Skiretretten til grenserøys 106

No er endeleg heile den 600 kilometer lange retretten frå Vemork til Sverige kartlagd.

Publisert

Denne artikkelen er over to år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dei venta til vaktskiftet var over.

Den monotone summinga frå fabrikken til Norsk Hydro tok over natta til 28. februar 1943, som den hadde gjort det alle netter sidan fabrikken var ny.

Ein vakt sat i tungtvassrommet åleine, sivil nordmann som han var.

Om tankane om ny sabotasje hadde vore hos tyskarane ei tid etter det mislykka forsøket på å sabotere tungvassanlegget, var vakthaldet no blitt rein rutine. Det var ei natt som alle andre.

Men sabotasjegruppa Gunnersida, leia av Joachim Rønneberg, gjekk saman med forpartiet til aksjon den natta. Dei nytta litt tid på å kome til målet. Men den notoriske planlegginga på modellen i England betalte seg.

To kraup inn ei sjakt, og ein annan, Birger Strømsheim sparka inn eit vindauge medan Rønneberg og Fredrik Kayser la ladningane.

Dei fekk ut den sivile vakta før det smalt, og heile partiet kom seg av garde i natta. Ein av dei mest kjende sabotasjeaksjonane i soga var gjennomført. Ein av dei seks i Gunnerside, Knut Haukelid, skulle vere attende på Hardangervidda. Det skulle òg nokre frå forpartiet Grouse, eller Swallow, som dei endra namn til.

Mykje av denne soga er sjølvsagt godt kjend no. Boka til Knut Haukelid om aksjonen gjekk i fleire opplag frå 1940-talet og utover.

Det finnes biografiar om dei fleste av deltakarane.

To filmar og ein fjernsynsserie har det blitt, og leiter ein i gamle radioarkiv kan ein høyre Joachim Rønneberg sjølv fortelje om soga frå London rett etter krigen.

Ein skulle tru at tema var parkert for lenge sidan. Men nye folk har nye vinklar, og i desse dagar kjem Tom Lium med boka «Tungtvannssabotørenes retrett 1943. 600 kilometer frå Vemork til Sverige.»

Tungtvassanlegget på Vemork.

Mykje nytt

Alt i tittelen er det nyhende. Rønneberg skreiv sjølv i sin ganske utfyllande rapport at retretten var omtrent 400 kilometer.

Lium har kartlagt og fått målt løypa av tre frivillige frå Heimevernet, og resultatet er klart – turen var 200 kilometer lengre enn kva Rønneberg trudde då han leverte rapporten i april 1943.

Og no etter alle desse åra kan me endeleg få greie på kor dei gjekk, sov og braut seg inn under turen som varte frå 4. mars til dei kryssa inn i Sverige ved grenserøys 106, 18. mars 1943.

Men turen stoggar ikkje der. Lium fyljer dei òg vidare inn i nabolandet, og fram til dei landar trygt attende i Storbritannia.

Gjennom å fokusere på sjølve retretten, spore opp gamle hytter og seterbuer har forfattaren klart å kartlegge ganske nøyaktig kor den lange skituren gjekk. Og det mest spanande av alt er at trass i tidas tann, oppdemming av vatn, nye vegar, endring i landbruket og landskap, så står alle desse bygga framleis. Jamvel om nokre av dei har vorte litt endra sidan 1943.

Ein kan med andre ord, takka vere Lium, fylje ruta frå dag til dag. Ein kan sjå på overnattingsstadene, jamvel om det ikkje høver seg for moderne fjellfolk å bryte seg inn i annan manns eigedom, slik Gunnerside gjorde. Men krigen har som kjent sine eigne reglar. Den gong stod det om livet. No står det om nye turgleder. I alle høve vonar Lium at dette skal verte ei løype med nasjonal interesse. Kanskje ein slags moderne pilegrimsled.

Og alt dette kan sporast attende til synet av eit fjell.

Eit kartutsnitt som syner kor dei overnatta langs ruta. No er det endeleg fullt mogleg å fylje den 600 kilometer lange retretten dag for dag gjennom dalføre og platå.

Fjellet der heime

– Det byrja med at eg fann ut at dei hadde passert ved Synnfjellet, som er rett ved staden kor eg vaks opp. Så fekk eg tak i rapporten til Rønneberg. Her gjer han ei detaljert skildring av retretten.

Forfattar Tom Lium

Synnfjellet ligg i Torpa, midt mellom Valdres og Lillehammer. Men for Lium vart det ikkje nok med å lese rapporten til leiaren av Gunnerside, han ville vite meir. Jamvel om rapporten er detaljert med mange stadnamn og kor dei passerte, og med soger om overnattingar i ulike hytter vart forfattaren snart «a man on a mission», for å seie det på SOE-mål. Han ville finne ut kva for hytter dei hadde vore i og kor retretten hadde gått.

– Eg hadde god hjelp frå lokale historielag, og mange lokale eldsjeler i kring 20 kommunar, og eg har snakka med mange folk. I tillegg har eg hatt hjelp frå Forsvarets spesialstyrkar som forvaltar soga om kompani Linge. Det fyrste eg greidde å finne ut av var kor dei hadde gått i det området kor eg vaks opp. Det skjedde i etterkant av ei markering lokalt i 2018, kor familiemedlemmar til Rønneberg og Kayser var til stades. Eg fekk høyre frå Rønneberg sjølv, som då framleis var i live, at han var glad for at retretten var skilta og markert. Så jobba eg gradvis vidare med heile ruta.

Spor i snøen

Mens dei fem sabotørane tok seg over haug, hammar og dalføre med ski på beina, vart dei i høve Lium sett av ulike folk langs ruta, men ingen av dei sa noko før lenge etter krigen. Som naturleg er etter så mange år, er det ikkje mange att som kunne fortelje om observasjonane som var gjort. Men Lium kom så nær som er mogleg så lenge etter sjølve hendinga:

– Eg snakka med ein kar som hadde sett skispor om natta. Men noko av tanken var at dei skulle gå på ein måte som verka som dei var ei tysk patrulje. Dei var òg gode til å skjule spore i dei hyttene dei overnatta i. Ein stad gjekk dei inn gjennom vindauget, og sette attende kittet etter at dei drog derifrå.

Detaljar som dette er fascinerande. Ein visste frå før at Rønneberg var ein mann som ikkje let ting vere tilfeldige, men det syner seg at han tenkte på det aller meste.

Eg skal til å spørje om rutevalet var godt då det ringer på døra hos Tom Lium.

Hengelåsen som vart broten opp var berre eitt av mange spor Tom Lium fant under arbeidet med boka.

Då han ringer attende har han nyhende. Boka er endeleg komen, og eg får ein fin elektronisk gjennomgang. Han tar for seg det meste som skjedde før opptakten til aksjonen, som SOE si trening, bilete av dei ulike treningsskulane i England og Skottland, samt ein del om sabotørane. Aksjonen er sjølvsagt med, før ein får sjølve turen som er rikt illustrert med gode kart. Desse tar føre seg dag for dag, og det er jamvel ein gamal hengelås som vart broten opp av nokre tunge sabotørnevar. Men attende til ruta.

– Det var nok det beste alternativet med tanke på tyske lokasjonar. Det var ikkje aktuelt å gå mellom Mjøsa og Oslo, og dimed vart det relativt langt nord.

Vil ikkje gløyme

Jamvel om me no kjenner ruta frå hytte til hytte, stoggar ikkje Lium der. Han har òg gjort godt arbeid på andre sida av Kjølen, og funne mykje stoff om sabotørane sitt opphald der. Mellom anna har han bilete av registreringskorta for flyktningar, kor ein ser fem relativt langhåra karar. Han har òg funne ei dagbok frå ein kar som møtte dei kort tid etter at dei kryssa grensa.

Men kva så med sjølve løypa, korleis finn ein den?

– Den er godt merka frå Gudbrandsdalslågen til grensa, men eg voner at dette vert eit nasjonalt prosjekt og at me kan få ei merka løype heile retretten. Med tanke på overnattingar er det fullt mogleg å gjere nokre korte avstikkarar og ta inn på overnattingsstader til dømes turisthytter. Det skal òg vere mogleg å gå ruta om sommaren.

– Eg er audmjuk og takknemleg for å kunne legge fram noko no. Me må ikkje gløyme, er det viktigaste bodskapet, avsluttar Tom Lium.

Den namngjetne retretten er ikkje lengre prega av diskusjon om stadar, hytter, stølar eller vegval, men er no kartlagt så godt som mogleg er i bokform. Så får me sjå om traseen frå Vemork til grenserøys 106 vert det nye store for skigåarar i åra som kjem.

Powered by Labrador CMS