Meninger

VETERAN: Joachim Rønneberg var en norsk motstandsmann under 2.verdenskrig. Etter krigen fikk Rønneberg alle de norske og allierte militære utmerkingene. Dette bildet ble tatt i 70-årsdagen for tungtvannsaksjonen mot kraftanlegget på Vemork.

Dikt: Veteran

Ei skisse frå hausten 2017 til minne om Joachim Rønneberg (1919 - 2018)

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Veteranen hadde reist til staden med minnestøtta for falne. Han nærmar seg hundre, no blottar han hovudet.

Dressa for stunda står han stram, mørk i kleda, grå i håret og held sixpencen sin i handa. Det er ingen prangande plass, men roleg og fin med høge trær til skygge for sol og støy, og ly for tankar –passar ein beskjeden kar bra.

Minnesteinen er låg og brei, ligg støtt på bakken er ikkje ordrik, men har - slike som høver når få ord skal vitne om mykje:

De kjempet de falt, de gav oss alt.

På dette sted ble norske patrioter skutt 1940-1945.

Ved sida av minnesteinen, to smale, høge - nett som ei æresvakt plassert der for æva, og akkurat no - pluss ein ekstra soldat.

Han overlevde; han bøyger hovudet lite grann og minnest kameratar som fall. Tar også med seg i tankane alle dei ukjende som forsvann.. på havet, og andre stader.

Kringom han slepp trea fleire og fleire blad, snart står dei ribba med sotgråe stammer og svarte greiner.

Ein gartnar kjem for å fjerne lauvet på gangvegen like ved, det kviskrar som silke i mjuke blad, og knitrar som turt papir av anna.

Kor lengje vil nokon hugse ein krig, undrar han, veteranen og tek på seg sixpencen att. Må ikkje bli sjuk, vil leve...enno eit tak; og det kan han vel - karen er av det seige slaget.

Om våren bryt tusen små scilla fram i skråninga bakanfor støtta og symboliserer tårer, seier guiden -mange lyt leve med sakn. Slik er verda.

Ofte har vi det travelt, men det finst dagar å minnast, ein dato kvart einaste år. No har også helten frå Vemork vandra. Ein særskild takk til Joachim Rønneberg forblad han skreiv i boka om norsk historie, blad som aldri visnar.

Powered by Labrador CMS