KRIGSHELT: Boka om Raaby er et kort og hardt liv levd godt samlet mellom to permer, mener bokanmelder Asgeir Ueland.

Mannen og beistet

Bilete ein sit attende med var at telegrafisten var ein mann for krig, harde og vanskelege tider.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Forfatter Asgeir Ueland har anmeldt boka «Raaby. Krigshelt og eventyrer fra Tirpitz til Kon-Tiki» skrevet av Knut J. Støvne.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Alle som har ei viss kunnskap om den andre verdskrigen i Noreg kjenner namnet Torstein Raaby. Som operatør for stasjonen Ida for den britiske etterretninga Secret Intelligence Service, eller MI6, haldt han det tyske slagskipet under oppsikt frå ei brakke tilhøyrande Vegvesenet i Alta. Etter at krigen var over, og han hadde fått sine medaljar, vart han med Thor Heyerdahl som telegrafist på den namngjetne Kon-Tiki ekspedisjonen. Han vart dekorert med Krigskorset med sverd, og den høgaste britiske utmerkinga det var mogleg å få, Distinguished Service Order. Slik lyd det telegrafiske samandraget av livet til den gudbenåda telegrafisten frå Andøya.

Rotar ein litt rundt i krigslitteraturen finn ein nokre spor her og der av mannen, men grovt sett har soga om Torstein Raaby vore avgrensa av nokre sider. No har me endeleg fått eit litt fullare bilete av mannen. Eg har stor sympati med arbeidet Knut J. Støvne har lagt ned i denne boka. Det kjem klårt fram at store delar av livet til Torstein Pettersen, som han ennå heitte før og under krigen, har vore spanande og uvanleg, men kjeldetilfanget er avgrensa. Forfattaren har gjort ein god jobb med å vri alle dråper ut av vaskefilla utan at det vert tynn suppe av den grunn.

ENGASJERT: Forfatter Asgeir Ueland engasjerer seg i biografien om Torstein Raaby.

Tour de France

Den unge Raaby, oppvaksen i relativt enkle kår, men ikkje på botn av pyramiden, hadde eit godt hovud. Han vart sendt på gymnas til Frankrike, men ein hadde ikkje råd til å halde han der tida ut. Med tida har det vore fleire talent frå Nord-Noreg som har gått same vegen, og det kunne vore spanande om Støvne gjekk litt lengre i denne skuleløypa.

Var Raaby ein av pionerane i denne for søringar stort sett ukjende ruta, eller var det alt etablert at nordnorske talent skulle ut av landet og fram i verda? Jamvel om opphaldet i Frankrike vart kort, lærde han seg språk og skreiv fleire brev heim. Diverre for Støvne er det berre eitt av dei som overlever i dag. Då eg las dette kjende eg stor sympati med biografen, få ting er så nedslåande som kjende kjelder, som vert verande ukjende.

I det heile er det som i gamle biografiar kallast «unge år» prega av at det ikkje finst mange spor etter unge Raaby. Då han kjem heim frå Frankrike hamnar han litt etter over i rikskringkastingas stasjon i Vadsø, den såkalla Finnmarkssendaren. Det var her han brukte tida under invasjonen av Noreg fram til kapitulasjonen. Då tyskarane hadde festa grepet om landet, var han ennå ikkje 22 år gamal. Men gjennom biografien får ein inntrykk av at Raaby var typen som meir og mindre tilfeldig vart dradd inn i ting.

KON-TIKI: Mannskapet fra den hjemmelagde flåten vinker før avreise i San Francisco, USA den 29. september 1947. Fra venstre: Leder for ekspedisjonen, Thor Heyerdahl, Bengt Danielson, Erik Hesselberg, Torstein Raaby, Herman Watzinger og nestkommanderende og designer av flåten, Knut Haugland.

Samme telegrafist for GRU og SIS

Det første steget inn i den hemmeleg etterretningsverda tok han tidleg på sommaren 1942 då han var heime på ferie. Han vart med å handsame ein sendar som sendte til Sovjetunionen og deira militære etterretning GRU. Trafikken som gjekk austover var einvegs, og jamvel om det finst spor om at meldingane vart mottekne, så kom det aldri svar på meldingane. Det meste handla nok om skipstrafikk og det er lite truleg at ein nokon gong får lese meldingane i russiske arkiv.

Det ein derimot kan lesa er ein god del av telegramma frå Ida. Soga om Tirpitz har vore skriven fleire gonger frå fleire vinklar, og det er utvilsamt denne perioden i livet til Raaby ein har mest kjøt på beina. Ein anar at Støvne freistar å gjere deler av denne soga til ein kamp mellom mannen og beistet, som Tirpitz vart kalla i Storbritannia, men dette er ei særs vanskeleg forteljarteknisk øving, som fungerer best i starten av «duellen» i nord. Ein annan ting kunne fungert betre er å ikkje røpe for mykje om kva som kjem. Til dømes: «Ett år etter kom Torstein Raaby og dannet etterretningsgruppen «Ida» midt i den tyske flåtebasen.» Eg hadde likt om forfattaren let framtida henge litt meir i lufta når han drar opp spenningsfrekvensen. For yngre lesarar, som ikkje har den same kunnskapen om krigen som lesarar over 50, kunne det utvilsamt tvinga dei vidare i boka og inn i natta. Når det er sagt er dette ei bok som flyt godt, og ein les den greitt på ei helg.

ANGREPET: Det tyske slagskipet Tirpitz ble bombet av britiske Barracuda-fly i 1944.

Krigens arr

For Raaby vart livet etter krigen ei utfordring. Han var med på eventyret med balsaflåten over Stillehavet, haldt mange føredrag om det på mange språk. Han hadde eit barnlaust havarert ekteskap bak seg, og fekk si europeiske utdanning som radioingeniør i Sveits medan han ennå var gift. Ein periode gjekk han litt på bommen i Oslo, før han vart stasjonssjef på Jan Mayen. Her var han med å bygge opp navigasjonssystemet Loran C, som det vart stor ståhei om i Stortinget fleire år etter at Raaby døydde. Hans endelege død i mars 1964, var nok medverkande til at mannen frå Andøya forsvann litt ut av det kollektive minnet. Støvne har gjort eit heiderleg forsøk på å få han attende der kor han høyrer heime. Bilete ein sit attende med var at telegrafisten var ein mann for krig, harde og vanskelege tider. Kvardagen etterpå vart meir utfordrande.

Det finst stengde arkiv i Russland og SIS-arkivet i England, som mogleg kunne gitt litt meir informasjon om mannen frå Andøya. Men det er lite truleg at dei vert tilgjengelege for offentlegheita i nær framtid, om nokon gong. Difor er denne soga truleg det nærmaste ein kjem inn i livet til Torstein Raaby. I så måte har Knut J. Støvne levert ein god debut. Gitt at kjeldegrunnlaget for delar av livet hans manglar, så er det godt gjort å sy saman soga om ein mann som gjekk tidleg i grava. Alt dette i ei tid kor òg dei fleste som kjende han ligg og kvilar på landets kyrkjegardar. Eit kort og hardt levd liv godt samla mellom to permar.

Powered by Labrador CMS