Kultur:

1. desember 2019 kom Frode Berg heim til Kirkenes. Dette biletet er tatt dagen etter.
1. desember 2019 kom Frode Berg heim til Kirkenes. Dette biletet er tatt dagen etter.

Bok om Frode Berg: Ei tragedie i randsona av det store spelet

Morten Jentoft har skrive ei god og edrueleg bok om Frode Berg-saka. Men framleis sit me attende med mange spørmål.

Publisert Sist oppdatert

Om kvelden den 14. februar 2014 sat to menn og prata saman på kafé Yama i Arkhangelsk. Russaren Vasilij Zemljakov var ingeniør. Han jobba med atom og stråletryggleik ved Zvezdotsjka-vertet ved Kvitsjøen, ein liten time med bil frå kaféen i høve google.

Samtalepartnaren den kvelden var ein framandkar. Ein nordmann. Ein russisktalande mann frå e-tenesta, som freista verva russaren til å gje informasjon av bygging og oppgradering av russiske atomubåtar.

I høve den nye boka til Morten Jentoft om Frode Berg-saka er det mogleg det kom eitt nytt møte i slutten av månaden. E-tenestas mann forlét så Arkhangelsk og ballen byrja rulla. Trudde ein.

Møte som Jentoft skildrar er henta frå påtalevedtaket mot Frode Berg. Det er med andre ord versjonen til den russiske tryggleikstenesta FSB.

I Grenseland

Historien om Frode Berg og livet på innsiden av norsk etterretning og russiske fengsler

Av Morten Jentoft

Gyldendal forlag

360 sider

For lesarar av russisk soge er det umogleg å unngå å tekne på den tunge symbolikken som heng over møte i Arkhangelsk. Under den russiske borgarkrigen intervenerte vestmaktene og okkuperte byen.

Målet var å hjelpe dei kvite til siger. I sovjetisk sogeskriving vart det peika på at dette var ein trussel mot dei raude, jamvel om historikarar som Orlando Figes har peika på at trusselbiletet teikna opp av russiske sogeskrivarar er overdrive.

I det lange russiske minnet er likevel staden lada med symbolikk om ein vestleg konspirasjon mot regimet. Dimed vert nøkkelordet Arkhangelsk nøkkelordet som peikar fram mot den komande tragedien som Frode Berg-saka er.

Tragediens form

Me veit alle korleis tragediar endar. Det endar med helten i sogas sikre død.

Me veit òg alle korleis Frode Berg-saka endar.

Med arrestasjon, fengselsopphald i Moskva, og frigjering. Og nett der ligg utfordringa til Jentoft. Korleis formidle ei sak det alt har vorte skrive to bøker om. Korleis fortelje soga om ei sak som skjedde nyleg og alle kjenner utfallet av. Her kjem den rutinerte Jentoft godt ut av det. Han har fått tilgang til dagboka til Frode Berg og dagboka til kona Anita samt påtalevedtaket. Dimed vevar han saman ei soge som går både på det personlege planet, samstundes som me får presentert hendingsløpet sett frå FSB si side.

Jentoft skriv stødig. Han leverer setningane som han leverer innslaga på fjernsynet utan dei store adjektiva. Han skildrar lågmælt hendingsforløpet i tre delar.

Bergs jobb som postbod for e-tenesta i Russland, tankane til ekteparet Berg og tvila som dukkar opp då Frode Berg sit i fengsel, før me i tredje del får forløysinga returen til Noreg.

Det er mogleg det hjelper litt at Jentoft og Berg er frå same generasjon og kanskje har litt den same tyda. Mennesket Frode Berg kjem særs godt fram i denne boka. Ein ivrig mann i lokalsamfunnet, ein trøndar som gjorde finnmarking av seg, men samstundes ein mann som er lojal og pliktoppfyllande overfor nasjonen.

Det same gjeld tvilen til Anita som sit heime med tusen spørsmål om kva mannen ho har vore gift med i ein mannsalder har drive på med.

Jentoft maktar famna dei familiære tinga særs god. Men etter at boka er lest, sit ein likevel igjen med inntrykket at me kjenner Frode Berg mykje betre enn kona.

Det er nok ikkje så mykje att å henta om personen Frode Berg etter denne boka, her har Jentoft gjort sitt Wirkola-hopp.

Stikk frå PST

Jamvel om familiedelen er framifrå, sit me sjølvsagt igjen med mange hol i etterretningsdelen. Ein veit kven som verva Berg for oppdraga, men dei vert ikkje presenterte med namn. Me får vita på slutten at det fekk konsekvensar for minst fire tilsette i e-tenesta. Men det verkar på Jentoft som det var snakk om omplassering. Me får, naturleg nok, ikkje høyre versjonen til e-tenesta om saka. Der er det i regelen tagnad som gjeld.

For folk som les om etterretning er det likevel litt artig at Jentoft får fram litt av rivaliseringa mellom e-tenesta og PST.

Ei PST-kjelde fortel han:

«Det norske overvåkingspolitiet PST mener at det ikke er noen som helst tvil om at det var FSB som styrte Vasilij Zemljakovs handlinger fra første stund.»

Ein anar i alle høve eit lite stikk frå Nydalen mot Lutvann i det den anonyme medarbeidaren i PST seier der.

På etterretningssida er nok dei største nyhendene det som Jentoft les ut av påtalevedtaket. At Berg fekk dette med seg heim er meir enn berre ein suvenir frå den russiske hovudstaden.

Påtalen verkar som ei matrjosjka-dokke, der ei ny dokke kjem fram etter kvart som du opnar den over. Hensikten med å sleppe påtalen er fleirfaldig.

Den skal sende signal til den norske tenesta frå FSB om at dei har kontroll på norske operasjonar i frå starten.

Det som er skildra skal få fram at FSB sprang i sirklar rundt den norske operasjonen og lurte cella som dreiv operasjonen opp i stry. Samstundes er det òg eit verktøy for å påverka den norske opinionen til å verte negativ til e-tenesta.

Det er òg ein måte å påverke oppdragsgjevaren – regjeringa til å stramme inn på kva e-tenesta får lov til å gjere.

Til slutt kan det òg vere med på å gjere e-tenesta meir forsiktig og med det hemme framtidige operasjonar med høg risiko, jamvel om det skulle vere «the real deal».

Dei store spørsmåla

Men det er òg delar av bilete rundt tenesta som ikkje kjem fram i boka, men som det er vanskeleg å sjå korleis Jentoft har noko skuld i. Det er rett og slett ting me ikkje veit.

Slik saka kring Berg har kome fram, og kjem klårare fram i denne boka, opnar det opp for fleire spørsmål kring etterretningssvikten.

Ein kan ta det for gitt at det ikkje var mange som visste kva denne saka handla om. Dei som jobba med den var truleg ei lita gruppe som rapporterte rett til toppen av tenesta.

Det er mange potensielle årsaker til at dette gjekk galt. For det fyrste. Vart ein offer for det ein trudde var eigen suksess?

Stilte analytikarane som jobba med materialet som russarane sende ut, populært kalla «kyllingfôr» i spionlitteraturen, dei rette spørsmåla om genuiniteten?

Gjorde tilbakemeldingar frå andre tenester som ein eventuelt delte materialet med at ein ikkje stilte spørsmål kring operasjonen?

Ga personen som leia operasjonen rom til dei andre for å vere djevelens advokat og rope ut at det var russarane som styrde det heile?

Me veit ikkje om det var ein analytikar i tenesta som ropa at keisaren er naken, men som ikkje fekk gehør for sitt syn.

Det ligg nok uansett ein feit analyse om kva som gjekk gale ein stad, og som kanskje kan gje dei endelege svara om ein hundre års tid. Men det mest brennande er kvifor Berg måtte reise på eige pass og ikkje diplomatpass.

I sum er boka til Jentoft eitt solid arbeid. Det er ei soge som fortener å verte lest. Tragediar som er godt skrivne fortel meir om menneske enn soger med lukkeleg slutt. For jamvel om Frode Berg er fri, står han framleis overfor reaksjonar på heimstaden i Sør-Varanger som ligg der klistra mellom aust og vest.

Helten frå Jentoft si tragedie er lukkelegvis i live, men i avsluttinga i boka vert me litt i tvil om kva slags liv han eigentleg har etter dette. Men denne boka er ikkje berre tragisk, det er nokre komiske episodar der òg, særleg galleriet av cellekameratar.

Det store spelet

Til slutt står me attende med eitt stort spørsmål.

I ei sak kor alt gjekk galt ville det vore rett at sjefen for tenesta gjekk av?

Ut frå det som Jentoft presenterer i denne boka ville det nok vore høve i andre land med andre tenester. I Noreg tek ein ansvar med å verte sittande, ser ut til å vere malen for tilsette i Staten. Og så vert det store spørsmålet i kor stor grad denne saka har påverka tenesta.

Vart dei sittande passive og redde etter å ha mislukkast? Vil det hemma liknande operasjonar i framtida? Korleis jobbar ein for å kome attende på offensiven?

For jamvel om nordmenn flest har eit naivt forhold til kva etterretningstenester driv med, er det eit heilt naudsynt verktøy for politikarar som skal utforme trykkleiks og forsvarspolitikken til eitt land.

Med Frode Berg-saka har me fått eitt lite innblikk i kva risiko ein tar for å få tak i materiale frå den andre sida. I boka til Jentoft får ein òg litt inntrykk av korleis motstandaren jobbar i Noreg. Det er ikkje berre ein part i denne soga, men fleire.

Morten Jentoft syner oss nokre av dokkene inni Matrjosjkaen.

Men framleis er det nokre som ventar på å sjå dagens lys. Om dei nokon gong gjer det er tvilsamt. Men Morten Jentoft er nok den som har kome nærast ei slags sanning ut frå dei kjeldene som er ute i det opne.

Hans rolege forteljarrøyst gjer kanskje effekten og storleiken av etterretningsskandalen større. Men saka har nok drukna litt i koronaen som har herja verda etter at Berg gjekk fri. På internett kan ein sjå tomme brune båsar på kafé Yama. Designet minner litt om ein amerikansk diner.

Noreg var ikkje med på operasjonen der for omtrent hundre år sidan. Men no, med boka «I grenseland», er namnet Arkhangelsk rissa inn som byrjinga på ein mislykka operasjon i dei norske annalane òg. Men det er verken byrjinga eller slutten på skuggespelet på nordkalotten. Berre ei tragedie i randsona av det store vedvarande spelet, som me i motsetnad til tragedien ikkje anar slutten på.