Vi bruker informasjonskapsler (cookies) for å forbedre brukeropplevelsen og optimalisere vår nettside. Ved å bruke nettstedet godtar du vår bruk av denne informasjonen. Les mer om dette i vår personvernerklæring

 

 

GjensynetGjensynethttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE55311.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=277Tårene trilla da sjukepleiarar frå Bosnia og Noreg møttest igjen etter 22 år.

– Åhhh....der er du jo! Åhhhh...!
Armar vert strekte ut, klemmar vert gjevne, kyssar vert utveksla på kinna, og tårene byrjar å trille lett nedover sminka, smilande andlet.

Gleda over å sjå kvarandre igjen er enorm.

Staden er Gorazde i Bosnia Hercegovina i september i år. Byen var på 90-talet omringa i tre år, åtte av ti hus var smadra til ruinar i det serbiskea artilleribombardementet. Sjukehuset var tilnærma totalt øydelagt.

– Det er såååå godt å sjå deg igjen. Kom! Kom, fleire kjende er her og ventar på deg!

Oversjukepleiar Halima Sijercic tar norske Sigrun Aas i handa og hastar til neste person. Så skjer neste møte og neste møte ... og neste møte. Igjen vert det klemma kjærleg. Igjen trillar tårene.

 

 

_EE55683_EE55683http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE55683.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=282I september 2016 var Sigrun Aas (nummer fem fra venstre) og 14 andre FN-veteranar tilbake på stader der dei gjorde teneste. Det blei sterke inntrykk, og mange minne blei vekte frå krigsdagane mellom 1992 og 1995.
IMG_0018IMG_0018http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/IMG_0018.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=262GORZADE: Her har den norske sanitetstroppen akkurat kome fram til sjukehuset i Gorzade. Foto: privat

​​
Sanitetstropp.
Tårene trilla nok enda meir I Gorazde under krigen. Her blei barn og vaksne drepne og skadde i ei kringsetting som varte i over tre år. Snikskyttarar plukka ut tilfeldige offer på bruene, i vindauga eller på gatene. Menneske som berre var ute etter eit brød, ei pakke røyk eller berre noko å drikke, blei vilkårleg plaffa ned. Også barna leid, 150 av dei blei drepne under krigshandlingane i byen som ligg halvannan time køyring frå Sarajevo. Midt i krigshandlingane hamna norsk sanitetspersonell, først med den unge 
fenriken Kåre Brændeland og sanitetstroppen hans i spissen i april 1994. Dei klarte å få ut nesten 300 pasientar i ei luftbru frå den locale fotballbanen. Seinare gjorde fleire norske sanitetssoldatar teneste i byen. Alle fekk dei kjenne på redsla.

Bosnia-veteran Kåre Brændeland fortel på TV-kanalen Max om sine opplevingar frå borgerkrigen i tidlegare Joguslavia. 

​​​​Sigrun var 49 år da ho som løytnant og anestesisjukepleiar drog til FN-teneste under krigen i Bosnia Hercegovinca. Ho minnest det godt.

– Det var heilt forferdeleg. Død og forderving over alt. Men vi freista å hjelpe så godt vi kunne, anten på sjukehuset i Gorazde, på feltsjukehuset i Tuzla og i flyktningleirane i nærleiken av den norske basen i Tuzla, fortell Sigrun.

Det var heilt forferdeleg.
Død og forderving over alt

Haldne som gislar. Ein episode kjem ho aldri til å gløyme. På veg ut av Gorazde i juni 1994 måtte dei to FN-kjøretøya ho og åtte norske FN-kollegaer sat i, gjere stopp ved dei serbiske sperringane i Rogatica. Dei vart nekta å køyre vidare og fekk heller ikkje reise tilbake til Gorazde.

– Vi blei haldne som gislar. Med proviant for berre éin dag blei det fort vanskeleg da vi etter kvart forstod at det kunne ble langvarig, fortel Aas.

I vegkanten blei Aas, ei kvinne til og sju menn passa på av væpna, serbiske vakter.

– Vi freista å kome oss ut med ein britisk FN-kolonne. Men da tok dei serbiske vaktene av sikringa på våpna og sikta på oss. Vi var sikre på at våre siste timar hadde kome, vi kvinner frykta at vi kunne bli valdtekne, fortel Aas med ettertanke.

Under kummerlege forhold og etter fem dagar i fangenskap blei dei likevel sleppte fri og fekk kome tilbake til leiren i Tuzla via Sarajevo.

– Eg har aldri vore så letta, seier Sigrun.

I september var ho og 14 andre FN-veteranar tilbake på stader der dei gjorde teneste. Det blei sterke inntrykk, og mange minne blei vekte frå krigsdagane mellom 1992 og 1995.

 

 

_OST9591_OST9591http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_OST9591.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=264TILBAKE: Arnstein Forodden (50) var sjåfør i sanitetstroppen på Sisu-ambulanse, både i Gorzade, Tuzla og i Sarajevo.
_OST4242_OST4242http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_OST4242.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=278PÅ LEIT: Veteran Arnstein Forodden (t.v) fann med hjel av sin bosniske taxisjåfør sjukehuset han var med på å evakurere pasientar fra etter massakren på ein marknad i Sarajevo.

​​
​​Arnstein Forodden (50) (biletet) står utanfor Kosovo sjukehus i Sarajevo. Han kikkar seg rundt mens taxisjåføren nyttar høvet til ein strekk på beina og ein sigarett. Bykartet som viser kringsettinga av byen frå 1992 til 1995, vert bretta ut på panseret.

Sjåføren tenner seg enda ein sigarett.

– Det var her vi stod, seier Forodden og peikar i fleire retningar. Taxisjåføren freistar å bidra på bosnisk, men gir opp. Til slutt ringer han sonen og får forklaringane sine oversett til engelsk.

Forodden var sjåfør i sanitetstroppen, på Sisu-ambulanse, både i Gorazde, Tuzla og i Sarajevo.

– Her fekk vi pasientar inn i Sisuen og frakta dei til Sarajevo flyplass for evakuering vidare med fly, fortel han.

Bakteppet var at marknaden i Sarajevo blei råka av eit granatnedslag. Over 60 vaksne og barn mista livet, og nærmare 200 blei skadde, fleire av dei alvorleg. Den norske sanitetstroppen blei scrambla og send inn for å hente dei hardast skadde. Forodden hadde frå før vore med på evakueringa av sjukehuset i Gorazde tidlegare på året. No stod ei ny utfordring for tur.

– Eg hadde frå før køyrt Sniper Alley opp, og. Vi hadde fleire gonger reist med lastebil med varer til å byggje FN-hovudkvarteret i 1993, fortel han.

50-åringen var den gongen i 1. kontingent i Kiseljak utanfor Sarajevo.

– Da eg køyrde Sniper Alley den gongen, sette eg den skotsikre vesten i sidevindauget, for snikskyttarane låg på taka frå sidegater og åsar. Det var tryggast å plassere vesten der, fortel han med ettertanke.

Han og kollegaene på sisuen køyrde i skytteltrafikk til sjukehuset, heile tida med skot mot bilen og granatnedslag i nærleiken.

– Det var eit reint helvete, seier han ettertenksamt.

Forodden avslutta til saman to års FN-teneste i Bosnia i november 1994. Da han kom heim til Singås i Sør-Trøndelag, tok han fatt på vanleg jobb igjen. Som transportør og sjåfør fleire stader i Noreg.

Så: I Telemark køyrer Forodden ut av ein tunnel i 2013. Da han kjem ut av tunnelopninga, ser han brått ei «full vegsperring og med soldatar og våpen».

– Det var da eg skjønte at tida i Bosnia hadde sett spor i meg. Da oppsøkte eg psykolog, seier Forodden.

I Telemark køyrer Forodden ut av ein tunnel i 2013. Da han kjem ut av tunnelopninga, ser han brått ei «full vegsperring med soldatar og våpen»​

Han er i dag ufør som følgje av seinskadane og etterverknadene av tenesta, men har likevel ikkje gitt opp å bidra. For Forodden har bestemt seg for å hjelpe veteranar som slit med tilsvarande problem.

– Eg hjelper dei med papirarbeid, med kven dei skal kontakte, og kven som kan hjelpe dei i kontakten med NAV, pensjonskassa og offentlege instansar. Det er godt å kunne hjelpe andre i same situasjon, seier Forodden.

Nå har drosjesjåføren og Forodden lokalisert kvar FN-hovudkvarteret i Sarajevo var på 90-talet.

– Vi køyrde nok forbi der i stad. Men det ligg løynd og er veldig forandra frå den gongen. Så nå drar vi heller tilbake og tar ein øl!​

 

 

_EE55295 2_EE55295 2http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE55295 2.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=280GLEDESTÅRER: Oversjukepleiar Halima Sijercic og Sigrun Aas klemmer hverandre.
_EE55266_EE55266http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE55266.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=281MINNE: Utanfor sjukehuset i Gorzade viser bosniske sjukepleiarar fram fotoalbuma sine for deg norske veteranane. Frå høgre: Kåre Brændeland, Unni Vindheim, bosniske Amra Muftic, Sigrun Aas og bosniske Azemina Bascelija.
_EE54749_EE54749http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE54749.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=285
_EE55032_EE55032http://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/_EE55032.jpghttp://forsvaretsforum.no/forum-media/PubImages/Forms/DispForm.aspx?ID=284


Publisert 23. desember 2016 01:08.. Sist oppdatert 7. februar 2017 14:31.

 Les flere utlandssaker

 

 

– Europa trenger ikke to prosent<img alt="" src="/forum-media/PubImages/IMG_0359liten.jpg" style="BORDER:0px solid;" />– Europa trenger ikke to prosentLandene i EU må ikke bruke 2 prosent av brutto nasjonalprodukt på forsvar, mener forsvarsekspert. Han tror de kan få like mye forsvar ut av 1,5. http://forsvaretsforum.no/–-europa-trenger-ikke-to-prosent
Libanon<img alt="" src="/forum-media/PubImages/unif0030.jpg" style="BORDER:0px solid;" />LibanonFor 40 år siden dro de første norske FN-soldatene til Libanon. For 20 år siden kom de siste soldatene hjem. Få med deg alle reportasjene og artiklene våre om Libanon her. http://forsvaretsforum.no/libanon
Den siste<img alt="" src="/forum-media/PubImages/Libanon_Drøbak_001.jpg" style="BORDER:0px solid;" />Den sisteEllen Ferdinandsen var den første kvinnelige geværlagføreren i Libanon. Og den siste soldaten fra Norbatt som mistet livet. http://forsvaretsforum.no/libanon/den-siste