Nyheter

Planar for Noreg. Dette var kva britane tenkte om operasjonar i Noreg seint i 1941, med Provatoroff si avreise ville SOE òg få til operasjonar i Finnmark, som den gong låg utanfor rekkevidde.
PLANAR FOR NOREG: Dette var kva britane tenkte om operasjonar i Noreg seint i 1941, med Provatoroff si avreise ville SOE òg få til operasjonar i Finnmark, som den gong låg utanfor rekkevidde.

Lærdommen frå eit mislykka Russlands-samarbeid

Under Den andre verdskrigen prøvde britanes Special Operations Executive å samarbeide med Sovjetunionen, jamvel om operasjonar i Finnmark, utan stort hell. Lærdommane frå den gong er framleis aktuelle.

Publisert

Den 10. mars 1942 kasta konvoi PQ 13 loss frå Loch Ewe på den skotske vestkysten. Målet for konvoien var å frakte viktige krigsforsyningar til Murmansk i dåtidas Sovjetunionen.

Overfarten mot aust var lang og brokete. Konvoien nytta dagar på fyrste etappe som gjekk til Reykjavik. Her slutta fleire eskorteskip seg til før dei sette kursen mot det endelege målet i aust 20. mars.

Dei fyrste dagane etter at dei forlét Island gjekk alt utan problem, men på den fjerde dagen kom stormen rullande inn. Den raste i fire dagar. 

På dei fire dagane sette naturkreftene sine spor. Medan vinden rasa vart konvoien spreidd ut i eit felt som strakk seg over 150 nautiske mil.

Då stormen løya og sikten klarna, var det nokre av båtane som fekk auge på ukjende fartøy i horisonten. Det vart snart klart at det var tale om ei styrke på tre tyske Narvik-klasse destroyerar. Under vassflata var det òg aktivitet frå tyske ubåtar som hadde gått ut frå Noreg, i tillegg fekk den tyske krigsmarinen støtte frå lufta. Stilla etter stormen varte ikkje lenge.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Over tre dagar mista konvoien fem skip: to senka av Luftwaffe, ein av ein destroyer og to vart ekspederte av ubåtane. Dei overlevande gjekk i livbåtane i det kalde Barentshavet. Nokre forsvann i djupet der oppe i nord. Andre klarte å ta seg til land. 

Finnmarksplanar

Ein av dei overlevande var den 39 år gamle Vladimir Provatoroff. For han venta internering og fangenskap. Det skulle vare krigen ut. Som namnet indikerer vart han fødd i Russland, nærare bestemt i Moskva. Ikledd marineuniform var han tilsynelatande berre ein integrert del av mannskapa til konvoien.

Men Provatoroff var ein mann med eit hemmeleg oppdrag for den britiske hemmelege hæren Special Operations Executives (SOE) Sovjetavdeling. Han skulle vere i Murmansk som sovande agent, under dekke av å jobbe for Marinens kontor i den russiske ishavsbyen. På førehand var han trena opp i ulike disiplinar, fleire av dei handlar om sabotasje. 

Valdimir Provatoroff  i marineuniform kort til før den skjebnesvangre avreisa til Murmansk.
SOVANDE AGENT: Valdimir Provatoroff i marineuniform kort til før den skjebnesvangre avreisa til Murmansk.

I papira etter agenten kjem det fram at det var særskild éin by han skulle lære seg å kjenne: Kirkenes. Etter planen skulle han gløyme at han jobba for SOE og føle seg fram i Murmansk. Han skulle tre inn i arbeidet for den hemmelege organisasjonen om britane skulle sette i verk åtak mot Nord-Noreg med base i russiske hamner.

Provatoroff var tilsynelatande ein perfekt mann. Han tala russisk og tysk flytande. Han var ein mann som hadde plenty av pengar etter ei strålande karriære som pelsdyrhandlar. 

Pelshandlaren i Oslo

Det var denne jobben som gjorde at han 9. april 1940 var i Oslo. Her klarde han å rømme frå byen og hamna i Stockholm. Der jobba han ei tid i den britiske legasjonens pressekontor kor han leste russiske aviser eitt års tid.

Då han kom attende til London ville han gjere noko meir. Og SOEs russiske seksjon såg moglegheita å nytte han der nord under djupt dekke. 29. mars var planen alt spolert. Provatoroff kom aldri til Murmansk. I staden sat han i fangenskap krigen ut.

Frå mappa til Provatoroff hos SOE, ein mann som var viljug til å gjere noko meir.
IKKE KOMMUNIST: Frå mappa til Provatoroff hos SOE, ein mann som var viljug til å gjere noko meir.

Etter at operasjonen stranda i Barentshavet, sende SOE opp ein ny mann til Murmansk under dekke av å vere marineoffiser. Opplegget ein hadde i tankane var det same som med den gamle pelshandlaren, men han vart aldri aktivert. Tankane om ein større britisk-russisk operasjon inn i Nord-Noreg blei hengd på tørkeloftet. 

Då konvoien segla nordover, hadde den russiske seksjonen til SOE vore i sving i omtrent eitt år. Alt i mars 1941, medan Sovjetunionen og Tyskland hadde ein ikkje-angrepspakt skreiv SOE eit notat kor det heiter at: «Tiltak mot Russland ikkje er umogleg.» Samstundes såg ein det som umogleg å få på plass ein representant for SOE på den tida.

Løysinga i starten var å nytta land som grensa til Sovjetunionen som springbrett. Estland, Latvia og Finland skulle nyttast mot den nordre delen av landet, medan Tyrkia og Ungarn skulle vere inngangen mot sør. I den fasen vart det stort sett med planane. 

Den gamle spionen vert som ny

I den tidlege tida bestod avdelinga av tre personar. George O. Wiskemann vart henta inn frå den Skandinaviske seksjonen til SOE, han hadde til då jobba mot Finland. Etter litt over ein månad i jobben vart han sendt til Stockholm og gjekk tilbake til sin gamle seksjon.

George Alexander Hill sette fleire spor etter seg i den nye seksjonen. Han vart henta inn frå treningsvingen til SOE, kor han mellom anna hadde losa Joakim Rønneberg og Leif Larsen gjennom spionkurset i Sør-England. 

Hill var alt ein legende i den britiske etterretningsverda og hadde drive etterretning i Russland før og under revolusjonen i 1917, og under den påfølgande russiske borgarkrigen. Han hadde jamvel skrive ei bok om sine eskapadar på den tida. Britane meinte at dei potensielle partnarane i NKVD, den sovjetiske forløparen til KGB, kanskje ville sjå med skepsis på at ein mann som Hill skulle kome til Moskva.

Då Hill kom til byen seinhausten 1941 var Sovjetunionen pressa på alle frontar som eit resultat av den tyske invasjonen 22. juni. Jamvel om NKVD visste det meste om Hill før han kom til byen, var dei fulle av ros over boka han hadde skrive. Dei meinte den var godt balansert.

I tillegg hadde NKVD også ein mann inne i treningsvingen til SOE. Ein av lærarane på kurset i Sør-England, var Kim Philby, som ei rekke år seinare vart avslørt som dobbeltagent.

Hårete mål i Moskva

Hill kom nærast til dekka bord i Moskva. I august drog Dennis Robert Guinness til Moskva for å laga ein avtale mellom SOE og NKVD. Guinness var ein av arvingane etter familien som i si tid starta det namngjetne irske bryggeriet.

Etter eit par rundar med forhandlingar, mellombels hadde Guinness vore i London for å tala om forslaga i London, kom ein avtale på plass. Den sju sider lange avtalen inneheld mykje god vilje om korleis dei to landa skulle samarbeida om undergravande aktivitetar mot dei felles fiendane. Frå Skandinavia til Portugal i Europa, via Sentral-Asia til og med Kina, og jamvel i Nord- og Sør-Amerika. Det vart og sett fast ulike interessesfærar.

Dennis Robert Guinness var mannen som fekk avtalen mellom SOE og NKVD spikra hausten 1941.
SAMARBEIDSAVTALE: Dennis Robert Guinness var mannen som fekk avtalen mellom SOE og NKVD spikra hausten 1941.

For Noregs del vart det lagt mest vekt på at ein skulle gå til angrep på shipping og kraftanlegg, det siste for å minke tilførselen av aluminium og andre sjeldne metall til Tyskland. I sabotasjeoperasjonane mot desse anlegga skulle aldri Sovjetunionen spele nokon rolle. Dei vart styrt og gjennomført frå Storbritannia. 

Britisk etterretning frå det høge nord

Gitt at dei to landa var fiendar alt frå Den russiske revolusjonens dagar, eit tid kor Hill hadde sett sine fotavtrykk i landet, vart aldri samarbeidet mellom SOE og NKVD nokon stor suksess.

Rett nok leverte Sovjet god informasjon om oljelager, fabrikker, våpenlager og forsvarsanlegg til Frankrike. Denne informasjonen var nok i stor grad arbeid som vart utførd av den sovjetiske etterretningsorganisasjonen Det raude orkester.

Samstundes leverte britane informasjon om russiske krigsfangar som var på rømmen, tilstanden i Polen, Romania og om dei tyske forsvarsanlegga i Kirkenes.

Informasjonen om Kirkenes var truleg etterretning britane hadde fått via den norske etterretningsorganisasjonen XU. Det syner at i krigens fyrste fase alt var god norsk etterretning i nord. Det norske agentar i nord henta inn i krigens fyrste år har stort sett gått i gløymeboka.

I ettertid har det vore mest fokus på russisk-trena norske partisanar som vart sette inn i Finnmark seinare i krigen. At britane alt i den tidlege fasen brukte informasjon om Kirkenes som bytemiddel syner at produkta som vart henta inn frå menneskeleg etterretning i Nord-Norge hadde stor verdi for britane.

Moskva testar London

Det mest omfattande samarbeidet mellom dei to organisasjonane fekk ein temmeleg katastrofal utgang. Dei såkalla Pickaxe (Hakke) operasjonane vart lagt fram på bordet ganske tidleg. Det gjekk ut på at Sovjet skulle sende agentar til Storbritannia med konvoiane, og deretter skulle SOE trene dei opp og slepp dei i fallskjerm over det okkuperte Europa. I hovudsak handla det om Frankrike og Austerrike som målområde. 

Då britane fekk dei fyrste agentane var dei i ei skrøpeleg forfatning. Dei mangla papir, høvelege klede og mange var i skrøpeleg form. To austerrikske sosialdemokratar som hadde flykta til Sovjet, vart meir og mindre tvinga ut i felt.

I ettertid konkluderte SOE at desse operasjonane i røyndommen berre var ein måte NKVD testa ut kor langt britane var viljuge til å gå i samarbeidet. Det fekk liten strategisk effekt i krigen.

Når ein les dei mange dokumenta frå den russiske seksjonen til SOE er det liten tivl om at dette aldri fungerte på ein måte som var tenleg for SOE. Det er mogleg NKVD kom betre ut av samarbeidet. Sett vekk frå nokre indiske agentar som Sovjet ga britane frå Afghanistan var det få ting på plussida hos britane.

Ein skal heller ikkje gløyme at Hills hovudkontakt i Moskva var ein ganske ukjend mann kalla Alexander Osipov. I røyndommen heitte han Gaik Badalovitsj Ovakimyan, ein armenar, som gjennom brorparten av 1930-talet hadde jobba som spion i USA med vekt på industrispionasje. Her vart han han sågar vart arrestert. Han vart frigjort kort tid etter den tyske invasjonen av Sovjetunionen. Men det verkar ikkje som om britane nokon gong ana kven Osipov verkeleg var. 

Hardt mot hardt

Soga om den russiske seksjonen til SOE og samarbeidet med NKVD er stort sett brulagt med gode intensjonar på vegen til helvete. Jamvel om ein manglar den russiske sida av saka er det truleg at NKVD kom betre ut av samarbeidet enn SOE gjorde. Men i konklusjonen til seksjonssoga til SOE er det mange innsikter om Russland som peiker fram mot verda i dagog den pågåande konflikten i Ukraina.

Før me kjem dit, er det òg nokre ting som kastar nytt lys på norsk krigssoge. Det har så langt ikkje vore kjend at SOE hadde planar om å driver operasjonar i Finnmark tidleg i krigen. Kva og korleis dette samarbeidet hadde fungert er eit ope spørsmål. Provatoroffs forlis sette ein stoppar for desse planane. Men gitt at han skulle vere «sovande» agent i Murmansk så er det ikkje sikkert at planane var særleg konkrete då han segla ut frå Skottland i mars 1942. 

Dei største innsiktene ligg difor i oppsummeringa til britane etter krigen. Konklusjonen skuggar ikkje unna at begge sider hadde skuld i at samarbeidet aldri vart nokon suksess. Men verken Russland eller Sovjet var ukjend territorium for britane før Den andre verdskrigen.

Den ukjende forfattaren av seksjonssoga skriv om kaptein John Perry, som kom til Russland i 1698 og skreiv boka «The State of Russia» i 1716. Han skildring av russaren var ei kor ein sette dei kulturelle verdiane til andre land høgt. Dette var prega av ei sterk kjensle av mindreverdigheit. Samstundes hadde russaren nærast ei innbakt mistanke mot utlendinganes motiv. Dette gjorde då russarane til ein av dei mest vanskelege nasjonane å forhandla med. 

Respekt

For SOE var dette framleis høve i 1945. Og dei konkluderte at Russlands mistankar om britanes eigentlege motiv var hovudforklaringane for at samarbeidet ikkje bar mykje frukt. I høve SOE hadde russarane alltid en tendens til å sjå etter skjulte motiv, jamvel om det frå britane si side var snakk om rein altruisme. Russarane respekterer den sterke, står i det oppsummeringa.

For å oppnå fruktbare resultat i forhandlingar med russarane hadde det vore meir fruktbart med ei quid pro quo tilnærming, altså teneste mot teneste, meinte forfattaren av avdelingshistoria.

Kort tid før Den kalde krigen braut ut var synet britane hadde på Sovjetunionen at: «verkelegog venleg samarbeid mellom Sovjetarane på alle nivå er framleis ikkje oppnådd av nokon kapitalistisk stat.»

Kanskje ligg noko av forklaringa på britane sitt engasjement for Ukraina i dag nettopp i denne forståinga frå 1945. For Noregs del er soga om den russiske seksjonen til SOE mest eit lite glimt inn i planar. Planar som kunne ha endra dei allierte operasjonane i Finnmark, men som vart senka av ein tysk torpedo der oppe i det høge nord.

Kjelder: SOE-arkivet hos National Archives, Storbritannia

Peter Day. Trotsky's Favourite Spy: The Life of George Alexander Hill

Powered by Labrador CMS