Nyheter:

I Hitlers badekar

Etter å ha fotografert frigjeringa av fangeleiren Dachau overnatta fotografene David Scherman og Lee Miller i leiligheita til Hitler.

​OM BILDET: På bilete ser du Lee Miller (1907-1977) var ein legendarisk fotograf med bakgrunn som modell frå 1920-talet i USA. Ho fekk ein karriere som fotograf etter å ha samarbeidd med den kjende surrealisten Man Ray i Paris på 1930-talet. Under 2.verdskrigen fotograferte og skreiv ho om amerikansk innsats i Europa for bladet Vogue.

Etter å ha fotografert frigjeringa av fangeleiren Dachau saman med fotografen David Scherman reiste dei til München. Her overnatta dei i leiligheita til Hitler natta til 1. mai 1945, da nyheita om Hitlers sjølvmord blei kjend. Da biletet av Miller i badekaret blei publisert, reagerte mange negativt, men sjølv repliserte ho at badet berre var for å vaske av seg lukta av Dachau. 

Lee Miller skreiv og fotograferte fra krigen til bladet Vogue. 
Lee Miller skreiv og fotograferte fra krigen til bladet Vogue. 
Fotograf David Scherman 1916-1997.​<STRONG style=&#34;COLOR: ; FONT-STYLE: normal&#34;></STRONG>
Fotograf David Scherman 1916-1997.​

OM FOTOGRAFEN: David Scherman blei fødd i New York og fekk jobb i tidsskriftet Life som ein av de første fotografane i 1938. Han følgde frammarsjen til dei amerikanske styrkane i Europa etter D-dagen og fram til tyskerane kapitulerte. Ein sto r del av denne tida arbeidde han saman med Lee Miller, som også ble kjærasten hans. Etter krigen blei Scherman ein av redaktørene i Life. 

I 1941v var Scherman passasjer på en sivil båt på veg fra Egypt til Sør-Afrika. Underveg blei båten skoten i senk av eit tysk handelsskip som i røynda var eit krigsskip som torpederte allierte fartøy. Scherman tok bilete under aksjonen til tyskerane, overlevde og var fange i tre veker. Da han og andre passasjerer vart lauslatne, hadde han filmrullane intaktm gøymde i tannpastatuber. Bileta blei publiserte i Life, og britiske marinefartøy brukte bileta til å kjenne att og deretter søkkje det «sivile» fartøyet.