– Vi var nær ein katastrofe

Bellona-leiar Frederic Hauge seier verda var nær ein av dei største oljekatastrofane da fregatten KNM Helge Ingstad og tankbåten kolliderte.

Publisert Sist oppdatert

– Dei fire milliardane KNM Helge Ingstad kostar, er småpengar samanlikna med kostnadene dersom fartøya hadde krasja på ein annan måte, seier Hauge.

Han meiner det kunne gått langt verre da fregatten kolliderte med oljetankskipet TS Sola.

– Det var snakk om eit par meter, seier Hauge.

Da hadde ikkje ankerbulben på tankskipet tatt av for krafta i samanstøyten mellom fartøya. TS Sola kunne blitt søkkt. I verst tenkjelege tilfelle kunne 625 000 fat råolje (cirka hundre millionar liter, journ. merk.) hamna i havet, meiner Hauge.

– For truverdet til alle bør ulykka handsamast offentleg, ikkje etter høvet som Forsvaret har til å lukke og gradere funn.

– Ulykka er ei tillitskrise for Forsvaret og trafikksentralen på Fedje.

– Ikkje for seint

I hovudkvarteret til Bellona i Oslo, eit av dei mest energieffektive bygga i Noreg forsynt med jord- og solvarme, fortel Frederic Hauge om miljøkampane som er vunne. Han er tydeleg stolt over sigrane, men uroa over det som står att.

– Det er ennå ikkje for seint å hindre at det går skikkeleg gale med miljøet.

Frederic Hauge har spent seg fast med kjetting for å setje søkjelyset på utslepp av miljøgifter. Allereie som 17-åring tok han kampen for å hindre ulovleg dumping i naturen. Da hadde han slutta på vidaregåande for å kjempe for miljøet.

– Apati er det aller største trugsmålet vi står andsynes, seier miljømannen som meiner det nyttar å kjempe for det ein trur på.

Titania-saka på 80-talet, der ei gruvebedrift dumpa slam i fjorden, sette standarden for ein ny type klimakamp, meiner han:

– Det var kan hende den saka som gjorde at miljøkampen blei ein kamp og gjekk litt vekk frå å vere vern av vassdrag og den typen aksjonar.

Sivil ulydnad er eit verkemiddel du først kan ta i bruk når alle andre høve eit demokrati gjer mogleg, er utprøvde.


Den kampen tok det elleve år å vinne fram med i retten. Nå står vi andsynes langt større 
klimaproblem.

– Men det finst løysingar for det også.

Klatra i tårn

På hovudkontoret i Oslo er det fleire bilete som syner Hauges miljøengasjement, gjerne i konfrontasjon med ordensmakta, anten det er ved anlegga til Hydro i Porsgrunn, ved Sellafield i England eller i ein sjark som får politibesøk.

– Eg klatra opp på destillasjonstårna på Hydro Rafnes, fordi vi fann ut at dei hadde sleppt ut masse miljøgifter i grunnen, noko som styresmaktene hadde visst om utan å gjere noko.

– Der opp hang vi eit par døgn, og det blei eit helvetes bråk.

Var sivil ulydnad eit viktig verkemiddel for dykk?

– Heldigvis har vi hatt nokre prinsipp i norske miljørørsler knytte til sivil ulydnad: Du skal ta ansvar for handlingane dine, opptre ope, fredeleg og med respekt.

– Sivil ulydnad er eit verkemiddel du først kan ta i bruk når alle andre høve eit demokrati gjer mogleg, er utprøvde.

Frikjend i Russland

Bellona-leiaren vekslar mellom å teikne skremmande framtidsscenario og å fortelje om løysingane. Han har vore ankra opp utanfor Russland for å hindre atomprøvesprenging.

Da la dei til i internasjonalt farvatn, men innanfor radiusen for livsfare dersom det small.

Bellona-leiaren frå Sandefjord har vore med på å vinne over KGB og russiske styresmakter i retten. 

I år 2000, etter seks år og 17 rettssaker, blei Aleksandr Nikitin frikjend for spionasjeskuldingane i samband med at han kartla utslepp av atomavfall frå den sovjetiske Nordflåten.



Hauge og Bellona har medverka til «å rydde opp» etter den kalde krigen, som han sjølv seier. Seksbarnsfaren ser likevel ikkje attende med lengsel. Han meiner andre verkemiddel enn aktivismen på 80-talet er meir presserande – for å hindre dei verste konsekvensane ved temperaturauke.

Saknar du ikkje dei aktivistiske dagane?

– Det var mykje gøy med det, men eg har meir enn nok spenning. Eg er ikkje nostalgisk, og folk som ikkje endrar seg, endar opp som gamle AKP-arar og sure venstrefolk.

– Kanskje eg hoppar framføre ei oljeplattform dersom det blir for ille, seier Hauge med eit breitt glis.

Forsiktig optimist

Frederic Hauge meiner det er mogleg å snu dei negative konsekvensane ved klimaforandringar og avgrense temperaturstiginga.

CO2-fangst, skogprosjekt i ørken og fornybar energi er nokre grep for å bøte på skadane.

– Behovet for endring er meir radikalt nå enn da vi starta. Utfordringane er blitt dramatisk mykje verre.

Korleis da?

– Temperaturstiginga i havet.

– Dersom vi nå ser på forskingsmaterialet fem år etter Paris-avtalen, så kjem temperaturauken med større kraft og mykje tidlegare enn det forskarane har trudd. 40 prosent snøggare enn dei trudde, seier Hauge.

Forsvar på batteri

Han tar gjerne ein «fight» for miljøet, og han ser teknologiske framsteg som heilt sentrale for å løyse klimaproblem. Der har også Forsvaret eit ansvar for å ta i bruk ny teknologi, meiner mannen med dei karakteristiske krøllane.

Noreg har ikkje har den nødvendige beredskapen til å handsame alvorlege ulykker knytte til skipsfart og oljeutvinning.

Forsvaret må byte ut den fossile køyretøyparken sin med ein som går på batteri.

– Transport av diesel i konfliktsoner er noko av det farlegaste ein kan gjere. Tenk om ein slapp det!

– Det er ein kjempesjanse for Forsvaret å vere med på innovasjon og utvikling og gi norsk næringsliv ein heimemarknad å profesjonalisere seg på – som har eit internasjonalt potensial.

Benåda av Dørum

Bellona-leiaren var aldri i Forsvaret, men han har ikkje dårleg samvit. Verneplikta blei utsett og utsett fordi Hauge meinte at kampen for kloden var viktigare, ikkje fordi han var pasifist.

– Eg hadde ikkje lyst til å stille meg i ein situasjon som kunne hindra arbeidet i Sovjetunionen. I ettertid er eg veldig glad for det, seier Hauge.

Han blei ikkje trudd på at han hadde ei «seriøs overtyding» for å sleppe førstegongstenesta, fortel han.

– Eg blei til slutt dømt til tre månaders fengsel, men eg blei «adoptert» av Amnesty International og benåda av daverande justisminister Odd Einar Dørum (V).

Du sona ikkje?

– Nei, eg blei innkalla til soning på Trøgstad. Men det vart eit møtekrasj for same dagen var

eg invitert til middag på slottet da Boris Jeltsin skulle kome til Noreg for første gong.

– Han fekk hjarteinfarkt, så han kom ikkje. Eg møtte heller ikkje på Trøgstad.

Fryktar ulykker

Frederic Hauge meiner Forsvaret spelar ei viktig rolle i å sikre installasjonar på sjøen. Han er likevel uroa for konsekvensane dersom det vert opna fleire oljefelt i nord.

Han meiner det er viktig at Forsvaret har ei meining om tryggleiken og beredskapen knytt

til det spørsmålet. Fregattforliset har synt at det kan vere små marginar mellom mindre ulykker og øydeleggjande miljøkatastrofar.

Transport av diesel i konfliktsoner er noko av det farlegaste ein kan gjere. Tenk om ein slapp det!


– Med den røynsla eg fekk ved å sitje i Sårbarhetsutvalget (i 1999), er eg djupt uroa for konsekvensane av ei større utlysing av oljelisensar i dag.

– Noreg har ikkje har den nødvendige beredskapen til å handsame alvorlege ulykker knytte til skipsfart og oljeutvinning.

Han viser til utfordringar knytte til å avverje og avgrense ulykker i nord og peikar på ei ulykke i desember 2018.

– Nå har dei tømt denne trålaren som gjekk på grunn ved Svalbard, for olje. Det er ikkje nokon lett operasjon.

– Ting som skjer oppe i nord, er «heavy», «heavy», «heavy», seier Hauge og slår ut med armane.