Nyheter

MOTSTAND: I juni 2023 ønskte NorArm å lansere eit nytt kamuflasjemønster, men dei møtte motstand frå Forsvarsmateriell.

SV vil ha svar om teieplikt

Stortingsprepresentant Ingrid Fiskaa vil vite kvifor Forsvarsmateriell inngjekk ein avtale med teieklausul om kontroversielt kamuflasjemønster.

Publisert Sist oppdatert

I eit skriftlig spørsmål stilt i dag til forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp), etterlyser stortingsrepresentant og medlem av forsvar- og utanrikskomiteen Ingrid Fiskaa (SV) årsaka til teieplikta i einavtale mellom Forsvarsmateriell og kamputrustningsprodusenten NorArm Tactical. 

«Er det særlege årsaker til at FMA nyttar seg av ein slik klausul i dette tilfellet, og kva er desse årsakene i så fall?», spør Fiskaa.  

– Openheit om avtalar inngått mellom offentlege aktørar og andre er ein føresetnad for ein opplyst offentleg debatt. Om ein statleg aktør nyttar seg av avtalar dekka av tausheitsplikt bør det vera sterke grunnar til det, skriver hun i en e-post til Forsvarets forum. 

Etter ein tvist om Forsvarets nye kamuflasje mellom selskapet NorArm Tactical, som produserer kamputrustning og Forsvarsmateriell (FMA), inngjekk partane ein avtale om å stoppe produksjonen av det kontroversielle kamuflasjemønsteret.  

Forsvarets forum har tidlegare avslørt at det i ein forliksavtale mellom partane vart inngått ein teieklausul, som hindrar NorArm i å uttale seg i saka mellom dei, og som krev at tekstilane skal destruerast i Pakistan.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

FMA har ikkje svart på spørsmål om kvifor avtala inneheld ein slik klausul.

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram ønskjer ikkje å uttale seg om saka før spørsmålet er vorte svart på i Stortinget. 

Powered by Labrador CMS