Kultur:

Bli med opp i eit jagerfly frå 50-talet

Vil du sjå norsk luftforsvarshistorie live, må du på flyshow.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Eit Vampire jagarfly kjem i låg høgd over Rygge. Viftar litt med vengane før flygar Kenneth Aarkvisla bryt av og gir fotografen ein fysisk leksjon i tyngdekraft og G-krefter.

Med det første jetflyet til Luftforsvaret, tar Aarkvisla ein kjapp tur i luftrommet over ein annan historisk stad: Oscarsborg i Oslofjorden. Turen dit tar berre nokre minutt, det flyg jo trass alt av garde med opp mot 600–700 kilometer i timen.

Frå Vampire til F-35

Oscarsborg festning kan ses i bakgrunnen når Kenneth Aarkvisla legg inn ein turn mot Moss og Rygge.
Kenneth Aarkvisla og sonen Lars Andreas Stubberud gjer seg klare for tokt på Rygge flyplass.

Etter eit par rundar vert kursen sett attende mot Rygge. Aarkvisla gjer eit par «low pass»-ar før han tar flyet trygt ned på landingsstripa. Her er det korkje innflygingskø eller fly som ventar på take off, for kommersiell luftfart er det slutt på her etter at Ryan Air flytta verksemda si til Gardermoen. Stort sett er det helikoptarane frå 339 skvadronen som lagar støy på Rygge nå, forutan at redningshelikoptarane i 330 skvadron også opererer herifrå. I det siste har også dei nye kampflya F-35 fått testa rullebane og mannskap på bakken da dei var stasjonert der under ei øving i november.

Men denne dagen er det berre lyden frå Goblin-motoren i eit to-seters Vampire-fly frå 1959 som støyar for folk rundt Rygge flyplass.

Aarkvisla har nå taksa tilbake utgangspunktet. Når canopyen går opp og maskene er av, er det lett å sjå at det har vore ein bra, men strevsam tur for nokon. Fotografen smiler frå øyre til øyre, men er samstundes heilt kritkvit i andletet.

– Ikkje spy nå!

Vi er alle langt over gjennomsnittet interesserte i flyhistorie

Pensjonistar som skrur

Kvar tysdag møtest flyentusiastar i shelteret på Rygge, eit shelter dei låner på nåde frå flystasjonen. For shelteret er kvadratmeter, og kvadratmeter er pengar. Berre spør Forsvarsbygg.

– Vi er alle langt over gjennomsnittet interesserte i flyhistorie, fortel dei når vi spør. 

Framføre oss står ein aktiv og ein pensjonert flygar frå Forsvaret, ein flygarson, ein ung offiser, to pensjonistar frå Luftforsvaret, ein flyspottar med kamera og ei flygarkone som drar i dei fleste trådane.

Kristian Fossum Wilhelmsen (27) er løytnant i Forsvarsmateriell luftkapasitetar. Han er også ein del av crewet som hjelper til på dei fire flya. 27-åringen har utdanning innan avionikk og jobbar i dag med fagfeltet på F-16.

Dette er fire av ildsjelane i Flyvåpnets Historiske Skvadron. Frå venstre Kenneth Aarkvisla, Lars Kolstad, Brydar Fjeld og Kristian Fossum Wilhelmsen
Luftvåpnets Historiske Skvadron for låne eit shelter på Rygge flyplass.
Kristian Fossum Wilhelmsen er løytnant i Forsvarsmateriell og del av crewet som hjelper til med flya.

Lars Andreas Stubberud (28) er son av Aarkvisla og crewsjef. Han har av familiære årsaker stor interesse for fly og flyshow og deltar også i vedlikehaldet saman med dei rundt 20 andre eldsjelene på Rygge.

Brydar Fjeld (77) har jobba i Luftforsvaret heile livet og ivrar etter å treffe dei andre på tysdagane i shelteret.

– I 1960 var eg på rekrutten i Luftforsvaret. Det bar rett til teneste på F-86 (Sabre) og jetmotorar, fortel Fjeld. 

Han konverterte til å bli avionikar og jobba i Luftforsvaret blant anna med F-5-flya fram til han pensjonerte seg for 20 år sidan. Men interessa for fly har ikkje blitt mindre med åra.

Eg liker å bidra og hjelpe til. Det er artig og givande, fortel han.

Mykje manuelt

Martin «Tintin» Tesli har dei siste åra vore ansvarleg for innføringa av F-35 kampfly på Luke Air Force Base i USA. Han fortel at det sjølvsagt er stor skilnad på å fly eit F-35 og Norges første jetjager.

Det er eit skikkeleg handverk, eit «dampfly» med handsveiver og spakar som må vridast, tråkkast og snuast på. Veldig manuelt og veldig annleis enn eit moderne kampfly. Å fly det er morosamt, det gir ei skikkeleg kjensle av jetjagar, sjølv om det det er gamalt og umoderne. Dette var ein prototype som blei brukt under 2. verdskrigen frå 1944 til 1945, seier han.

Tesli er den eineste i verden som både flyr eit førsteog femte generasjons jetfly.

– Er det meir morosamt å fly F-35?

– Det er lettare å fly F-35 fordi flyet er gjort så supermoderne at det nesten flyr av seg sjølv. Flygaren skal tenkje på andre operasjonelle ting. I eit Vampire må flygaren også bruke mykje tid på å fly sjølve flyet, og det er jo både ei utfordring og ein sjarm. Men når vi er i lufta, er ho fin og god på kontrollane, seier Tesli.

Fuelpumpa ryk

Denne dagen på Rygge skulle Flyvåpenets historiske skvadron eigentleg ha vore på vengane med båe dei to Vampirene sine. Aarkvisla og fotografen i tosetaren, Martin Tesli i einsetaren.

Men rett før take off ryk funksjonen til ei fuelpumpe, og Tesli kjem seg ikkje i lufta. Det er ein teknisk feil – eller snag – som ein kallar det i Luftforsvaret.

– Ergerleg?

– Ja, eg hadde gledd meg til ein tur nå. Men tryggleiken kjem først, seier han.

Det krev presisjon når flyet forsiktig skal tilbake i shelteret.
Kristian Fossum Wilhelmsen seier han får god erfaring med dei gamle flya.

Og det er nå dei flyinteresserte entusiastane får noko å bryne seg på. For det ligg ikkje flust av fuel-pumper på finn.no eller kjøpe-og-selje-kanalar på Facebook. Nå gjeld det å finne feilen og rette han.

– Det er sjølvsagt ei utfordring å få tak i delar. Vi karrar til oss det vi kan, når vi kjem over noko. Akkurat denne pumpa meiner eg vi har i ei eske eit stad. Så det blir litt skruing og mekking for å få flyet i stand igjen, seier Lars Kolstad (74), ein av dei andre entusiastane som er til stades i dag.

Det er sjølvsagt ei utfordring å få tak i delar. Vi karrar til oss det vi kan

Han viser Forsvarets forum kvar ho sit. Kroppen er ikkje like smidig og atletisk som da han som ung skrudde på flya i Luftforsvaret, men under vengen kjem han, og her opnar han luka der den problematiske fuelpumpa sit.

– Det blir nokre timar med skruing nå, men vi satsar jo på å få ho fiksa. Truleg er det noko elektrisk, irr eller noko slikt, seier han.

Hobby som koster pengar

Flyvåpenets historiske skvadron har fire fly (sjå faktaboks). Det er dei to nemnde Vampirene, eit T-33 Shooting Star og eit MiG-15 treningsfly. Flya tar dei med seg rundt på flyshow i Europa. Det kostar å reise, bu og ikkje minst å halde ved like og fly. Berre drivstoffet kan gå på mange tusen kroner for ei enkelt framsyning. Finansieringa får dei gjennom arrangørane for å vere til stades og vise fram flya sine. Men det går også ut over deira personlege lommebøker.

Det er ein hobby som kostar pengar, som alle andre hobbyar, seier Aarkvisla.

– Men fly i 1:1-storleik kostar kanskje litt meir?

– Det er ikkje billig, nei, men vi klarar oss ganske bra med det vi har. Akilleshælen er delar. Dei vert ikkje produserte lenger. Vi har delar liggjande i et par konteinarar, så førebels har vi litt å plukke frå, legg Kolstad til.

Nå i vintersesongen er dei fire flya plasserte omhyggeleg i shelteret på Rygge. Dei blir pussa og stelte med gjennom heile vinteren slik at dei er klare for ny sesong i lufta.

– Det viktigaste er at vi ikkje får snag. Da får vi ikkje vist fram luftforsvarshistoria slik vi ønskjer, seier Kenneth Aarkvisla. 

Powered by Labrador CMS