Vi blei med Erling Lorentzen tilbake til operasjonsområdet under 2. verdskrig.

Under 2. verdskrig var dekknamnet «Arnfinn»

Gjennom bilvindauget følgjer Erling Lorentzen med på terrenget. Vi nærmar oss!

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over tre år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Denne reportasjen vart fyrst publisert i F5 i 2019. Erling Lorentzen døydde 9. mars 2021.

***

Opp Votndalen, ein avstikkar frå Hallingdal, og vidare opp mot Leveld. Her var det krigshelten Erling Lorentzen, med dekknamnet «Arnfinn», etablerte den første basen sin i 1944.

Den 1. mai tok han toget frå Bergen og gjekk av på Ål stasjon. Nokre dagar tidlegare hadde ubåtjagaren Vigra bringa han og nokre andre spesialsoldatar frå kompani Linge over Nordsjøen frå Shetland til det okkuperte Noreg.

Operasjonen han skulle leie, hadde nesten vorte ein katastrofe før han starta. Da dei i all løyndom vart landsette, oppdaga Lorentzen ein tysk patruljebåt som passerte like ved den staden der Vigra låg kamuflert.

Heilt fram til frigjeringa skulle Hallingdal vere operasjonsområdet for den unge motstandsmannen.

Første gong attende

Bilen stoppar framføre ei lita hytte med fantastisk utsyn. Den 96 år gamle krigsveteranen nærmast hoppar ut av bilen for å ta hytta nærmare i augesyn.

Erling Lorentzen blei 98 år gamal. Han døydde 9. mars 2021.

– Jo, her er det! Hit kom eg i 1944, for 75 år sidan!

Det er første gongen han er attende.

– Eg har hytte i Hallingdal, men etter frigjeringa har eg aldri vore attende på denne staden. Ei sterk oppleving, seier ein litt rørt «Arnfinn» til Forsvarets forum.

– Her i Hallingdal er du nok best kjend som berre «Arnfinn», slår Tore Bøygard frå Ål kommune fast og inviterer det vesle følgjet inn i hytta.

– Det er litt annleis her nå enn da eg var her sist, men eg kjenner meg att. Dette er berre heilt utruleg, seier Lorentzen.

Heimestyrkane

HYTTA: Erling Lorentzen i døra på hytta der han hadde sitt hovudkvarter.

I solveggen diskar den nye distriktssjefen for Telemark og Buskerud heimevernsdistrikt, oberstløytnant Morten Sundal, opp med kaffi og rundstykke. Alt er duka for ein unik historietime med HV-personell og spesial-soldatar som tilhøyrarar.

– Vi freista alltid å skjule oss i det vanlege, fortel Erling.

– Etter at vi hadde sett beina på norsk jord, tok vi kystbåten til Bergen. Her fekk vi papira våre. Noko av det første eg gjorde da eg kom hit, var å lære meg litt halling. Det å snakke dialekt gjorde at eg lettare fekk innpass og samstundes vart litt borte. Det er faktisk ord på Gol som dei ikkje brukte i Ål. I området eg hadde ansvaret for, hadde ordet potet sju forskjellige namn.

– Men er jo ein fin måte å få variasjon i kosthaldet på, repliserer Sundal med ein smil.

– Da eg kom hit, var eg 21 år gamal, held Erling fram.

– Dekkhistoria mi var at eg var ein student som hadde rømt unna arbeidsteneste, men oppdraget var å byggje opp heimestyrkane i Hallingdal. Noko motstandsarbeid var etablert før vi kom, men vi skulle organisere, rekruttere og trene heimefronten. Våpeninstruksjon var eg i gang med før det hadde gått ei veke, fortel han.

Flydropp

Bergensbanen gjorde at staden var strategisk viktig. Etter kvart som dei fikk utstyr, vart det også utført ein del sabotasjeverksemd.

HYTTA: Erling Lorentzen fortel HV-soldater om korleis han leia Milorg frå hytta.

– Tre gonger var eg med på å ta imot utstyr som vart sleppt frå fly i konteinarar. I alt trur eg vi fekk 30 slepp. For oss var dette materiellet utruleg viktig. Nå kunne vi både trene og aksjonere. Til slutt var vi 800 mann med våpen, og halvparten hadde uniform. Du kan jo sjå på det som litt av starten på Heimevernet i Hallingdal, seier Erling og kikkar bort på «etterkommaren» sin.

For 75 år sidan var det «Arnfinn» som leidde milorg i dette området.

– Vi er nok dessverre ikkje så mange i dag, svarar Sundal med ettertanke, men legg ikkje skjul på kor imponert han er over den stå på-viljen og dugnadsanden som HV-mannskapa hans syner.

– Som ung mann hadde du mykje ansvar?

TILBAKE: Erling Lorentzen tilbake i Hallingdal der han under 2. verdskrig vart betre kjend under dekk-namnet «Arnfinn».

– Ja, men vi fekk god hjelp av fleire i bygda. Hallvard Grøgard var ein av dei eg hadde mest kontakt med. Han passa godt på meg. Etter å ha lært hallingdølane å kjenne oppdaga eg at dei hadde eit anna forhold til tid enn det eg var van med. Dersom ein jobb måtte gjerast i morgon, kontakta eg ein Oslo-kar, men hadde eg ti dagar på meg, så var hallingen førstevalet, fortel Lorentzen.

Det meste av tida var han på farten. I lange periodar sov han ikkje to netter i same seng. Fleire gonger i veka rapporterte han til England. Dei første sabotasjeaksjonane fann stad oppe ved jernbanestasjonen på Hol.

– Der aksjonerte eg tre gonger på same staden. Vi hadde fått beskjed om ikkje å øydeleggje sjølve jernbanen, men tankvognene som gjekk over fjellet, kunne sprengast. Vi plasserte eksplosivar på vognene med ei lunte som gjorde at dei eksploderte etter åtte–ti minutt. Etter tilhøva klarte vi oss ganske bra, men vi hadde dessverre også nokre tap, seier Lorentzen.

FSK-kapasitet

Mannskapet på Bell-helikop-teret som stod for den taktiske innsettinga av heidersgjesten opp på fjellet, gjer seg klar til heimreisa. På vegen attende har dei ei lita overrasking til Lorentzen. Dei sirklar eit par rundar over den staden der han for 75 år sidan tok imot fallskjermdropp med våpen og materiell.

– Dette er ein av dei første turane etter at Forsvarets spesialstyrkar (FSK) fekk eigendedikert helikopterkapasitet. Dette er ein etterlengta ressurs som spesialstyrkene med dagens trus-selbilete er heilt avhengig av, seier NK for Forsvarets spesialstyrkar, flaggkommandør Johan Christian Harstad.

– Med den nye organisasjonen kan sjef for Forsvarets spesialstyrkar utøve taktisk kommando over 339 Special Operation Aviation Squadron (SOAS), som er ein del av 134 skvadron. Sjeldan har eit høve til å trene taktisk flyging vore meir historisk, seier Harstad.

Powered by Labrador CMS