Meninger

KAMP: På ein dag som denne er det riktig å senda ein tanke til alle dei i Ukraina, som i dag kjempar ein kamp – ikkje berre for sin eigen fridom, men for heile den frie verda.

For fred og fridom

Til alle som stod opp og kjempa mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig, og alle veteranar og stadig tenestegjerande sidan: Takk for fridomen.

Publisert Sist oppdatert

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

8. mai markerer 78 år sidan krigen i Europa tok slutt og Noreg igjen vart fritt etter fem år med nazi-okkupasjon. 8. mai er ein dag for å minnast alle dei som risikerte og gav livet sitt i kampen for fridom. Etter kvart som det blir færre og færre tidsvitner igjen, blir det endå viktigare for oss som blir igjen å minnast kva verdiar det var dei kjempa for, og ikkje minst kva det var dei kjempa mot.

Det siste året har verkeleg vist at fridom aldri kan takast for gitt.

Den freden og fridomen som me nyt so godt av i dag er ikkje komen av seg sjølv. Den eksistera ikkje i eit vakuum, og er noko som må forsvarast og hegnast om kvar einaste dag. Me må aldri gløyma at fridomen og alle dei verdiane som me er så stolte av i dagens samfunn, eksistera berre so lenge me har evne – og ikkje minst vilje til å forsvara dei.

På ein dag som denne, er det ogso riktig å senda ein tanke til alle dei i Ukraina, som i dag kjempar ein kamp – ikkje berre for sin eigen fridom, men for heile den frie verda. 78 år etter at demokratiet og dei verdiane me heldt so kjært sigra, truar nok ein gong eit fascistisk regime den frie verda.

Det kviler oss eit tungt ansvar

Samstundes som dei som kjempa mot nazistane vert færre og færre, kviler det ogso eit stadig større ansvar på dei av oss som vert att. Vårt ansvar stoppar ikkje berre ved å minnast kva dei gamle gav. Vårt ansvar går lenger. Me har eit ansvar for å stå opp for og forsvara den verda og dei verdiane dei gav oss.

I forsvar av den verda som dei, gjennom sitt offer og sin kamp, gjorde mogleg. Ikkje berre moralsk, men og med makt. Skal me møta dette ansvaret må me skapa oss eit forsvar desse verdiane verdig. Forsvarskommisjonen sine tilrådingar må følgast opp, og Forsvaret, totalforsvaret og beredskapen må styrkast.

I strid på landet sine vegne

Det største offeret ein borgar kan gjera for landet sitt er å delta i strid på landet sine vegne. Mange veteranar som har kome heim frå teneste kan koma til å slita med psykiske so vel som fysiske problem, eller ha pådratt seg andre skadar. Her har me som eit samfunn ei plikt til å sjå til at desse får tilstrekkeleg oppfølging og hjelpa eller erstatninga dei har krav på. Og sjølv om dette arbeidet har kome eit stykke dei siste åra, so har me enno ein lang veg å gå før me er i mål.

Dei som slit etter teneste skal ikkje verte oversett eller mistenkeleggjort, men at skal møta anerkjennelse og få oppfølging med tilstrekkeleg med ressursar. Ein må arbeide meir aktivt imot at psykiske plagar blir tabu, og omfanget av psykiske skader må kartleggast.

Erstatningsordningane må også bli meir tilgjengelige, og ein må sikra at krav til bevisføring tar høgde for at dokumentasjon for skadetidspunkt kan vera vanskeleg å skaffa. Skal me klara å eit forsvar for framtida, må me ogso visa at me klarar å ta vare på dei som har tenestegjort.

Takk for fridomen

Til lukka med den viktigaste merkedagen i året! Fred og fridom er ikkje – og har aldri vore, gratis og må aldri takast for gitt.

Til alle som stod opp og kjempa mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig, og alle veteranar og stadig tenestegjerande sidan: Takk for fridomen.

Powered by Labrador CMS