Meninger

FRIGJØRINGSDAGEN: Store folkemengder feiret freden og friheten på Karl Johans gate i Oslo 8. mai 1945.

Takk for fridomen

På ein dag som denne, er det ogso er riktig å senda ei tanke til alle dei i Ukraina, som i dag kjempar ein kamp – ikkje berre for sin eigen fridom, men for heile den frie verda.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

8. mai er det 77 år sidan krigen i Europa tok slutt og Noreg igjen vart fritt etter fem år med nazi-okkupasjon. 8. mai er ein dag for å minnast alle dei som risikerte og gav livet sitt i kampen for fridom.

Etter kvart som det blir færre og færre tidsvitner igjen, blir det endå viktigare for oss som blir igjen å minnast kva verdiar det var dei kjempa for, og ikkje minst kva det var dei kjempa mot.

Dei siste månadane har verkeleg vist at fridom aldri kan takast for gitt.

Den freden og fridomen som me nyt so godt av i dager ikkje komen av seg sjølv. Den eksistera ikkje i eit vakuum, og er noko som må forsvarast og hegnast om kvar einaste dag. Me må aldri gløyma at fridomen og alle dei verdiane som me er så stolte av i dagens samfunn, eksistera berre so lenge me har evne – og ikkje minst vilje til å forsvara dei.

På ein dag som denne, er det ogso er riktig å senda ei tanke til alle dei i Ukraina, som i dag kjempar ein kamp – ikkje berre for sin eigen fridom, men for heile den frie verda. 77 år etter at demokratiet og dei verdiane me heldt so kjært sigra, truar nok ein gong truar eit fascistisk regime den frie verda.

I strid på landet sine vegne

Det største offeret ein borgar kan gjera for landet sitt er å delta i strid på landet sine vegne. Mange veteranar som har kome heim frå teneste kan koma til å slita med psykiske so vel som fysiske problem, eller ha pådratt seg andre skadar.

Her har me som eit samfunn ei plikt til å sjå til at desse får tilstrekkeleg oppfølging og hjelpa eller erstatninga dei har krav på. Og sjølv om dette arbeidet har kome eit stykke dei siste åra, so har me enno ein lang veg å gå før me er i mål.

Dei som slit etter teneste skal ikkje verte oversett eller mistenkeleggjort, men at skal møta anerkjennelse og få oppfølging med tilstrekkeleg med ressursar.

Ein må arbeide meir aktivt imot at psykiske plagar blir tabu, og omfanget av psykiske skader må kartleggast

Erstatningsordningane må også bli meir tilgjengelige, og ein må sikra at krav til bevisføring tar høgde for at dokumentasjon for skadetidspunkt kan vera vanskeleg å skaffa.

Takk for fridomen

Til lukka med den viktigaste merkedagen i året! Fred og fridom er ikkje – og har aldri vore, gratis og må aldri takast for gitt.

Til alle som stod opp og kjempa mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig, og alle veteranar og stadig tenestegjerande sidan: Takk for fridomen.

Powered by Labrador CMS