Denne artikkelen er over syv år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
I BRANN: På bilete ser du slagskipet USS West Virginia
i brann etter åtaket på Pearl
Harbor.
Japan gjekk til åtak på USAs Stillehavsflåte
primært for å setje slagskipa ut av spel.
Inga anna hending har hatt større innverknad
på verdas gang i det 20. hundreåret.
Etter dette åtaket snudde opinionen i USA, og
landet deltok med full styrke for å stoppe den
fælslege krigføringa til aksemaktene og fascismen
i Europa og Asia.
Utan deltaking frå USA kunne utfallet av 2.
verdskrigen blitt eit ganske anna.
Ein av soldatane om bord på slagskipet USS
Oklahoma var den norskætta Harald Oleson med
røter frå Jørstadmoen. Oleson var underoffiser
på kanontårn nr. 4. og om bord da åtaket kom.
Kanontårnet fekk ordre om bemanning, men ikkje
evakueringsvarsel da fartøyet blei råka og var på
veg til å søkke. Ansvarleg offiser hadde gitt beset-
ninga ordre om å bemanne kanontårnet , men
unnlét å gi evakueringsvarsel da fartøyet krenga
over 90 grader. Sjølv hoppa offiseren over bord
da han kom opp på dekk. Oleson tok ansvar og
gav medsoldatane sine ordre om å kome seg ut.
Han hjelpte tre skadde kameratar opp frå nivåa
nedover i kanontårnet. Til slutt hoppa han sjølv
over bord, utan at han eigentleg kunne symje,
men som han fortalde: «eg fekk brått lære meg å
symje».
Mista beina. I boka «The story of World War II»
skriv forfattaren at takka vere ukjende heltar som
Harald Oleson blei tapet på Oklahoma berre 448,
ein tredel av besetninga på skipet.
Oleson tenestegjorde vidare på kryssaren Bir-
mingham og var i kamp ved slaget om Leyte på
Filippinane i juli 1944. Dette var det største sjøsla-
get under den andre verdskrigen. USS Birming-
ham la til hangarskipet Princeton som var bomba
og sett i brann av japanske fly. I staden for å bli på
sin post deltok Oleson i brannslokkingsarbeidet på
hangarskipet. Ein kraftig eksplosjon råka han med
full styrke og slo av begge beina. Oleson var liten
av vekst og hadde alltid spøkt med at han stod på
tærne for å kome inn i marinen. Nå spøkte han
med sanitetsfolka mens han fekk ein kopp kaffi og
sa at når han nå fekk nye bein, ville han syte for at
dei blei lange nok til at han kunne nå fram til gass-
pedalen på Cadillacen han skulle kjøpe.
Han døydde like etter eksplosjonen på hangardekket til USS Princeton.