Meninger
KLIKKJOURNALISTIKK: Mannen sa rett ut: Eg er redd. Han lurte også på om plassen han budde på ville bli ramma av krigshandlingar, DERSOM det skulle bli krig i Noreg, skriv Amund Trellevik om framstillinga av Ukraina-krigen i norsk media.
Foto: AP, LIBKOS
«Hei vil det bli krig i Norge? Håper på svar»
Nordmenn fortener saklege, gjennomarbeida og analyserte svar, ikkje populistisk klikkjournalistikk som skremmer meir enn å opplyse.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
Frå tid til annan får eg henvendingar frå folk som har innspel og spørsmål om ting som Russland, Putin, Ukraina, krig og fred. Stort sett er dette meldingar à la dette: «Nå får du begynne å bruke hodet, og ikke ha hodet i klem» eller «lille commie hore, ta imot asylsøkere hjemme hos deg selv før vi sender deg ut av landet forræder. ok?».
Ein skreiv til meg med ein idé for å stoppe Putin – å sende opp droner med høgtalarar over Moskva med opplesning av regimekritiske tekstar.
Men av og til blir eg kontakta av folk som har saklege spørsmål på fag eller berre lurer på kva eg trur kjem til å skje.
I går kom ei slik melding.
«Eg er redd»
Dette var ein vaksen mann frå ein middels stor norsk kommune, verken bygd eller by, og som hadde følgande spørsmål:
«Hei vil det bli krig i Norge? Håper på svar».
Me kommuniserte på meldingar gjennom kvelden. Eg forklarte at ja, situasjonen er krevjande og vanskeleg, det er dårleg stemning mellom vestmaktene og Russland, men at det ikkje kjem til å bli krig i Noreg slik som me ser krig på bakken i Ukraina.
Eg sa vidare at me nok må førebu oss på meir digitale angrep og hybride trugslar frå Russland.
Mannen sa rett ut: Eg er redd. Han lurte også på om plassen han budde på ville bli ramma av krigshandlingar, DERSOM det skulle bli krig i Noreg. Eg sa at hans heimstad nok ikkje er den første som vil bli invadert DERSOM det utenkelege skulle skje – at Noreg blir invadert av ein annan lands (Russlands) hær.
Til det er staden uinteressant militært, det er verken basar eller anlegg der, sa eg. Eg sa også at Nato har ein sterkare militærmakt enn Russland, at Noreg er med i Nato og at Russland veit at dei ikkje kan gå til angrep på Noreg utan at dei då går til angrep på heile Nato.
Han var einig i det. At Nato var sterk. Og at Russland ikkje ville utfordre Noreg militært. Kanskje gjekk han til sengs litt mindre redd? Ikkje veit eg.
AKKURAT NÅ
Men kva hjelper det at eg kommuniserer med denne mannen når norsk media ikkje klarer å skilje snørr og bart? I dag føremiddag får eg igjen melding av den samme mannen. «Hei, det står i Dagbladet at Russland går ut mot Noreg. No trugar dei Noreg!», skreiv mannen.
Eg klikkar meg inn på Dagbladet. Eit ENORMT bilete av russisk UDs pressetalskvinne Maria Zakharova fyller skjermen: «AKKURAT NÅ (rullande bortover): Truer Norge».
Kva var det russisk UD «truga» med? Kvifor blåste Zakharova seg opp over Noreg? Jo, fordi den norske regjeringa har auka beredskapen som følge av Russlands invasjon i Ukraina, trugslar om atomkrig, angrep på sivile mål i Ukraina, valdtekt av kvinner og utanomrettslege likvidasjonar, varsel om at dei ikkje kan garantere trygginga for korntransport ut av ukrainske hamner, cyberangrep, og så vidare og så vidare.
Lista over ting Russland trugar Noreg og Vesten med er lang.
Ikkje vits å overvinkle
Av og til skulle eg ønskje at store mediehus plasserte slike utspel i den konteksten dei fortener – og faktisk setter dette inn i eit større bilete av retoriske utspel frå Moskva. At Zakharova trugar Noreg eller gir oss skulda for at forholdet mellom Russland og Noreg er elendig, er ikkje noko nytt.
Dette er ting som er blitt gjentatt av Zakharova (og andre) heilt sidan Russland annekterte Krim i 2014. På inn- og utpust. Det er gjentatt så mange ganger at Zakharova snart vel må tru på sine eigne løgner.
Tittelen på denne saken i dette norske mediehuset kunne like godt vore: «Samme gamle sang fra Moskva», «Russland truer med atomvåpen – men mener Norge er slemmingene» eller «Zakharova kommer med nye løgner: Beskylder Norge for å ødelegge sikkerheten i nord».
Krigen i Ukraina er ille nok – det er ikkje vits i å overvinkle og forenkle til det banale. I dag las mannen som tok kontakt med meg og var redd, Dagbladet. I morgon ei anna avis.
Mange nordmenn orienterer seg i norsk media for å finne gode svar i ein krevjande kvardag. Dei fortener saklege, gjennomarbeida og analyserte svar, ikkje populistisk klikkjournalistikk som skremmer meir enn å opplyse.