelske økonomien. Desse har òg rett til vanleg israelsk id-kort og statsborgarskap. Unnataket er to bydelar i nord som ligg utanfor muren. Det er her USA føreslår at hovudstaden til eit framtidig Palestina skal ligge. 

Fleire scenario

Planen til Trump er ein israelsk siger, og eit palestinsk tap. Og dei relativt gode økonomiske gulerøtene som ligg i avtalen vil aldri vere nok til å gje ei løysing. Det er difor ei rekke andre scenario som kan oppstå med dette avtaleutkastet. Men fleire av dei er avhengige av fleire faktorar. Eg skal prøve å gjere kort greie for dei her: 

* Det vert ingen avtale, men Israel annekterer områda dei har fått skildra som sine på Vestbredda. Jordan-dalen, dei store busettingsblokkane langs den gamle våpenkvilelinja, samt isolerte busettingar. Samtidig innfører dei israelsk lov i desse områda, i dag er heile Vestbredda under militærlov. 

* Palestinarane maktar å samla seg. Med manglande støtte frå dei arabiske statane i Golfen, kan dei søke hjelp hos den sjiamuslimske-aksen leia av Iran. Hamas har alt gode forbindingar med Iran. 

* Palestinarane står òg føre ein ny leiarkamp. Abbas er 84 år, og det er ingen klar arvtakar etter han. Dei er splitta i to store leiarar, med større splittingar lokalt. Dei har ikkje same støtte dei hadde for ein tjue år sidan, og må finne ein ny veg til å få ryggdekking framåt. Per no er EU den mest sannsynlege adressa, men dei har òg hatt følarar ute til Putin. USA har truleg mest pressmiddel, men spørsmålet er om det er nok. 

* Dei komande dagane vil syne om palestinarane er sinte nok til å starte uro, som kan føre til ein ny intifada. Abbas sa i går at det ikkje plent var leiarskapet, men folket sjølv som måtte gå føre i protestane mot planen. Det kan indirekte tolkast som grønt lys til å starte protestar. At ein vil få det i Gaza kor Hamas kontrollerer er meir og mindre sjølvsagt, men om det vert stilt på Vestbredda er det eit teikn på at økonomien er viktigare enn harme mot Israel og USA. 

50 milliardar dollar er ikkje nok til å endre synet til det palestinske leiarskapet, eller folk flest som bur i Gaza og Vestbredda.

Fredag er ein merkedag i så måte, vert det stilt då, vil denne avtalen ikkje ha rokka det status quo som har vore dei siste åra. Men ein ny intifada vil naudsynt ikkje gjere situasjonen betre for palestinarane, og det kan verke som sjokket frå den førre intifadaen framleis sit sterkt i. 

Det er vanskeleg å sjå att denne avtalen vil få gjennomslag. Det verkar som forslaget er for mykje knytt opp til den amerikanske draumen om økonomisk vekst og uendeleg moglegheiter. Ein kan sjå mykje av eigedomshandlaren Trump i den. Men 50 milliardar dollar er ikkje nok til å endre synet til det palestinske leiarskapet, eller folk flest som bur i Gaza og Vestbredda. Samstundes reflekterer avtalen at palestinarane ikkje lengre står veldig høgt på den regionale agendaen. Dei får klårt mindre no enn under forhandlingane rundt Oslo-avtalen.  Fleire av dei sunni-arabiske statane har uttalt at det er eit grunnlag til forhandling. Unnataket er Jordan, som er urolege for protestar frå deira eigen palestinske befolkning, og kongen har uttrykt skepsis. 

Kokar i kålen

I går sa Abbas at palestinarane har tid – at Trump ikkje vil vere i USA i all framtid. Jamvel om det er sanning i det er det eitt spørsmål kor mykje tid ein har. Israel har i etterkant av den andre intifadaen klart å administrera konflikten på Vestbredda med ganske gode resultat. Jamvel om det har vore lokal terror, har ein ikkje vore i nærleiken av stoda under intifadaen. Den intifadaen drog heile den israelske befolkninga til høgre, og tilliten til motparten forsvann. Det er heller ikkje stor tillit andre vegen, jamvel om det er eit samarbeid om tryggleiksspørsmål. Om det vert ny uro og Abbas klarar å lega den palestinske splittinga kan det endre situasjonen. Samstundes har Hamas betre kort enn Abbas. Den sittande presidenten har aldri hatt sama samlande status som Arafat hadde. Og bak gjer nye leiarar seg klar for maktkampen som kjem når han går av eller dør. 

Om det vert stilt dei komande vekene vil Trump sin plan forsvinne frå overskriftene. Valkampane vil ta over, og planen som skapte ei kort påminning om den lengste uløyste konflikten i regionen, vil truleg koka ut i kålen. Men bak avtalen ligg det ein meir alvorleg regional ting: Trump vil ut av Midtausten, men før han trekk amerikanarane ut vil han ha ein slags ro. Men Midtausten har ein tendens til å operer i ein annan dynamikk og med andre lag enn Vesten har. 

Trump vil ut av Midtausten, men før han trekk amerikanarane ut vil han ha ein slags ro.

Spelet har andre reglar enn eigedomsavtalar i Manhattan. Palestinarar og israelarar kan dette spelet til fingerspissane. Dei har vore i konflikt i over 90 år. Nokon ende er ikkje i syne, trass i at Trump trur at den økonomiske draumen er nok. I Midtausten bur ein framleis i interessante tider, som dei heiter i den kinesiske forbanninga.