Minst sju politifolk drepne i Afghanistan

Ei sjølvmordsbombe og eit anna angrep har kosta minst sju afghanske politifolk livet, opplyser tenestemenn.

Publisert

Ein politisjef og tre medlemmer av livvakta hans vart drepne då ein sjølvmordsbombar i bil utløyste sprengladningen sin i provinsen Nangarhar tysdag morgon. Angrepet skjedde ved ein marknad i byen Khewa.

Elleve personar – ni sivile og to medlemmer av tryggingsstyrken i landet – vart såra, seier ein talsmann for provinsguvernøren.

Så langt har ingen teke på seg ansvaret for angrepet, men både Taliban og IS er aktive i regionen.

Minst tre andre politifolk vart drepne i provinsen Zabul sør i landet, då opprørarar angreip kolonnen deira, ifølgje styresmaktene. Dei legg skulda for angrepet i distriktet Shankia på Taliban.

Afghanistan har opplevd ein auke i valden den siste tida. Lokale grupper knytte til IS hevdar å stå bak brorparten av angrepa.

Dei væpna styrkane i landet har òg gjennomført angrep mot Taliban, men forsvarsdepartementet har ikkje vilja gi nokon detaljar.