Analyse

Graffiti på veggen i eit nabolag i Aust-Jerusalem. I dette området står fleire palestinarar i fare for å miste husa sine. Fleire eigedomar er allereie okkupert av jødiske busettarar.

Den evige trykkokaren Jerusalem

Det har ulma lenge. Men dei bakanforliggande forklaringane på opptøya den siste veka er mange og komplekse.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Den siste veka har Jerusalem gradvis sneke seg attende i nyhendeoverskriftene rundt om i verda.

Det kjennes mest som verda er i ferd med å verte «normal» att, etter over eitt år kor covid har prega overskriftene. Opptøyane i Jerusalem på den såkalla tempelplassen, eller al-Haram al-Sharif var ikkje uventa. Den tredje største heilagdomen i Islam, al-Aksa moskeen, er det store symbolet ikkje berre for palestinarar, men òg for den vidare islamske verda. Og plutseleg er den palestinske saka attende på agendaen, etter at den nesten forsvann ut av minnet under dei fire siste åra med Trump som president.

Kompliserte konfliktar utløyser nesten alltid enkle forklaringar.

Men i ein av verdas få oldtidsbyar som ikkje vart grunnlagt lags ei elv er få ting enkle. Ein kan, om ein sullar rundt i dei tronge smaua i gamlebyen, nærast kjenne religionen i lufta. Og jamvel for sekulære menneske er møte med den delen av byen noko som merker ein for livet. Men bak 3000 år med historie ligg det òg komplekse lag som høyrer vår tid til. Og årsakene til at det no nok ein gong er uro i byen er komplekse og strekk seg langt utanfor byens grenser, og jamvel langt utover dei lokale grensene.

Den pragmatiske linja

For å ta den pragmatiske linja fyrst:

– Jerusalem er ein trykkokar som av og til må sleppe ut luft, elles eksploderer den. Dimed kjem det ein og to rundar med uro kvart tiår, før byen sakte men sikkert hamnar attende til den unormale normalen.

Det seier Jerusalem-forskaren Marik Stern til meg på telefonen frå byen, tysdag morgon.

Stern har dei siste åra forska på endringane i bybiletet, som har vore enormt dei om lag siste femten åra. Medan ein under og i dei fyrste åra etter den andre intifadaen 2000-2005, knapt såg folk som kryssa den usynlege grensa mellom Aust- og Vest-Jerusalem, har det, særleg etter at bybanen kom, vore meir og meir normalt å sjå den arabiske folkesetnaden i den vestre delen av byen, både på arbeid, på fritida og i dei mange kjøpesentera. Det har òg vore auke i talet på palestinarar frå aust som tar israelsk artium, og ei markant auke på studentar frå den arabiske delen som tek høgare utdanning på Det hebraiske universitetet.

Lokalt har det kome fleire bøker om endringa i bybiletet og korleis vanlege folk omgåst på ein måte som knapt var høve for nokre tiår sidan. Ein må hugse på at Jerusalem er ein særs dynamisk by, og fleire kvardagslege ting skjer langt unna media sine auge. Kort sagt kan ein sei at Israel, særleg det siste tiåret, tilsynelatande har lukkast i å foreine byen med å hovudsakleg bygga ut infrastruktur, helseføretak og økonomi. Om ein vil kan ein måle eit bilete om at tinga har vorte betre for mange dei siste åra, jamvel om få palestinarar røyster i kommunevalet, eller anerkjenner forteljinga om ein foreint heilag stad.

Uroen i Jerusalem den siste tiden skaper dyp bekymring hos FN, og FN-sjef António Guterres oppfordrer Israel til å få ned spenningsnivået.

Stoda før covid

Nett det biletet som står over var ikkje heilt usant fram til utbrotet av Covid-19. Men det biletet var snarare eit utsnitt, og ikkje alt som er måla på den store kanvasen. Det som står att av biletet når ein zoomar ut er at det har skjedd ei endring med den arabiske folkesetnaden i byen. Ikkje berre i kva dei gjer på fritida, men òg kva som har skjedd politisk og med motstanden mot okkupasjonen. Og det er no dei komplekse bakanforliggande årsakene byrjar.

Under den fyrste intifadaen, eller opprøret, i 1987-1993 låg tyngdepunktet i den palestinske politiske leiinga i Aust-Jerusalem. Med Oslo-avtalen, kor spørsmålet om Jerusalems framtid vart sett til sluttforhandlinga, vart det politiske tyngdepunktet gradvis flytta til Ramallah. Denne prosessen vart forsterka med og under Den andre intifadaen.

Israel makta å slå ned nesten all væpna motstand i byen, og gradvis minke det offisielle palestinske nærværet i byen. Med bygginga av sikkerheitsbarrieren, store deler i form av ein høg mur, vart så Aust-Jerusalem isolert frå resten av Vestbreidda.

Gradvis forsvann den austre delen av byens rolle som økonomisk senter for den palestinske folkesetnaden, og alle offisielle politiske institusjonar har gradvis forsvunne. Òg grunna israelsk politikk med å slå ned på dei palestinske sjølvstyremyndigheitenes forsøk på å organisere seg i byen. Ein kan nesten sei at den siste gongen ein verkeleg følte eit offisielt palestinsk nærvær i byen var under det palestinske valet i 2006.

Politiet stormet mandag morgen plassen som er kjent som både Haram al-Sharif og Tempelhøyden i Øst-Jerusalem.

Store endringar

Med ein bydel som er isolert frå si historiske rolle som kaupstad for palestinarar på Vestbredda har den lokale folkesetnaden gradvis endra åtferd. Sidan den austre bydelen vart annektert etter seksdagarskrigen i 1967 har dei palestinske innbyggjarane i teorien hatt høve til å få israelsk statsborgarskap. ID-korta deira er dei same blåe som vert nytta av alle israelarar. Men dei har aldri stemt i særleg grad i kommuneval, jamvel om dei utgjer omtrent ein tredjedel av folketalet i byen som nærmar seg ein million innbyggjarar. Dei har heller ikkje vore i hasta med å ta ut statsborgarskap, jamvel om dei har vore ei viss auke dei siste åra.

Ein kan sei at den israelske politikken som har vorte ført det siste tiåret har hatt ein viss suksess, og at ein klarte å endra fakta på bakken under og etter intifadaen. Inntrykket av at ein ny dynamikk hadde oppstått vart ikkje minst forsterka av dei manglande demonstrasjonane då Trump-administrasjonen anerkjende Jerusalem som Israels sameina hovudstad. Dei einaste som gjorde noko for «saka» den gong var Hamas i Gaza som avfyrte rakettar inn i Israel, og med det freista å ta kontroll på Jerusalem, metaforisk.

Auka israelsk kontroll med byen, pragmatiske løysingar blant folk, ein relativt roleg by, med auka tal på pilegrimar og litt betre økonomi i ein relativt roleg by, var nok stoda fram til utbrotet av covid i mars i fjor. I skuggen av Trump og Brexit byrja òg interessa for ein av dei mest kjende konfliktane i verda å dale. Jamvel om det var litt uro her og der, så såg det ut som at livet i Den heilage stad gjekk sin skeive gang. Men under trykkokaren brann framleis gassen, jamvel om det verka som lågbluss.

Hamas fyrer av

Med ei tilsynelatande normalisering av forholda i byen, så er sjølvsagt det store spørsmålet: Kvifor har ting eksplodert dei siste dagane? Reint praktisk har opphevinga av corona-restriksjonane gjort det mogleg for store menneskemengder å samla seg. Dette skjer under den muslimske fastemånaden, ramadan, kor samling, feiring og bøn i store mengder er normalen, og særskild i sentrale moskear som al-Aksa. Det israelske politiet har, delvis grunna åtak på ultraortodokse jødar på veg til Klagemuren, lagt seg på ei hard linje. Desse åtaka som har gått føre seg ei stund vert filma og delt på plattformar som tiktok. Det må understrekast at den ultraortodokse folkesetnaden er temmeleg apolitisk i ting som ikkje vedkjem deira eigne interesser, jamvel om det er ei lett høgredreiing blant delar av ungdommen.

Men bakom dette byrja dei palestinske sjølvstyremyndigheitene òg å snakka om Jerusalem som valkrins i samband med det tillyste palestinske valet. Dette valet er no utsett, og per no er det òg tvilsamt om det vert noko av. Samstundes med dei andre endringane i byen, har òg den palestinske folkesetnaden vorte meir religiøs, og det er Hamas som dominerer i byen. Ein kan sjå mykje fleire Hamas-posterar klistra opp rundt om i gamlebyen, enn frå Fatah, sa ei kjelde tysdag morgon.

Oppkøyringa mot valet har altså fremja den palestinske saka og tatt den vekk frå det vakuumet den har vore i det siste tiåret generelt, og gjennom Trump-åra spesielt. Det er ein aukande frustrasjon blant dei unge i Jerusalem, men og blant unge israelske-arabarar over at den palestinske saka tilsynelatande er gløymd. I mange år var omkvedet i den arabiske verda at ein ikkje forhandla med Israel utan at ein løyste det palestinske spørsmålet. Men det siste året har dette vorte brote med normalisering mellom Israel og land som UAE, Bahrain, Sudan, Marokko.

Den som har utnytta denne frustrasjonen til fulle og no står fram som forsvarar av Jerusalem er Hamas i Gaza. Måndag lovde dei å sende rakettar mot Jerusalem om politiet ikkje forlét tempelplassen. Det er fyrste gong sidan Libanon-krigen i 2006 at ein leiar av ein organisasjon har kome med slike konkrete truslar om å fyre av rakettar mot konkrete mål og gjennomført dei. På den måten skapar Hamas ei kjensle om at dei gjer noko, medan den palestinske presidenten ikkje gjer noko som helst, anna enn å samarbeide med Israel for å minke innflytinga til Hamas.

Provokasjonar

I tillegg har det israelske ytre høgre partiet, Otzma Yehudit, kome med sterke provokasjonar med å flytte kontoret sitt nabolaget Sheikh Jarach i Aust-Jerusalem. Det er med andre ord ekstremistane som set tonen i desse dagar i Jerusalem.

Samstundes har òg demonstrasjonane spreidd seg til andre stadar i Israel, som til Galilea, Haifa og det såkalla arabiske triangelet nord for Tel Aviv. Ein kan i desse områda merke den same frustrasjonen om at saka er gløymd, men òg manglande tiltru til den arabiske politiske leiinga. Jamvel om det ikkje berre er religiøs ungdom, er ein del av dei tilhengarar av den nordlege bransjen av islamistrørsla. I motsetnad til den sørlege bransjen som fram til demonstrasjonane auka i omfang var i forhandlingar om å stø ei ny regjering, er ikkje den nordlege med i den israelske politikken. Medan begge rørslene har ein plattform som minner om det muslimske brorskapet, er dei søre mykje meir pragmatiske og stiller i parlamentsvala.

For Israel er rakettar mot Jerusalem ei såkalla raud linje. Svaret kom i løpet av natta og i skrivande stund er det flyåtak mot Gaza og rakettar frå Gaza mot omlandet rundt. Det finnes ein viss dynamikk her. Så lenge det ikkje er nokre israelarar som dør, så er svaret avmålt og i hovudsak retta mot dei som fyrer av rakettar og bygg, som nok alt er tomme. Om dette utviklar seg vidare til ein vedvarande kampanje avhenger mykje av kva som skjer i løpet av tysdagen og onsdagen.

Diplomati utan USA

USA er nesten fråverande i regionen om dagen, då det ennå ikkje har kome nokon ny ambassadør. Men det er tvilsamt om Biden vil ha ei tung bølgje med uro i Jerusalem om Gaza no om dagen. Mellombels er det andre som forhandlar – Egypt, Qatar, som dei siste åra har finansiert mykje av Gaza, samt FN leida av den norske diplomaten og spesialutsendinga Tor Wennesland. Jamvel om dei ikkje kan stogge og presse som USA, har dei likevel ei viss innflyting på Hamas.

Noko som gjer håp om at den pågåande runden, som det heiter i den lokale sjargongen, vil ta slutt snart er eid al-Fitr, markeringa av slutten på Ramadan som byrjar onsdag kveld.

Det er den store familiehøgtida i den islamske verda, og det er tvilsamt om Hamas ynskjer at den skal skje under åtak og med åtak. Det diplomatiet må gjere er å finne ei løysing som gjer at partane kan kome ned frå trea dei sit i.

Men om elden skulle stilna og høgtida ta til, så tyder det ikkje at uroa i Jerusalem og regionen er over. Det er ennå ikkje stabla ei ny fungerande israelsk regjering på beina etter fire val på to år. Islamistpartiet Ra’am var i ferd med å legge vegen open for ei ny samlingsregjering før uroen rundt al—Aksa og skota frå Gaza kom. Ironikarane vil seie at Hamas har hjelpt Netanyahu og at dei to har eit elsk-hat førehald.

Uansett veit me ikkje ennå om hendingane i Jerusalem berre er litt trykkluft som må ut, eller om kokaren eksploderer med enorm kraft. Dei siste dagars hendingar har i alle høve, delvis, oppnådd ein ting. Det har henta den palestinske saka fram frå det teppet den vart feid under dei siste fire åra. Så får dei komande dagane gje svar på om Jerusalem held fram med den unormale normalen, eller om ein no ser kimen til eit nytt vendepunkt i den endringa som har skjedd i byen det siste tiåret. Det er, som eg har freista å syne, ingen enkle svar i Den heilage stad.

Powered by Labrador CMS