VETERAN: I 2014 tok Forsvarets forum med den da 96 år gamle Monrad Mosberg tilbake til Sword Beach på D-dagen.Foto: Christian Nørstebø/Forsvarets forum
Fred og fridom er ikkje gratis
Det største offeret ein borgar kan gjera for landet sitt er å delta i strid på landet sine vegne, skriv Jens Håkon Birkeland.
Jens HåkonBirkelandFylkesleiar Vestland Unge Venstre
Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
8.mai er det 76 år sidan krigen i Europa tok slutt og Noreg igjen vart fritt etter fem år med nazi-okkupasjon. 8.mai er ein for å minnast alle dei som risikerte og gav livet sitt i kampen for fridom. Etter kvart som det blir færre og færre tidsvitner igjen, blir det endå viktigare for oss som blir igjen å minnast kva verdiar det var dei kjempa for, og ikkje minst kva det var dei kjempa mot.
Annonse
Den freden og fridomen som me nyt so godt avi dager ikkje komen av seg sjølv. Den eksistera ikkje i eit vakuum, og er noko som må forsvarast og hegnast om kvar einaste dag. Me må aldri gløyma at fridomen og alle dei verdiane som me er så stolte av i dagens samfunn, eksistera berre so lenge me har evne – og ikkje minst vilje til å forsvara dei.
Ein må arbeide meir aktivt imot at psykiske plagar blir tabu, og omfanget av psykiske skader må kartleggast
I strid på landet sine vegne
Det største offeret ein borgar kan gjera for landet sitt er å delta i strid på landet sine vegne. Mange veteranar som har kome heim frå teneste kan koma til å slita med psykiske problem, eller ha pådratt seg andre skadar. Då har me som eit samfunn ei plikt til å sjå til at desse får tilstrekkeleg oppfølging og eventuelt erstatning.
Og at dei som slit etter teneste ikkje blir oversett eller mistenkeleggjort, men møter anerkjennelse og får oppfølging med tilstrekkeleg med ressursar.
Ein må arbeide meir aktivt imot at psykiske plagar blir tabu, og omfanget av psykiske skader må kartleggast
Erstatningsordningane må også bli meir tilgjengelige, og ein må sikra at krav til bevisføring tar høgde for at dokumentasjon for skadetidspunkt kan vera vanskeleg å skaffa.
Takk for fridomen
Til lukka med den viktigaste dagen i året! Fred og fridom er ikkje gratis og må aldri takast forgjeves.
Til alle som stod opp og kjempa mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig, og alle veteranar og stadig tenestegjerande sidan; Takk for fridomen.