Nyheter
Norske aktørar har vunne oppdrag for 450 millionar kroner
Det europeiske forsvarsfondet (EDF) har blitt fordelt og norske aktørar vil til saman få 450 millionar kroner i prosjektstøtte.
Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Det skriv regjeringa i ei pressemelding.
Fondet gir støtte til 17 forskjellige forsknings- og utviklingsprosjekt.
– Det er all grunn til å rosa norsk forsvarsindustri og forskingsmiljø for dette. Eg håpar bedriftene kan bruka deltakinga for å sikra innpass for fleire norske forsvarsprodukt på den europeiske marknaden, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).
EDF er eit initiativ frå EU for å forbetra forsvarssamarbeidet mellom medlemslanda og Noreg deltek i EDF gjennom EØS-avtalen.
«Prosjektstøtta opnar for at norsk forsvarsindustri får større innpass for produkta sine hos dei store leverandørane i Europa, samtidig som det bidreg til å gjera neste generasjon av Forsvarets utstyr betre og meir tilpassa Nato-operasjonar.» Skriv regjeringa i pressemeldinga.
Forsvarsministeren seier at dei veit at satsing på forsking og utvikling no vil vera avgjerande for langsiktig norsk forsvarsevne. Og at krigen i Ukraina har vist kor viktig innovasjon er i møte med ein større motstandar.
I år får ti nye småbedrifter delta i prosjektet.
– Deltaking i EDF gir dei ein rimeleg unik tilgang på finansiering, kunnskap og nettverk, seier forsvarsminister Gram.